Etablerer miljøforskingssenter i Kina

UiO-rektor Geir Ellingsrud opnar 22. november det norsk-kinesiske miljøforskingssenteret SINCIERE i Beijing. - Dette er eit konkret resultat av Kina-besøket til tidlegare rektor Arild Underdal i fjor haust, seier kjemiprofessor Rolf Vogt, som saman med Karen C. Johansen i Forskingsadministrativ avdeling har jobba beinhardt for å få realisert dette prosjektet.

KAN LÆRA: - Eg trur me kan læra kinesarane ein god del om tverrfagleg forsking, seier kjemiprofessor Rolf Vogt.
Foto: Ståle Skogstad

Det norsk-kinesiske miljøforskingssenteret SINCIERE (Sino-Norwegian Centre on Interdisciplinary Environmental Research) er blitt til som eit samarbeid mellom UiO og forskingsinstitutta som skal inn det store miljøforskingssenteret (CIENS) i Gaustadbekkdalen. Også det kinesiske vitskapsakademiet Chinese Academy of Sciences og forskingssenteret Research Centre for Environmental Studies i Beijing blir med på spleiselaget.

Får 1,5 millionar

- Alle institutta på CIENS blei samde om å gi 50 000 kvar til det norsk-kinesiske senteret årleg i tre år. Dermed får me inn 1,5 millionar kroner, noko som vil vera nok til å lønna ein dagleg leiar og truleg også ein sekretær. Også Noregs forskingsråd vil truleg bidra med 750 000 kroner. Dessutan må me ha ein prosjekttilsett i Noreg, seier Rolf Vogt. Likevel klarer han ikkje å gi nok skryt til delegasjonsbesøket til tidlegare rektor Arild Underdal i fjor.

- Det var viktig at UiOs fremste tillitsvalde var med og opna dører. Nettopp det at han var med var hovudgrunnen til at me fekk eit møte med det kinesiske vitskapsakademiet (CAS), som saman med universiteta har ansvaret for å finansiera det aller meste av forskinga i Kina, konstaterer Rolf Vogt.

Kan læra av Sverige og Finland

- Trass i at Noreg har hatt eit reint forskarsamarbeid med Kina sidan slutten av 1980-talet, så har det ikkje skjedd så svært mykje meir enn det. Men svenskane og finnane har inngått eit formelt forskingssamarbeid og deltar difor i fleire store forskingsprosjekt, seier Vogt.

Han synest at dette viser at Noreg truleg kunne ha lært litt av forskingssamarbeidet Finland og Sverige har med Kina. Både Utanriksdepartementet, Miljøverndepartementet og Noregs forskingsråd er svært positive til at me no formaliserer eit offisielt miljøforskingssamarbeid med kinesarane. Det viser at me kan koma langt med gode argument overfor norske styresmakter. Problemet er at Kina er eit utviklingsland som held på å bli eit industriland, så derfor har det blitt vanskelegare å få NORAD til å gi pengestøtte til forskingsbistand i Kina, har han oppdaga. Vogt har likevel stor tru på at senteret blir liv laga.

- Eg trur me kan læra kinesarane ein god del om tverrfagleg forsking. Gjennom våre forskingsgrupper kan kinesiske forskarar med ulik fagbakgrunn koma saman og setja i gang tverrfaglege forskingsprosjekt. Det er det nemleg ingen tradisjon for i Kina, seier Rolf Vogt, som både snakkar litt kinesisk og har budd i Kina. Vertsinstituttet til det nye miljøforskingssenteret blir Research Centre for Eco-Environmental Sciences i Beijing.

- Kina vil løysa forureiningsproblema

- Kva blir hovudformålet med senteret?

- Det blir å driva eit forskingssamarbeid med kinesarane der begge partar stiller på like fot. Kina satsar mange milliardar kroner på forsking og utdanning og universitet over heile verda vil gjerne ha samarbeidsavtalar med dei. Faktisk har mange kinesiske forskarar mykje betre utstyr enn det eg har. Me meiner at nisjen vår er miljøforsking og at me gjensidig kan læra av kvarandre innanfor dette feltet.

- I dag har Kina store forureiningsproblem som dei gjerne vil ha løyst, medan me også arbeider med spørsmål om korleis me kan redusera klimautslepp, tungmetallforureining og hindra nedbrytinga av ozonlaget. Når det gjeld forskinga på effekten av sur nedbør ligg Noreg langt framme, konstaterer Vogt. Han ser også andre viktige oppgåver for senteret.

- Det kan hjelpa til med å rekruttera personar til miljøforskinga og det kan også bli ein katalysator for å få tilgang til meir forskingspengar frå EU, trur han.

Emneord: Internasjonalisering, Miljøforskning, Forskning Av Martin Toft
Publisert 20. okt. 2006 14:07 - Sist endra 10. des. 2008 14:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere