- Me treng det samfunnsforpliktande universitetet

- Me treng omgrepet det samfunnsforpliktande universitetet som ein tredje veg mellom det borgarlege humboldtske universitetet og det marknadsstyrte universitetet. Det sa historieprofessor Knut Kjeldstadli i ein debatt i Forskarforbundets regi om framtida til norske universitet torsdag 28. september.

DEN TREDJE VEGEN: - Me treng omgrepet det samfunnsforpliktande universitetet som ein tredje veg, meinte Knut Kjeldstadli.
Foto: Martin Toft

- Dersom universiteta og høgskulane lukkar seg inne, kan dei bli svært sårbare og bli offer for marknadskreftene. Diverre finst det ein svært vulgær argumentasjon i akademia i dag mot alt som smakar av produksjon og næringsliv , syntest Kjeldstadli. Han meinte samtidig at forskarane måtte bli flinkare til å grunngi kvifor dei held på med forsking, og han hadde heller ingenting imot at folk utanfrå av og til ber forskarane om assistanse.

- Oppdragsforsking er OK

- Oppdragsforsking er heilt greitt for meg. Det eg er motstandar av er den utstrekte bruken av programforsking som Forskingsrådet opererer med. På den måten blir det viktig å skriva ein søknad om forskingsstøtte slik at prosjektet passar inn i eit program. Eg tykkjer forsking som forskarane sjølve tar initiativet til, bør få ein større del av forskingsløyvingane, sa han.

Han la også til at det er viktig at ideala til kommunismen i alle fall fungerer i forskinga.

- Alle forskingsresultat skal delast med andre. Ein som har funne fram til ein AIDS-vaksine kan ikkje halda funnet hemmeleg og ta patent på det, poengterte han.

Knut Kjeldstadli var likevel uroa over makta som NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) har fått over den høgare utdanninga i Noreg.

- Det nye overhuset

- NOKUT er det nye overhuset som ligg utanfor politisk styring. Det er det nye verktøyet i dette systemet. Likevel har me delvis klart å halda stanga når det gjeld reformpresset i norsk høgare utdanning. Det er framleis mogleg med vald leiing på universiteta, og det er heller ikkje innført studiepengar på dei høgare lærestadene i Noreg, konstaterte han.

EU tatt på senga

Forskar Åse Gornitzka ved ARENA viste korleis EU-kommisjonen hadde stått på gangen i Bologna-prosessen, som blei sett i gang for å få skapt eit europeisk område for høgare utdanning.

- Det var ei reform som dei europeiske utdanningsministrane tok initiativet til heilt utanom EU-organa. No er EU-kommisjonen komen med i prosessen, på same måte som Forskarforbundets europeiske paraplyorganisasjon også deltar.

- Bologna-prosessen var statane sitt forsøk på å ta kontroll over utdanningspolitikken. EU svarte med å setja i gang det forskingspolitiske manifestet "Education and Training 2010", som var ein del av strategien frå Lisboa-konvensjonen, konstaterte ho.

Ho meinte at årsaka til dette var at aktørar utanfrå har invadert forskings- og utdanningspolitikken i Europa.

- Difor blei det vanskelegare å hevda at universiteta skulle få ei spesialhandsaming. Dei blei sett på som både kulturberande og reiskapar for økonomisk utvikling, fortalde ho.

Åse Gornitzka meinte at dei nordiske EU-landa har påverka EU-kommisjonen.
- EU-kommisjonen har heile tida gjort det klart at dei vil ha studieavgifter på universiteta. Det har dei nordiske landa kvar gong sett bom for, hadde ho registrert.

Eit kritisk forskarsamfunn

Tidlegare rektorkandidat, professor Kristian Gundersen ved Institutt for molekylærbiologi, tok utgangspunkt i det kinesisk uttrykket for kjøpa-og-selja-mennesket.


- I gamle dagar var det lengst nede på rangstigen, medan den offentleg tilsette var høgast oppe. I dag ser det ut som om dette er snudd på hovudet i Kina, meinte han.

Han var også oppteken av at forskarane måtte vera kritiske.

- Det må vera eit kritisk forskarsamfunn både utanfor og innanfor politikken. Forskingsfridomen kan ikkje overleva i eit system der politikken vil ha politisk kontroll og næringslivet økonomisk kontroll over forskinga. I dag brukar eg faktisk meir tid til å forska på korleis eg skal skaffa meg forskingspengar enn det eg brukar på forskinga, slo han fast. Gundersen var dessutan kritisk til måten universiteta blei styrt på av styresmaktene.

- Mål- og planstyringa kan gå heilt ut i det parodiske, som dei gongene Universitetsstyret møter representantane for Riksrevisjonen. Det går ikkje an å måla eit universitet etter faste mål på kort og lang sikt, slik Riksrevisjonen trur, sa han.

- Løyvingane har auka

Nyutnemnd statssekretær Per Botolf Maurseth fekk det siste ordet i debatten. Han meinte at situasjonen for universiteta og høgskulane i Noreg ikkje var så mørk som meddebattantane hans hevda.


- Frå 2001 til 2006 har dei samla løyvingane til universitets- og høgskulesektoren auka frå 14 milliardar til 21 milliardar kroner. Røyndomsskildringa dykkar stemmer nok ikkje heilt, understreka han.

Han vedgjekk likevel at det er langt igjen til å oppfylla målet om at investeringane i forsking og utvikling i 2010 skal utgjera tre prosent av bruttonasjonalproduktet.

- Hovudårsaka er at det blir investert for lite i forsking og utvikling i det private næringslivet, konstaterte han.

Samtidig lova han at regjeringa står fast på prinsippa omu tdanningspolitikken i Soria Moria-erkæringa.

Inga revidering av gradsstrukturen

- Me kjem aldri til å fira på prinsippet om lik rett til utdanning. Difor kjem me aldri til å innføra studieavgifter, sjølv om både EU og OECD har rådd oss til å gjera det, garanterte han.

Han kom også inn på evalueringa av Kvalitetsreforma, og han måtte skuffa dei som hadde rekna med at det kan bli store endringar.

- Me skal studera evalueringa av Kvalitetsreforma grundig. Men gradsstrukturen kjem me aldri til å revidera, sa han på spørsmål frå Uniforum.

Emneord: Internasjonalisering, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 29. sep. 2006 14:07 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere