Æresdoktor i Zimbabwe

Språkforskar og redaktør for Norsk Ordbok, Oddrun Grønvik blei denne månaden utnemnd til årets einaste æresdoktor ved Universitetet i Zimbabwe. Bakgrunnen er forskingsarbeidet ho har gjort som forskar og prosjektleiar for å ta vare på og utvikla dei nasjonale språka shona og ndebele i Zimbabwe.

ÆRESDOKTOR: Språkforskar Oddrun Grønvik var årets einaste æresdoktor ved Universitetet i Zimbabwe.
Foto: Martin Toft

I fleire år har ho samarbeidd med forskarar frå UiO, Göteborg og Zimbabwe for å ta vare på og gi ut fagbøker på desse språka. Resultatet av ALLEX-prosjektet har blant anna blitt ni ordbøker, mellom anna ei bok om folkemusikkterminologi på kvart av dei to språka. Og røynslene med dette prosjektet er også brukt i samband med digitaliseringa av Norsk Ordbok.

- Eg synest det er heilt fantastisk at eit afrikansk universitet lyftar fram morsmåla på denne måten. Det er bra at UiO får honnør for noko det har gjort for språk i Afrika, synest Grønvik. Ho trur at ho som norsk forskar har hatt eit fortrinn framfor forskarar som brukar eit av verdsspråka.

- Som nynorskmenneske ser eg at om det ikkje hadde vore for Noregs historie med å reisa eit språk frå grunnen, ville me ikkje ha forstått kva det gjekk ut på. Omgrepet "language raising" har eg relansert både i temaplan og på språkstudiet etter at Olav Rytter for første gong tok ordet i bruk i boka "Slavisk målreising." Og rammene rundt tildelinga av æresdoktoratet var noko heilt anna enn UiOs årfest.

- President Robert Mugabe er også rektor for Universitetet i Zimbabwe og var til stades under seremonien. Den gjekk føre seg på ein stor idrettsplass med over 10 000 menneske til stades, og der skulle det delast ut ulike universitetsgradar til 2500 personar. Sidan eg var den einaste æresdoktoren, byrja dei med meg. Då måtte eg fram til Robert Mugabe og knela ned på ei pute framfor beina hans medan han tok meg på hovudet, før eg kunna halda talen min. Akkurat det var ei ganske selsom oppleving, men gratulasjonsropa frå forskarkollegane mine var det stort å oppleva, fortel ho.

Emneord: Forskning, Priser, Zimbabwe Av Martin Toft
Publisert 30. okt. 2006 09:44 - Sist endra 10. des. 2008 14:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere