Dei nye studentstemmene

Dei norskpakistanske studentane føler seg framande overfor drikkekulturen til dei norske studentane, medan norskvietnamesiske studentar blir bedne om medlemskort når dei går på norske utestader. Somaliske studentar møter derimot ei meir open og fordomsfri haldning på studiestadene. Det fortel Mohammad Usman Rana, Thuy Mi Nguyen og Ilham Hassan som er talspersonar for Pakistansk studentersamfunn, Vietnamesisk studentforening i Oslo og Somalisk studentforening.

ALKOHOL: - Mange norskpakistanske studentar held seg unna arrangement på grunn av den sterke fokuset på alkohol, seier Mohammad Usman Rana.
Foto: Ståle Skogstad

- Om lag ti prosent av alle medisinstudentane i Oslo er norskpakistanarar. Det viser at arbeidet vårt for å få fleire til å ta høgare utdanning har vore ein suksess. No vil me fokusera meir på arbeidet med å skaffa dei høgt utdanna jobb. Det fortel Mohammad Usman Rana, som er nyleg gjekk av som leiar for Pakistansk studentersamfunn. Han tok vidaregåande i Tønsberg og studerer sjølv medisin på tredje året, og har tilliks med andre norskpakistanske ungdomar valt eit profesjonsstudium.

- Dei fleste tar medisin, juss eller ingeniørutdanning. Kjendisadvokaten Abid Q. Raja har dessutan også vore aktiv i Pakistansk studentersamfunn. Ja, eg kan vel seia at han er eit resultat av arbeidet organisasjonen vår har drive, meiner Rana. Pakistansk studentersamfunn blei starta i 1993, då det var 200 personar med pakistansk bakgrunn som tok høgare utdanning i heile Noreg. I dag organiserer dei studentar både ved UiO, BI og ved Høgskulen i Oslo.

- Målet vårt var å få langt fleire ungdomar til å ta høgare utdanning. Difor byrja me å arrangera motivasjonsseminar i Chateau Neuf, for både skuleungdom i den vidaregåande skulen og foreldra deira. Seminara har samla opptil 1000 personar, og dei har hatt besøk både av statsministeren og kronprinsen, understrekar Rana.

- Gjennomslag i media

I hans tid som leiar har han også forsøkt å få Pakistansk studentersamfunn til å bli eit talerøyr for norskpakistanarar.

- Me ynskjer å gi eit positivt bilete av norskpakistanarar i det norske samfunnet. Det føler eg me har klart å lykkast med, når me ser på kor stort gjennomslag me har fått i media. Pakistansk studentersamfunn er partipolitisk uavhengig og ope for alle norskpakistanarar uansett kva religiøs tru dei har. Sjølvsagt distanserer me oss ikkje frå islam, fordi den religionen er viktig for dei aller fleste av oss, og Pakistan blei også oppretta på grunnlag av islam, forklarar han. Rana er godt nøgd med samarbeidet med UiO.

- Universitetet har alltid vist ei positiv haldning til vår studentgruppe. Det viser også det faktum at det blir servert halalmat på kantinene og at det er eit eige bønerom for muslimske studentar. Bortsett frå det skil ikkje norskpakistanske studentar seg særleg frå dei etnisk norske studentane, fortel han.

Alkoholen skaper hinder

Det er likevel eit felles problem dei opplever gong på gong.

- Dei aller fleste sosiale tilskipingane er prega av eit så sterkt fokus på alkohol at mange norskpakistanske studentar held seg unna desse arrangementa. For dei er det ikkje tillate å nyta alkohol. Eg synest difor at UiO burde leggja forholda til rette for at det kunne bli organisert fleire sosiale studentarrangement utan alkohol, seier Rana.

I miljøet han kjem frå gir det status å studera.
- Det gir stor prestisje blant oss å ta høgare utdanning. Foreldregenerasjonen vår set stor pris på at barna deira nyttar seg av sjansen til å ta til dømes ei universitetsutdanning. Pakistansk studentersamfunn kan ta mykje av æra for at det er mange fleire som tar høgare utdanning i dag enn tidlegare, trur han. Men no er det altså viktigare å skifta fokus. - Mange med høgare utdanning og eit utanlandsklingande namn kan ofte ha vanskar med å få seg jobb. Difor må me motivera arbeidsgjevarane til å endra haldningane sine, slår han fast.

Godt inne i studentmiljøet

Thuy Mi Nguyen er medisinstudent på femte året, og for andre gong er ho valt til leiar for Vietnamesisk studentforening i Oslo.

- Alle dei norskvietnamesiske studentane som kjem hit til Oslo, er godt inne i studentmiljøet. Men organisasjonen vår er til for at dei skal få høve til å ha sosialt samvær med likesinna med felles kultur og felles språk. På møta våre kan me snakka vietnamesisk saman, men som regel blir det til at me snakkar norsk, fordi det er lettare for oss, synest ho. Studenforeininga ho leier, blei starta i 1992, og i dag har den 183 medlemar. Den organiserer studentar både ved UiO, BI og Høgskulen i Oslo.

