- Boka har vore mitt liv

- Boka har vore mitt liv, og eg vil halda fram med å bruka biblioteket også etter at eg no går av for aldersgrensa. Er ein ein bokmann, så er ein ein bokmann, seier Jan-Erik Røed, som denne månaden offisielt gjekk av som bibliotekdirektør for Universitetsbiblioteket i Oslo.

PENSJONERER SEG: - Eg skal gjera ingenting anna enn å lesa dei bøkene eg ikkje har fått tid til å lesa, lovar UB-direktør Jan-Erik Røed, som no pensjonerer seg.
Foto: Martin Toft

Jan-Erik Røed byrja å jobba på Universitetsbiblioteket i Oslo for 40 år sidan. Halvparten av tida har han sete som toppsjef. I denne tida har han sett store endringar.

- Dei to største endringane har vore bygginga av eit nytt bibliotek for humaniora og samfunnsvitskap i Georg Sverdrups hus på Blindern og overgangen til elektroniske bibliotektenester. Den siste endringa har revolusjonert måten me jobbar på. 2005 var det første året me hadde fleire abonnement på elektroniske tidsskrift enn på tidsskrift i papir, konstaterer han. Røed er svært nøgd med tala sin klare tale når det gjeld bruken av Georg Sverdrups hus på Blindern.

- Huset hadde 1,5 millionar besøk i 2005, i tillegg var det 4 millionar søk i databasane våre og 2 millionar nedlastingar av artiklar som folk fann på nettsidene til biblioteket. Det er flest studentar som brukar biblioteket, og dei brukar det på ein eksemplarisk måte. Dei viser stor respekt for arkitekturen og innreiinga, og det er sjeldan at me ser teikn på direkte hærverk i denne bygningen, seier Røed.

Flytting og samanslåingar

I løpet av dei åra han har vore direktør har det både vore flytting og samanslåingar.

- Me har klart å redusera talet på bibliotekseiningar frå 85 til 30. Før hadde alle institutta sine eigne bibliotek. No vil forskarane finna dei bøkene dei treng her eller på eitt av fakultetsbiblioteka. Eg synest det har vore ei eventyrleg utvikling av bibliotektenestene, og difor har det heile tida vore morosamt å arbeida her.

- Kvalitetsreforma har også ført til ein renessanse for biblioteket, sidan det blir satsa så sterkt på digitale læringsverktøy. Den største utfordringa for etterfylgjaren min blir nok å vidareutvikla potensialet biblioteket har på dette feltet, slår han fast.

- Korleis gjekk eigentleg skilsmålet mellom Universitetsbiblioteket og Nasjonalbiblioteket føre seg?

- Bakgrunnen var i grunnen konkursen ved Norsk Jernverk i Mo i Rana i 1988. Då var eitt av omstillingstiltaka å oppretta ei nasjonalbibliotekavdeling i Rana. Og då måtte det også bli ei avdeling i Oslo. Den skulle liggja i det dåverande Universitetsbiblioteket i Drammensveien. Dermed blei arbeidet med å fordela buet mellom oss starta, og i 1992 vedtok Stortinget etablering av Nasjonalbiblioteket i Oslo og bygging av nytt UB på Blindern.

- Slik kom byggjearbeidet i gang, og innflyttinga var fullført 2. september 1999, då kong Harald V offisielt opna det nye biblioteket. Alle dei tilsette kunne velja om dei ville halda fram i Nasjonalbiblioteket i Drammensveien eller bli ein del av Universitetsbiblioteket. Berre nokre få valde å flytta til Mo i Rana.

- Kva synest du om bygningen?

- Den har blitt fantastisk bra, og den har blitt ei storstove for Blindern, men Universitetets Aula er likevel framleis storstova for heile universitetet, meiner han.

Don Quijote er favorittromanen

- Du har jobba med bøker heile livet og les bøker i fritida også. Kva er din favorittroman?

- Miguel de Cervantes' Don Quijote er den romanen eg likar best. Men samtidig er romanen All The King's Men av den amerikanske forfatteren Robert Penn Warren den einaste boka eg heile tida les om att, fortel han.

Bokinteressa hans var også ein av grunnane til at UiO og kollegaene hans skipa til eit bokhistorisk seminar som gåve til sjefen dagen før han sa farvel til direktørkontoret.

- Det sette eg stor pris på, og det er ein fin måte å fokusera på den historiske bokskatten til Universitetsbiblioteket, synest han.

Og som pensjonist veit han godt kva han skal gjera.

- I eit Gruk av den danske forfattaren Piet Hein heiter det at "Det er meget for lidet af ingenting på alt for manges program". Så eg skal gjera ingenting anna enn å lesa dei bøkene eg ikkje har fått tid til å lesa. Ja, og eg vil sjølvsagt dukka opp i biblioteket på Lunsj med kultur ein og annan fredag.

Emneord: Fakultetene, Universitetsbiblioteket Av Martin Toft
Publisert 30. okt. 2006 10:36 - Sist endra 10. des. 2008 14:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere