I den aller første talen sin på velkomstseremonien for nye studentar nytta rektor Geir Ellingsrud høvet til å gi eit klart signal til regjeringa om kva han og UiO ynskjer statsbudsjettet for 2007 skal innehalda.
- Så langt har me sett ein sterk auke i talet på stipendiatstillingar, men skal dei som tar doktorgrad kanaliserast ut i forskingssystemet, er det naudsynt med fleire postdok.-stillingar, og etter kvart fleire faste vitskaplege stillingar ved institusjonane, understreka han og viste til at mange av dagens forskarar vil gå av for aldersgrensa i løpet av dei næraste åra.
- Mange markante og dyktige forskarar nærmar seg pensjonsalderen. Me må fornya oss og me treng dei aller beste for å styrka norsk forsking. Me er spente på om det komande statsbudsjettet rommar den naudsynte offentlege ekspansjonen som må til, og så er det ei stor utfordring for oss og andre å hjelpa til med å utløysa bidraget frå det private næringslivet, meinte han.
- Best tent med to vegar i høgare utdanning
Ellingsrud tok også tak i skilnaden mellom eit universitet og ein høgskule.
- Den gjennomgåande, høge vitskaplege kompetansen hos undervisningspersonalet, skil universiteta frå høgskulane, og det gir undervisninga vår eit noko anna perspektiv enn den meir profesjonsretta undervisninga som me ser i høgskulesystemet. Det er eit langsiktig og ressurskrevjande arbeid å byggja opp ein slik gjennomgåande, vitskapleg kompetanse, og det krev fagmiljø av ein viss storleik. Det er mykje meir enn eit namneskifte som skal til, konstaterte han tørt.
- Ein kan spørja seg om landet ikkje er best tent med å oppretthalda eit skilje mellom dei to vegane i høgare utdanning og lata kvar av dei utvikla seg i den retninga dei er best, la han til. UiO-rektoren kom også indirekte inn på avsløringa av forskingsfusket til den medisinske forskaren Jon Sudbø.
- Feil skjer i forsking
- Å vera fagleg etterretteleg og reieleg er fundamentalt i all forsking. Dersom eit forskingsresultat ikkje held mål, vil alt som byggjer på det, både bruk og anna forsking lida. Feil skjer i forsking som i all anna verksemd, og me skal ikkje ofra djervleiken i tankegangen i redsel for å gjera feil, men det skal stillast strenge krav både til den einskilde forskaren og til institusjonane for at resultata skal halda, forsikra Ellingsrud. Han oppmoda også studentane til å stilla spørsmål og be om råd frå forskarane.
- De vil oppdaga at dei fleste aktive forskarane glør for faget sitt. Denne faglege entusiasmen er den fremste drivkrafta og kjernen i all fagleg formidling. Bruk denne kompetansen! Ver ikkje redde for å spørja! var rådet frå rektor Geir Ellingsrud. Samtidig oppfordra han dei til å vera aktive også i fritida.
- Bruk det mangfaldet som finst på universitetet til å utvikla dykk, og dyrk også interesser utanfor faget. Både Studentsamskipnaden i Oslo og dei over 200 forskjellige studentforeiningane som finst her, har eit vell av tilbod til dykk. Bli kjent med aktivitetane i Studentersamfundet Chateau Neuf, var oppmodinga frå matematikkprofessor og rektor Geir Ellingsrud til dei 3500 nye studentane som hadde trassa regnet, tatt med seg paraply og møtt opp på Universitetsplassen for å delta på velkomstseremonien for nye studentar.
Nasjonalsangen best
Og dei studentane me snakka med likte seremonien. Ei av dei var Charlotte Østby, som er komen inn på kjemistudiet.
- Kva likte du best ved seremonien?
- Nasjonalsangen!
- Og kva synest du om talen til rektor?
- Den var både engasjerande og veldig bra.
Thomas Hustad, som skal begynna på studieprogrammet informatikk og teknologi, var ikkje like begeistra.
- Eg likar best at det no er slutt fordi det var hardt å stå stille så lenge.
- Korleis likte du talane?
- Nokre av dei var litt for lange.
Logg inn for å kommentere