Varslar kamp mot millimeterkontroll

NTL varslar no kamp mot den mål- og resultatstyringa foreininga meiner er i ferd med å bli innført på UiO. - Dette systemet handlar om millimeterkontroll og styring av arbeidskvardagen til kvar einskild tilsett. Det er grunnen til at me vil hindra at prinsippa bak eit nytt offentleg styringssystem blir innførte på universitetet, seier styremedlem Ulrik Sverdrup og sekretær Sten Morten Henningsmoen i Tenestemannslaget på UiO.

KATASTROFE: - Det vil vera ein katastrofe om den bedriftsøkonomiske rekneskapsmodellen blir innført på UiO, meiner Sten Morten Henningsmoen (t.h.)og Ulrik Sverdrup i NTL ved UiO.
Foto: Martin Toft

- Det vil vera ein katastrofe om den bedriftsøkonomiske rekneskapsmodellen blir innført på UiO. Institusjonen ville ikkje ha overlevd skadene det ville ha ført med seg, spår Ulrik Sverdrup og Sten Morten Henningsmoen. Begge viser til døme frå Sverige, New Zealand og Tyskland der den offentlege sektoren er blitt tilpassa den private sektoren i ein slik grad at dei same prinsippa for resultat- og målstyring gjeld begge stader. I Noreg meiner dei det er Senter for statleg økonomistyring (SSØ) som står bak utviklinga mot eit nytt offentleg styringssystem, også kalla New Public Management.

- Snikprivatisering

- Dette organet, som er direkte underlagt Finansdepartementet, står bak eit pilotprosjekt der blant andre universiteta i Bergen og i Stavanger skal prøva ut innføring av internasjonale rekneskapsreglar, altså dei prinsippa for rekneskap, økonomistyring og revisjon som i dag blir brukte av selskap i privat sektor. Me ser dette heilt klart som ei snikprivatisering av offentleg sektor, slår dei to fast. Begge ser også teikn på at modellen er i ferd med å bli innført på UiO.

- Universitetsleiinga er blitt meir og meir opptekne av mål- og resultatoppnåing når det gjeld styringa av verksemda. Men ikkje nok med det, når det gjeld fordeling av ressursar blir også konkurranseprinsippet dyrka av leiinga på universitetet, seier Sverdrup.

- Dei nye planlagde it-støttesystema vil bli reiskapar som vil gjera det mogleg å måla all aktivitet og utøva millimeterkontroll over den einskilde tilsette. Slik kan resultatet bli at aktivitetar som ikkje er økonomisk lønnsame, kan bli nedlagde, meiner Sverdrup og Henningsmoen.

- Dette systemet handlar om kontroll og styring av arbeidskvardagen til kvar einskild tilsett og det får mykje å seia både for forskingsretten og retten forskarane har til sjølve å bestemma kva dei vil forska på. Saman med innføring av marknadsliknande mekanismar i finansieringa av forskinga, er dette eit åtak på den frie forskinga på universiteta, meiner dei.
Dette kan påverka alle dei tilsette på UiO.

- Det er eit eit premie- og straffesystem som endar opp i eit byråkrativelde. I det store og det heile er dette ein styringsfilosofi som er gjennomsyra av ein grunnleggjande mistillit og skepsis overfor arbeidstakaren, konstaterer dei. Begge ser det som heilt naudsynt å ropa eit varsku.

- I denne saka er NTL på kollisjonskurs med universitetsleiinga. Men me fryktar også at Universitetsstyret slepper taket i denne utviklinga for lett. Difor vil me at konsekvensane av innføringa av mål- og resultatstyringa må greiast endå betre ut før utviklinga går for langt, seier dei to styremedlemane i NTL.

Sterkt ueinig

Konstiuert universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen avviser NTLs skildring av styringsmodellen på Universitetet i Oslo.

- Det er faktisk Kunnskapsdepartementet som har bede både UiO og andre statlege institusjonar om å innføra systemet med verksemdsstyring. Kravet om å føra inn dette systemet ligg også inne i Statens økonomireglement. Me er opptekne av at dette er ein styringsmodell som vil gi oss betre samsvar og samanheng mellom dei ressursane me har til disposisjon, korleis me brukar dei og resultata me oppnår. Den vil også gi oss betre styringsdata enn det me har i dag.

- NTL fryktar altså at dette skal føra til ei innskrenking, medan det tvert imot vil føra til ei forenkling og færre skjema enn det me har i dag. Det vil vera umogleg å gjera UiO med alle sine kreative krefter straumlinjeforma, slik NTL ser ut til å meina, understrekar ho.

- NTL meiner at det ser teikn til at det er i gang ei snikprivatisering av universitetet sidan prinsippa bak det økonomi-, rekneskaps- og revisjonssystemet som blir brukt i det private næringslivet blir prøvd ut på universiteta i Stavanger og i Bergen. Deler du dette synet?

- Nei, det er eg sterkt ueinig med NTL i. Det er altså Kunnskapsdepartementet som har bede oss om å setja i verk desse endringane. Og det er ingenting av dette som strir mot dei tre primæraktivitetane til UiO, forsking, undervisning og formidling, konstaterer Tove Kristin Karlsen.

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 22. aug. 2006 16:05 - Sist endra 10. des. 2008 16:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere