- Førebels har eg ikkje bestemt kva eg skal bruka desse pengane til, fortel Helene Sjursen til Uniforum. Det er tre europeiske stiftingar, den svenske Riksbankens Jubileumsfond, den tyske Volkswagen Stiftung og den italienske Compagnia di Sao Paolo som deler ut denne prisen, som blei delt ut for første gong i år. Helene Sjursen er nettopp komen tilbake på jobb etter å ha vore ute i svangerskapspermisjon.
- No skal eg engasjera meg for fullt i forskingsprosjektet Reconstituting Democracy in Europe her på ARENA (Senter for Europa-studier), slår ho fast.
Sjølv er ho oppteken av å forska på korleis utanriks- og tryggingspolitikken til EU bidrar til å endra vilkåra for utforminga av den nasjonale utanriks- og tryggingspolitikken til medlemslanda.
- EU er blitt ein viktig internasjonal aktør. Det ser me til dømes i diskusjonen om koordineringa av dei internasjonale styrkane i Libanon og i forhandlingane med Iran om atomprogrammet til det landet, seier Helene Sjursen. Ho meiner at det i stor grad er ein mann som har ansvaret for dette.
- EUs utanrikssjef Javier Solana er det fremste symbolet på kor langt EU har kome i å utforma ein felles utanriks- og tryggingspolitikk. Framveksten av ein slik europeisk tryggingspolitisk aktør har også store konsekvensar for NATO-medlemmet Noreg, seier Sjursen.
Logg inn for å kommentere