Jan Helge Solbakk: - Forskingsfusket overraskar meg ikkje

- Det er ikkje overraskande at det er avslørt ei ny sak om mogleg forskingsfusk. Forsking er nemleg ei verksemd som akkurat som toppidretten er prega av enorm konkurranse, og samtidig har diverre styresmaktene neglisjert denne verksemda på statsbudsjetta gjennom mange år, seier Jan Helge Solbakk, som er professor i medisinsk etikk ved UiO.

KURS I ETIKK: - Også rettleiarar og seniorforskarar bør gå eit sertifiseringskurs anna kvart år for å vera oppdaterte på dei forskingsetiske retningslinjene, meiner Jan Helge Solbakk.
Foto: Ola Sæther

Han viser til at manglande løyvingar gjer at forskingsmiljøet er blitt endå tøffare enn før.

- Då hardnar konkurransen til, og det blir endå viktigare med oppsiktsvekkjande resultat for å skaffa seg eit fortrinn, konstaterer han.

Frykteleg vanskeleg sak

- Korleis synest du UiO og Universitetet for miljø- og biovitskap har takla denne saka?

- Det er ei frykteleg vanskeleg sak uansett kvar det skjer. Og det er slett ikkje på sin plass å kritisera at det har tatt så lang tid før dei har gått ut med desse opplysningane. Det er svært viktig å ha undersøkt saka grundig før dei går ut med den.

- I Sudbø-saka la forskaren korta på borda med ein gong. I denne saka har forskaren derimot ikkje vedgått at han har gjort noko gale. Eg synest difor det er rett ikkje å gå ut med denne informasjonen før desse institusjonane har nok indikasjonar på at det er grunnlag for vidare undersøkingar av dei mistankane som er lagde fram, understrekar Solbakk.

- Viktig med kvalitetssikring

Han blei ikkje sjokkert over at det har kome opp ei ny sak om forskingsfusk.

- Eg blei ikkje overraska over at det kom opp ei ny sak kort tid etter Sudbø-saka. Dette viser kor viktig det er med gode prosedyrar for kvalitetssikring, og at dei blir forankra i dei lokale forskingsgruppene.

- Onsdag 27. september skal eg snakka om forskingsskandalen i Seoul og om Sudbø-saka på Universitetet i Bergen. Der vil eg argumentera for at desse sakene viser kor viktig det er at rådata som blir nytta i forskinga, må fordelast mellom fleire. Difor er det både naudsynt og svært viktig at det er fleire enn førsteforfattaren som har handsama rådata, meiner han.

- Det er også interessant å registrera at forskingstidsskriftet Nature no har laga eigne spelereglar der rådata blir sjekka ekstra godt i artiklar der det blir rapportert om spektakulære funn, seier Solbakk.

Både stipendiatar og seniorforskarar må kursast i etikk

Han meiner den siste saka er nok eit godt døme på kor viktig det er med skulering i elementær forskings- og publiseringsetikk både for stipendiatar og seniorforskarar.

- Her er det viktig at skuleringa blir forankra best mogleg i den lokale forskingsgruppa. Alle doktorstipendiatar går i dag igjennom forskings- og publiseringsetikk, men framleis gjer mange det rett før dei leverer inn avhandlinga. Likevel er det ikkje nok at stipendiatar får slike kurs, også rettleiarar og seniorforskarar bør gå eit sertifiseringskurs anna kvart år for å vera oppdaterte på dei forskingsetiske retningslinjene, slår han fast.

- Eg er svært nøgd med at min eigen dekan, Stein A. Evensen, denne veka sa at rettleiarar og seniorforskarar skal gå gjennom eit kurs i forskings- og publiseringsetikk. Det er svært prisverdig av han, legg Solbakk til.

Forskingsetisk utval oppretta i 2005

Universitetet i Oslo har tatt forskingsetikk alvorleg, også før avsløringa av forskingsfusket til Jon Sudbø, og sjølvsagt også lenge før den siste avsløringa. Allereie i september 2005 vedtok Universitetsstyret å oppretta eit forskingsetisk utval ved UiO, og den 20. desember 2005 utnemnde styret fem personar til å sitja i dette utvalet.

Teologiprofessor Svein Aage Christoffersen blei utnemnd til leiar for UiOs forskingsetiske utval, men utvalet har ikkje fått den siste saka om forskingsfusk til handsaming.
- Den siste saka er ukjend for oss, og den har truleg ikkje kome på vårt bort fordi det er ei sak som involverer to universitet, seier Svein Aage Christoffersen til Uniforum.

Reglar for handsaming av forskingsfusk

Universitetsstyret har vedtatt reglar for handsaming av enkeltsaker knytte til ureielege ting i den vitskaplege forskinga.

I reglane går det klart fram at ein som blir skulda for forskingsfusk, er å rekna som uskuldig til ei overvekt av prov viser det motsette. Det blir også gitt nøyaktige kjørereglar for korleis ein klage skal handsamast og kven den først skal varslast til. Berre dersom saka ikkje blir løyst på ein måte som blir akseptert av dei involverte, skal saka handsamast av det forskingsetiske utvalet. Sjølv om saka blir løyst på eit vis som alle kan akseptera, skal toppleiaren likevel senda ein rapport til det forskingsetiske utvalet.

Dette er medlemane i UiOs forskingsetiske utval:
Professor Svein Aage Christoffersen, TF (leiar)
Professor/overlege Ragnhild Emblem, MED/Rikshospitalet-Radiumhospitalet
Professor Dag Hessen, MN
Lovrådgjevar, dr. juris, Toril Kristiansen Høyland, Justisdepartementet/Lovavdelinga
Førsteamanuensis Anne Julie Semb, SV
Emneord: Etikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 26. sep. 2006 15:53 - Sist endra 10. des. 2008 15:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere