Må melda frå om sidegjeremål

UiO-tilsette må melda frå om alle sidegjeremål som kan gå ut over hovudstillinga på universitetet. I framtida vil det ikkje bli lovleg å utføra slike gjeremål utan ein skrifteleg avtale med universitetet. Oppdrag og aktivitetar som blir gjorde i fritida blir ikkje omfatta av det nye regelverket. - Det skal ikkje vera tvil om kven ein UiO-tilsett tener, understrekar universitetsdirektør Hanne Harlem.

KLART REGELVERK: - Me må ha eit klart regelverk for å hindra at tilsette tar på seg oppdrag som kan vera i strid med UiOs interesser, seier Hanne Harlem.
Foto: Ola Sæther

Universitetsstyret skal handsama framlegget til nytt reglement for sidegjeremål på møtet i Baroniet Rosendal tysdag 12. september.

Den 11. april 2000 vedtok Kollegiet "Regelverk for biarbeid" for UiO-tilsette. Seinare har det vist seg at dette regelverket ikkje er fylgt opp, og det er grunnen til at det no blir foreslått eit nytt reglement om sidegjeremål ved Universitetet i Oslo.

15. juni 2005 tok dåverande rektor Arild Underdal initiativet til å oppnemna ei eiga arbeidsgruppe under leiing av jussprofessor Frederik Zimmer som skulle koma med eit nytt reglement for sidegjeremål. Gruppa har lagt fram eit heilt nytt regelverk for alle aktivitetar utanom hovudstillinga til dei UiO-tilsette.

Innstillinga har vore på høyring til alle einingane på UiO og til alle fagforeiningane. Ei av nyskapingane arbeidsgruppa foreslår er ei sentral nemnd, Sidegjeremålsnemnda, som skal handsama klager frå dei tilsette på vedtak gjorde av instituttleiar eller annan arbeidsleiar.

I konkurranse med UiO

Generelt skal den tilsette melda frå om alle einskildføretak og delar av selskap han eller ho er involvert i, med unntak av dei tilfella der det ikkje er nokon konflikt mellom verksemda til selskapet og verksemda til universitetet. Elles inneber reglementet at sidegjeremål som inneber bruk av ressursane til universitetet, ikkje er tillate utan ei særskilt skriftleg avtale med UiO. Det same gjeld for sidegjeremål som heilt eller delvis må utførast i normalarbeidstida.

Heller ikkje gjeremål som kan koma i konkurranseforhold til UiOs eiga verksemd og oppdrag av langvarig eller spesielt omfattande karakter, er lovlege utan ein skriftleg avtale med universitetet.

Inhabilitet

Reglementet klargjer også at arbeidstakarar ikkje skal ta på seg oppdrag som kan vera eigna til å skapa tvil om den tilsette sin vilje eller evne til å utføra arbeidet sitt på UiO i samsvar med både føresetnaden og formålet for stillinga og universitetet.

Her blir det spesielt lagt vekt på oppdrag som meir enn sporadisk kan vera eigna til å gjera den tilsette inhabil i saker han eller ho har ansvaret for på universitetet. Tilsette som blir nekta å utføra slike sidegjeremål av arbeidsleiar kan anka avgjerda inn for ei eiga sidegjeremålsnemnd. Den er sett saman av eit medlem som er foreslått av fagforeiningane, eit medlem foreslått av universitetsdirektøren og ein ekstern jurist som skal leia nemnda.

Omfattar ikkje formidling og fritidsaktivitetar

Oppdrag og aktivitetar som blir gjorde i fritida, blir altså ikkje omfatta av det nye regelverket. Det skal heller ikkje meldast frå om foredrag eller opplysningsverksemd som fagekspert gjennom deltaking i media eller liknande eller arbeidsoppgåver som er ei fylgje av hovudstillinga på UiO.

Opplysningane om dei meldepliktige sidegjeremåla til dei tilsette skal berre takast vare på av grunneininga og berre vera tilgjengelege for den lokale leiinga og andre ved universitetet som har sakleg interesse av å kjenna til dei.

- Naudsynt med klart regelverk

Universitetsdirektør Hanne Harlem er heilt klar på at det er naudsynt å få til eit ryddig regelverk på dette området.

- Det skal ikkje vera tvil om kven ein UiO-tilsett tener. Difor må me ha eit klart regelverk for å hindra at tilsette tar på seg oppdrag som kan vera i strid med UiOs interesser.

- Er det eit stort problem på UiO?

- Det kan me ikkje seia noko klart om enno, fordi me ikkje har gjort noko grundig kartlegging av det. Ei rekkje sidegjeremål er også positive og nyttige både for UiO og for den tilsette, presiserer Harlem. Ho viser til at utviklinga har gjort at det er endå meir aktuelt å ha klare reglar på dette området no enn tidlegare.

- UiO har utvikla kommersielle verksemder, og difor kan UiO-tilsette koma i konflikt med arbeidsgjevaren sin dersom dei har eigarskap i bedrifter som kan stå i direkte konkurranse med universitetet. Som universitetsdirektør må også eg få godkjenning frå rektor om eg skal ta på meg eksterne styreverv, for å unngå at dei kjem i konflikt med hovudstillinga mi, understrekar ho.

Universitetsdirektør Hanne Harlem rår Universitetsstyret til å vedta at reglementet blir sett i verk så snart det er praktisk mogleg. Styret blir også bede om å vedta at Universitetsdirektøren i samarbeid med Eining for internrevisjon seinhaustes 2007 legg fram ein rapport om korleis regelverket har vore praktisert ved dei ulike avdelingane og fakulteta.

Nytt sentralt valstyre

Universitetsstyret skal også oppnemna eit nytt sentralt valstyre på møtet i Baroniet Rosendal. Universitetsdirektøren ber styret om å vedta forslaget om å oppnemna professor Harald Baldersheim, fakultetsdirektør Benedicte Rustad, stipendiat Ellen Stensrud og student Egil Heinert som medlemar av det sentrale valstyret. Styret skal også avgjera kven som skal få tildelt UiOs menneskerettspris - Lisl og Leo Eitingers fond.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. sep. 2006 15:16 - Sist endra 10. des. 2008 15:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere