Det var i går Uniforum kunne melda at den nye informatikkbygningen kan bli 200 millionar kroner dyrare enn planlagt. Venstres stortingsrepresentant Odd Einar Dørum meiner at regjeringa bør ta ansvar for denne saka. Han ser det også som positivt at det no blir jobba med å finna ut alle sider ved prisauken.
- Det er bra at UiO og Statsbygg vil ta opp alle sider av dei
ekstra kostnadane med leverandørane. Det viser at dei som
styrer byggjeprosessen tar ansvar, konstaterer han.
Samtidig meiner han at det ikkje går an å byggja eit mindre
bygg enn det som Stortinget har vedtatt.
- Med eit så trangt utdannings- og forskingsbudsjett som me no har, er det sjølvsagt positivt at prosjektet blir ført vidare på 2007-budsjettet. Eg legg til grunn at regjeringa framleis tar ansvar slik at bygget kan gjerast ferdig innanfor tida, seier Odd Einar Dørum.
Logg inn for å kommentere