- Målet vårt er å motivera dei til å fullføra utdanninga og få dei til å påverka kvarandre positivt. I dag finn du oss blant anna på profesjonsstudium som medisin, farmasi, odontologi, juss og psykologi. Det er eit stort privilegium for oss å studera på det største universitetet i verdas rikaste land. Det hadde me aldri fått høve til om ikkje foreldra våre hadde kome hit. Difor er me heldige, synest Thuy Mi Nguyen.


Møter stengde dører
Sjølv om dei norskvietnamesiske studentane føler seg norske, møter dei likevel problem når dei skal gjera det som etnisk norske studentar ofte gjer.

- Etter møta våre ynskjer me å gå ut på byen for å ta ein øl eller brus. Men dersom me er fleire enn tre, gir dørvaktene oss alltid beskjed om at du må ha medlemskap for å koma inn eller så må du visa fram ei gjesteliste. På dei same utestadene kan etniske nordmenn gå rett inn utan at det blir kravd det same frå dei. Til og med på Chateau Neuf fekk me melding om at me måtte ha ei gjesteliste for å kunna ha velkomstfesten vår der. Til slutt blei me så leie, at me valde å ha arrangementa våre på Amatøren på Sogn i staden for. Også der serverer dei øl, og dei har aldri skapt vanskar for oss. Så der trivst me kjempegodt, fortel ho. Men ho har eit lite hjartesukk.

- Vietnamesisk Studentforening har ikkje fått kontorplass på Studentersamfundet Chateau Neuf. Det er hardt å flytta rundt på 12 ringpermar kvar gong me skiftar leiar, så difor er det høgaste ynskjet vårt å få ein eigen kontorplass, seier ho.

Ein av to somaliske jusstudentar

Ilham Hassan er ein av to somaliske studentar på jusstudiet i Oslo. Ho er fast bestemt på å spesialisera seg i menneskerettar og i kvinnerett. I fritida er ho PR-sjef og talsperson for Somalisk studentforening. Foreininga har i dag 50 medlemar, mesteparten på Høgskulen i Oslo, men også på Universitetet i Oslo og BI.

- Hovudmålet vårt er å skapa ei positiv haldning til høgare utdanning blant somaliske ungdomar. Difor arrangerer me eit årleg motivasjonsseminar i mars der somaliske studentar med høgare utdanning kan informera om studia sine. Sist gong var det ein politimann med somalisk bakgrunn som stilte opp i full uniform. Det var svært populært blant dei somaliske ungdomane, fortel Ilham Hassan.

- Manglar gode rollemodellar

Ho har også klart for seg kvifor altfor mange somaliske ungdomar ikkje tar høgare utdanning.

- Dei manglar gode rollemodellar, fordi det er for få norsksomaliarar som har tatt høgare utdanning tidlegare. Me ynskjer difor å visa fram dei som har tatt ingeniørutdanning, økonomutdanning og har fått gode jobbar, for å visa at det kan lønna seg å ta høgare utdanning, seier Ilham Hassan. Likevel føler ho at det ikkje alltid er like lett å vera talskvinne for desse ungdomane.

- Massemedia har skapt eit bilete av oss som går ut på at me er kriminelle og late. Det fører også til at folk på gata har mange negative meiningar om oss. Dette biletet stemmer slett ikkje, og difor er me opptekne av å visa dei positive tinga hos norsksomaliarar.

- Kan føra til rasisme

- Vil du kalla mediebiletet av norsksomaliarar for rasisme?

- Nei, det vil eg ikkje, men det kan føra til rasisme ved at arbeidsgjevarar ikkje vil tilsetja oss. Det ville vera utruleg synd, for blant oss finst det mange kjempeflotte ungdomar med gode haldningar og verdiar. Sidan me er opptekne av at endå fleire i den vidaregåande skulen skal ta høgare utdanning, gir me elevar leksehjelp to gonger i veka, fortel ho.

Ilham Hassan synest ikkje dei somaliske studentane har problem på universitetet eller på dei andre høgskulane i Oslo.

- Dei synest akkurat som alle andre at husleiga er for høg, men dei trivst i studentmiljøet der dei kan treffa folk frå heile verda. I det heile tatt føler me at studentane er meir opne og meir fordomsfrie enn andre i det norske samfunnet. Personleg har eg aldri opplevd rasisme verken blant studentar eller blant ungdomar i den vidaregåande skulen, slår ho fast. Og foreldra er også positive til at ungdomane skaffar seg utdanning.

- Ja, foreldra mine har mast på meg om at eg må skaffa meg høgare utdanning heilt sidan eg var tre år, minnest ho.

Emneord: Innvandring, Minoriteter i akademia, Internasjonalisering, Studentsaker, Kulturelt mangfold Av Martin Toft
Publisert 8. sep. 2006 10:09 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere