Fekk ikkje rett lønn til rett tid

Fleire av dei 27 terminalvaktene ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har ikkje fått lønna si på den dagen dei blei lova. Tillitsvald Joachim Moe Graff gir innføringa av det nye personal- og lønnssystemet POLS skulda for dette. Lønningssjef Trond Ryd har engasjert ti ekstra personar for å få unna ekstraarbeidet vanskane har ført til.

FEKK IKKJE LØNN: Terminalvaktene Robert Bauck Hamar (t.v.) og Joachim Moe Graff fekk ikkje utbetalt lønn til rett tid
Foto: Ola Sæther

- Det er difor rein løgn når prosjektleiar Jan Thorsen hevdar at dei har klart å oppfylla målet om rett lønn til rett person til rett tid, seier Joachim Moe Graff til Uniforum. Han er tillitsvald for terminalvaktene på MN-fakultetet og arbeider som terminalvakt i Niels Henrik Abels hus. Alle terminalvaktene får bilagslønn, og Moe Graff fortel at dei får utbetalt lønn tre veker for seint.

- Lønn for arbeid utført i september, skulle normalt ha blitt utbetalt 15. oktober, men den kom ikkje før 3. november, fortel Moe Graff.

- Før sommarferien skjedde akkurat det same. Arbeid som blei utført i april, skulle me ha fått lønn for 23. mai, men me fekk utbetalt lønna rundt 1. juni, seier Moe Graff. Det har også ført til problem for dei, når det gjeld kor mykje dei skal betala i skatt.

- Nokon hadde blitt trekt for mykje i skatt fordi Lønningsseksjonen hadde brukt veketabellen i staden for månadstabellen. Sidan me vanlegvis tener rundt 3000-4000 kroner i månaden, blir det mykje skatt av det, viss dei registrerer det som vekelønn, konstaterer han. Fleirtalet av terminalvaktene er studentar ved Institutt for informatikk. Dei leverer timelister over alle vaktene sine til Lønningsseksjonen.

- Klarer ikkje å halda eigne fristar

- Og problemet oppstår etter at timelistene er leverte. Det viser at det er Lønningsseksjonen som ikkje greier å utbetala pengar når dei skal. Det vil seia at seksjonen ikkje klarer å halda sine eigne fristar, sjølv om dei er offentleggjorde på heimesidene til POLS-prosjektet, seier Moe Graff.

Han meiner dessutan at dette er brot på avtalen mellom UiO og terminalvaktene.

- Ja, det er klart at det er brot på arbeidskontrakten vår, som seier at dersom timelista er levert seinast den 25. i ein månad, skal lønna vera på konto seinast den 15. månaden etterpå. Tidlegare hadde me ein munnleg avtale, men no inngår me berre skriftlege avtalar, lovar han.

Arbeidstida hans utgjer rundt ti timar i veka, medan dei fleste terminalvaktene arbeider mellom seks og 12 timar i veka. Arbeidet deira går ut på å passa på at datamaskinene og skrivarane er i god stand og å rettleia studentane i faglege og tekniske spørsmål. Terminalvakt Pål Enger i Kjemibygningen stadfestar opplysningane til Joachim Moe Graff.

- Sidan eg alltid passar på å ha ein økonomisk buffer, går det ikkje ut over min privatøkonomi, men det er klart det er ergerleg likevel. Det er svært slitsamt ikkje å få lønn når du skal ha den, meiner han.

Prosjektleiar Jan Thorsen avviser at han har snakka mot betre vitande i Uniforum av 12. oktober.
- I innleiinga av artikkelen står det: "Resultatet har blitt at mange UiO-tilsette ikkje har fått tilbakebetalt reiseutlegg og andre utgifter tidsnok." Eg trur det er dekkande for det eg sa, skriv Jan Thorsen i ein e-post til Uniforum.

- Uheldig situasjon

Lønningssjef Trond Ryd vedgår at innføringa av det nye personal- og lønnssystemet har tatt lenger tid enn venta.

- Dette er ein uheldig situasjon, men no har me tilsett seks Manpower-vikarar, som gjer enkle registreringar. I tillegg har me oppretta fire mellombelse stillingar for å ta unna dei største toppane manuelt. Difor har me 50 prosent fleire stillingar enn normalt, fortel han. Samtidig som dei skal løysa problemet, har det også ført til ein del andre problem.

- Dei nye personane måtte lærast opp, og difor har det også vore ganske ille den siste tida. Likevel ser det ut til at me klarer å ta igjen etterslepet, slik at me kan ha ei normal drift frå midten av november. Då skal me også vera godt nok budde på å ta dei toppane som alltid dukkar opp på slutten av året.

.

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk, LØP Av Martin Toft
Publisert 9. nov. 2006 09:35 - Sist endra 10. des. 2008 14:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere