Heimeroboten er rundt hjørnet

Om få år kan alle få sin eigen heimerobot. Den kan fungera saman med ein familie eller ein pleietrengjande. Dette er ikkje science-fiction, men reell forsking for forskar Lena Mariann Garder og førsteamanuensis Mats Høvin. Begge deltar i forskingsgruppa "Robotikk og intelligente system" (ROBIN) ved Institutt for informatikk, UiO. Fredag 15. september viser dei fram roboten Erna på Birkeland innovasjonsdag.

ERNA: Forskar Lena Mariann Garder viser fram roboten Erna.
Foto: Ståle Skogstad

- Robotane har allereie erobra industrien. No står heimane for tur. Det spår førsteamanuensis Mats Høvin og forskar Lena Mariann Garder i forskingsgruppa ROBIN på Institutt for informatikk. Dei har allereie utvikla roboten Erna, som er kalla opp etter Jern-Erna.

- Erna lærer seg sjølv å gå, og me vil bruka den for å demonstrera om kunstig evolusjon kan få roboten til å gjera forskjellige ting,. Erna er eit steg i utviklinga mot meir spesialtilpassa robotar med koselegare design, fortel Mats Høvin. Og meininga er at dei etter kvart skal utvikla ein liten, tynn robot som skal inn i heimane.

Robothjelparar

- Ein slik robot kan sjølv læra seg korleis den best skal kunna røra seg i høve til miljøet rundt i ein heim. I røynda kan kven som helst få ein spesialsydd robot om få år, trur Lena Garder. Det er først og fremst i samband med eldreomsorga at dei ser føre seg ei framtid for dei såkalla carebots eller robothjelparar.

- Det kan føra til at eldre kan bu lenger heime, men samtidig kan dei mista menneskeleg kontakt. Difor ser me heller for oss at dei kan gjera ein del praktiske ting, slik at heimehjelpa får meir tid til å pleia den menneskelege kontakten, seier Høvin. Det var ynsket om å visa teorien om evolusjon eller rørsle kunne fungera i praksis, som fekk Mats Høvin og dei andre forskarane i gruppa til å utvikla roboten Erna.

- Den går framover ved hjelp av fire luftsylindrar som rører ser ut og inn. Rørslene er svært eksplosive og lite grasiøse, men dess meir underhaldande er det å sjå på denne roboten. Den liknar mest på ein hovudlaus fugl, synest Høvin. Medan Erna kan vidareutviklast av både studentane og forskarane på forskingsgruppa og andre interesserte utan problem, er dei no i ferd med å utvikla ein endå meir avansert robot som dei reknar med å få vist fram om eit par månader.

Robot som stand-in i fødselsdagsselskap

- Det er ein ekte carebot eller robothjelpar som er basert på trådlaus fjernstyring. Også den er ei vidareutvikling av grunnforskinga vår. Denne roboten kan kjøra rundt i heimen og filma det den ser. Den kan faktisk delta i fødselsdagsselskapet til barnet til ei fråverande mor eller ein fråverande far, og dei kan få med seg heile selskapet via ein PC eller mobil med 3G der dei er, fortel Høvin og Garder. Med den roboten ser dei også føre seg ein mogleg marknad i vakthaldsindustrien.

- Folk kan ha ein robot heime og fjernstyra roboten rundt omkring i heile huset for å sjekka om det har vore innbrotstjuvar der ved å filma det den ser. Og dersom ein tjuv finn ut at han også vil stela roboten, så vil også tjuven bli filma. Og det vil også vera mogleg for folk å få ei SMS-melding frå roboten om noko er i ferd med å skje i huset, legg Høvin til. Sjølv om dei i dag ser ganske klumpete ut, så kan dei godt gå rundt utan at nokon høyrer dei.

Berre fantasien set grenser

- Me kan læra dei til å bråka minst mogleg gjennom å utstyra dei med spesielle sensorar, fortel Garder. Begge er einige om at det berre er fantasien som set grenser for kva desse robotane kan brukast til.

- Håpet vårt er at dei ikkje fører til mindre menneskeleg kontakt enn før. Ynsket vårt er ikkje å skifta ut heimehjelpa med ein robothjelpar. I praksis kan faktisk robotar koma til å erstatta gullfiskar for at einsame personar skal ha selskap. Det finst allereie dataprogram som fungerer som dette, fortel dei to.
Fredag 15. september viser dei korleis det går an å læra opp roboten Erna på Birkeland innovasjondag.

Emneord: Forskning, Informatikk, Birkeland Innovasjon, Ny informtikkbygning Av Martin Toft
Publisert 15. sep. 2006 11:39 - Sist endra 10. des. 2008 15:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere