I dag måndag 20. november skulle det sivile søksmålet som Reza Azhadarzadeh hadde varsla mot Universitetet i Oslo ha gått for Oslo tingrett. Då han kom dit, var det ingen representant for universitetet der. Det var Uniforum som først kunne fortelja han at UiO hadde trekt heile saka fordi Farmasøytisk institutt altså hadde funne ut at han hadde gyldig fråvær på den siste eksamenen han skulle ha tatt der.
- Det er skummelt, er den første reaksjonen han kjem
med.
- Etter to år finn dei ut at dei gjorde ein feil då eg mista
studieplassen min. Dei har faktisk øydelagt livet mitt. Eg er
både trist, letta og glad. Saka burde ha vore løyst
tidlegare. For meg har dette nemleg vore ein lang og slitsam
prosess. Eg synest saka viser at studentar må ha betre
tilgang til juridisk hjelp.
- Vil du takka ja til tilbodet om å få tilbake studieplassen din?
- Eg orkar ikkje å sjå folka på instituttet lenger. Dei må koma med ei betre løysing. Det er både skummelt og sjokkerande for eit universitet å gå fram på den måten. Ein instituttadministrasjon må vera meir seriøs med den informasjonen som den gir til studentane.
- Kjem du til å krevja endå meir i erstatning?
- Det kan eg ikkje seia noko om no.
Rot i papira
Det var altså rot i papira ved Farmasøytisk institutt som gjorde at den siste eksamenen Reza Azhadarzadeh tok der, blei registrert som hans femte stryk på farmasistudiet. Dermed ville han ikkje fått høve til å ta fleire eksamenar, sidan det er grensa for kor mange stryk ein student kan ha i løpet av studiet.
Grunnen til at han ikkje fullførte kurset, var at han fekk bronkitt. Difor leverte han også legeerklæring og legen hans bad i tillegg om at han måtte få tilrettelagt undervisning.
- Hadde gyldig fråvær
- No viser det seg ved ein ny gjennomgang at han hadde gyldig fråvær, og han kan dermed få studieplassen tilbake og kan også ta ein ny eksamen. Det er svært leitt, det som har skjedd, seier studiedirektør Monica Bakken.
Ho stadfestar også at Reza Azhadarzadeh skal sleppa å betala utgiftene han har hatt til advokat.
- Universitetet i Oslo skal sjølvsagt betala alle advokatutgiftene, slik som regelen er i denne typen saker, understrekar ho.
Fekk tilbod om 70 000
Tidlegare har UiO tilbydd Reza Azhadarzadeh 70 000 kroner i forlik for ikkje å studera på Blindern.
- Møtet varte i fire timar. Eg følte at dei ville tvinga meg til å skriva under, men eg nekta, fortalde Azhadarzadeh til Klassekampen 25. september i år. No får han altså studieplassen tilbake.
Logg inn for å kommentere