- Både dei kvinnelege postdoktorane og mentorane deira er svært positive til ordninga og vil ha endå meir oppfylging i framtida. Det viser dei evalueringane me har gjort, seier viserektor Inga Bostad. - Då ordninga blei sett i gang i for første gong i 2001, var det eit viktig poeng for oss at mentoren og adeptane deira skulle vera frå ulike fagmiljø. Grunnen til dette var at dei skulle unngå å støyta på kvarandre i samband med evalueringar eller søknader, fortel ho.
Slik skulle mentoren, altså den røynde, vera ein rettleiar inn til dei meir uformelle reglane og nettverka som finst på universitetet for adepten, som er den yngre på veg opp karrierestigen. I dag er 27 adeptar og 27 mentorar med på programmet, som blir avslutta sommaren 2006.
Best fram til doktorgraden
Inga Bostad viser til at sjølv om det finst flest kvinner både blant dei som kjem inn på medisinstudiet og dei som tar doktorgraden, så er ikkje kvinnene i fleirtal mellom dei som får fast vitskapleg stilling på universitetet.
- Når eg ser på desse tala, opplever eg at eg får ei auka innsikt i at det faktisk skjer ei kjønnssegregering her. Difor er dei lokale forholda heilt avgjerande for om ei kvinne eller ein mann blir tilsett, poengterer ho. I dag finst det ei mentorordning for kvinnelege postdoktorar på alle dei åtte fakulteta.
- Først og fremst tener mentorordninga til å visa at universitetsleiinga ynskjer kvinner i vitskaplege stillingar på UiO. Kvar av desse yngre forskarane vil på denne måten få hjelp til å tenkja karriereplanlegging. Men mentoren vil dessutan vinna på at han blir meir profesjonell i rettleiingstenesta også overfor sine eigne doktor- eller masterstudentar, trur ho.
Håpar på haldningsendring
Bostad håpar at ordninga kan føra til at enkelte haldningar kvinner blir møtte med, endrar seg.
- Når ei kvinne bruker olbogane, kan ho bli sett på som sur og tverr, medan det er heilt OK for ein mann å gjera det same. Kvinner møter mange fleire barrierar enn menn. Likestilling skal prega alle strategiske avgjerder. I lengda vil UiO profittera på å rekruttera fleire kvinner. Ho viser til at det er vanskeleg både for kvinner og menn å få fast vitskapleg stilling i dag.
- Gjennomsnittsalderen er rundt 46 år, og det ser ut til å vera menn som profitterer mest på den lange perioden som går, før dei blir tilsette. Dersom det hadde vore opne prosessar der det berre var dugleiken som talde, ville kvinnene truleg ha vunne fram, er Bostad sikker på.
Ho ser også eit anna problem.
- Kvinnelege forskarar er som regel overrepresenterte på
nokre fag og fakultet. Difor konkurrerer dei også beinhardt
med andre kvinner om ledige stillingar og stipend. Men eg
ynskjer meg større medvit om kor viktig det er å tilsetja
kvinner, også der det er få ledige stillingar, slår ho fast.
Ingen klare resultat enno
Likestillingsrådgjevar Hege Eidstuen synest ordninga fungerer godt, men ho kan enno ikkje seia om den har ført fleire kvinner inn i vitskaplege stillingar.
- Eg har inga oversikt over kor langt postdoktorane har kome i perioden som postdoktorar, og har inga oversikt over om nokon av dei har sjanse til å få fast stilling. Eg reknar med at det vil variera frå fagmiljø til fagmiljø, seier Eidstuen. Ho har heller ikkje nokon statistikk over kva som har skjedd med dei som deltok i det førre mentorprogrammet frå 2002 til 2003.
- Det kunne vore interessant å ha sett på kva desse adeptane gjer i dag, synest ho.
Logg inn for å kommentere