Forskarane vil ikkje arbeida etter klokka 16

Forskarane vil berre arbeida mellom klokka 8 og 16. Alt anna arbeid vil dei krevja overtidsbetaling for. Det blir konsekvensen av at Forskarforbundet har sagt opp særavtalen med verknad frå 1. august i år. Kravet kan gjera det vanskeleg for UiO å få undervisningskabalen til å gå opp.

SEIER OPP AVTALE: - Det vil føra til at forskarane berre jobbar frå 08.00 til 16.00, seier tillitsvald Aud-Jorunn Sandal (t.v.) og hovudtillitsvald Live R. Skrindo.
Foto: Martin Toft

I forskarmiljøet har det lenge vore ei murring mot Kunnskapsdepartementets einsidige oppheving av avtalen om at forskaren skal bruka halve tida til forsking og resten av tida til undervisning. Institusjonane er samtidig blitt instruerte om ikkje å avtalefesta fordelinga av arbeidstida lokalt. Avtalen blei inngått mellom det dåverande Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og fagforeiningane ved universiteta og høgskulane i 1992.

Tidlegare i vår tapte Forskarforbundet ei stemning mot staten for tariffbrot, fordi den på eiga hand hadde fjerna dei sentrale retningslinjene. Styret i Forskarforbundet har difor konkludert med at ein viktig føresetnad for avtalen no er fallen bort, og at det som er igjen i avtalen, ikkje er nok til å føra den vidare.

Aller helst ville Forskarforbundet ha ein oppdatert arbeidstidsavtale på sentralt nivå som framleis stadfesta den individuelle retten og plikta til å forska. Særavtalen har tidlegare gjort det mogleg for arbeidsgjevar å påleggja tilsette ekstraarbeid i periodar med svært mykje undervisning, mot at dette skulle kompenserast i undervisningsfrie periodar. No vil altså forskarane bli mindre fleksible enn dei har vore til no.

- Vil krevja overtidsbetaling
- Dette vil føra til at arbeidstida til forskaren ikkje lenger blir regulert av særavtalen, men av arbeidstidsreglane i Arbeidsmiljølova og Hovudtariffavtalen i staten. I praksis vil det seia at all undervisning og forsking som må gjerast utanom den faste arbeidstida, må arbeidsgjevar gi overtidsbetaling for. Den fleksibiliteten me har hatt til no, var med på å få til lik fordeling mellom forsking og undervisning. Dette kan enda opp med at forskarane på UiO berre vil arbeida mellom 08.00 og 16.00, seier hovudtillitsvald Live R. Skrindo i Forskarforbundet.

Ho ser at det kan bli vanskeleg å få undervisningskabalen til å gå opp for Universitetet i Oslo.

- Det er sjølvsagt behov for å drøfta dette nærmare med universitetsleiinga for å finna ut korleis me kan handtera det på ein best mogleg måte. Forskarforbundet kjem likevel til å stå fast på at det ikkje kjem på tale å setja den same forskaren opp med forelesing både klokka 8 om morgonen og kl. 20.00 om kvelden, slik som har hendt på enkelte institutt på UiO, konstaterer Skrindo.

- Fleksibiliteten er eten opp

Ho synest særavtalen har vore svært gunstig både for arbeidsgjevarane og for forskarane, men at dette no ser ut til å ta slutt.

- Faktisk har nye og andre krav til undervisning, slik som emne- og programutvikling, evaluering og rapportering ete opp meir og meir av den fleksibiliteten og høvet forskarane tidlegare hadde til samanhengande forsking. Ei undersøking som NIFU-STEP gjorde for Forskarforbundet, viste at berre 30 prosent av arbeidstida til kvar forskar blei brukt til forsking. Dersom UiO skal få teljekantpengar, føreset det altså at forskarane må forska i fritida, og bør UiO då få utteljing? spør ho.

Forskarforbundet har i eit brev til alle medlemane sine understreka at dei ikkje kan bli pålagde arbeidsoppgåver utanom ordinær arbeidstid, altså mellom klokka 07.00 og 17.00, fem dagar i veka. Det vil seia at all undervisning, inkludert for- og etterarbeid, sensur, rettleiing og administrasjon i tillegg til forsking og utvikling, må leggjast innanfor dette tidsrommet. Overtidsarbeid kan heller ikkje innførast som ei fast ordning, blir det understreka. I praksis vil dette seia at all pålagd undervisning, rettleiing og sensur etter klokka 17.00 berre kan skje unntaksvis.

Live R. Skrindo synest det er trist at forskarane må setja i verk slike drastiske tiltak.
- Denne utviklinga starta under den førre regjeringa, men dagens regjering har heller ikkje reversert den, slår ho fast. Forskarforbundet ved UiO arbeider no med å kartleggja alle moglege konsekvensar av at særavtalen er sagt opp.

- Først og fremst ventar me på tilbakemeldingar frå medlemane våre, seier ho.

Problem for undervisninga

Studiedirektør Monica Bakken ser at oppseiinga av særavtalen heilt klart vil føra til vanskar med å få undervisningskabalen til å gå opp.

- Studieavdelinga og Organisasjons- og personalavdelinga (OPA) kjem denne veka til å senda eit brev til alle einingane på UiO, der me ber dei om å gå gjennom all undervisning som er lagt til etter klokka 17.00 og til helgane. På den måten kan me få kartlagt kor mange faste tilsette som er bundne opp i undervisningsaktivitetar i dette tidsrommet. I brevet ber me dei også om ei vurdering av kva aktivitetar som kan flyttast på, opplyser Bakken til Uniforum.

- Kva fylgjer vil dette få for undervisninga ved UiO?

- Denne våren hadde UiO til saman 265 undervisningsaktivitetar med fast tilsette etter klokka 16.00 på kvardagar. Alternativet vårt er å flytta undervisning til eit tidlegare tidspunkt, men då risikerer me at det blir kollisjonar når det gjeld bruk av undervisningslokale, seier ho.

Personalsjef Johannes Falk Paulsen i Organisasjons- og personalavdelinga (OPA) meiner det ikkje er ei løysing å gi forskarane overtidsbetaling for å få gjennomført undervisninga.

- Det er ikkje mogleg å utbetala overtid, fordi det føreset ei detaljert tidsregistrering for den einskilde vitskaplege tilsette. UiO ynskjer ikkje å bli pressa til å innføra ei slik tidsregistrering, slår han fast.

Emneord: Forskning, Undervisning, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 2. juni 2006 09:34 - Sist endra 10. des. 2008 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere