Det var dei tre jussprofessorane Ola Mestad, Olav Kolstad og Giuditta Cordero Moss som kom spesielt godt ut av dei lokale lønnsforhandlingane ved Det juridiske fakultetet i år. Alle blei sette opp til lønnstrinn 79, får Uniforum stadfesta. For den av dei tre som tente dårlegast frå før, vil det seia at vedkomande auka lønna frå 471 400 til 628 300, det vil seia ei lønnsauke på 156 900 kroner, eller på rundt 30 prosent. Dei to andre fekk auka årslønna med høvesvis 130 400 og 99 200 kroner i året. Det nye lønnstrinnet blei innført frå og med aprillønna.
I protest nekta både NTL-leiar Anita K. Solhaug og Parat-leiar Ole Martin Nodenes å skriva under på protokollen. Tillitsvald Kristian Mollestad i Forskarforbundet og hovudtillitsvald Kristen Døssland i Akademikarane skreiv derimot under.
Parat-leiar Ole Martin Nodenes synest denne lønnsauken er
problematisk.
- Parat ynskjer at alle skal få lønnsauke, men at nokon får,
bør ikkje gå ut over sjansane for at andre også kan få, slik
Det juridiske fakultetet held på med her. Dette er pengar som
fakultetet må ta frå sitt eige budsjett, og det er klart at
det då vil gå ut over andre budsjettpostar på fakultetet,
meiner han.
- Kan det ikkje vera grunn til å gi jussprofessorar endå høgare løn sidan dei konkurrerer med toppjuristar andre stader i offentleg sektor?
- Ifylgje hovudtariffavtalen i staten kan lønna til enkeltpersonar som har gjort ein ekstraordinær innsats hevast. Eg kan ikkje sjå at desse tre har gjort noko anna det siste året enn det faktum at dei blei utnemnde til professorar for rundt eitt år sidan, konstaterer han tørt.
Tidlegare kunne fagforeiningane ha anka ein slik lønnsauke inn for Statens lønnsnemnd. No er ikkje det lenger mogleg.
- Det vil seia at det er det siste tilbodet frå arbeidsgjevaren som gjeld. Difor kan me berre protestera ved å nekta å skriva under på protokollen. Elles hadde eg ei kjensle av at dekan Jon T. Johnsen ikkje eingong lytta til argumenta våre, vel vitande om at det siste tilbodet hans gjeld, seier Nodenes.
- Forfeila lønnspolitikk
Også NTL-leiar Anita K. Solhaug let vera å skriva under på
protokollen etter møtet 27. april.
- Ingen av desse jussprofessorane er spesielt gode, men dei
er konkurranseutsette. Faktisk finst det mange betre og endå
meir renommerte professorar som ikkje får ein slik formidabel
lønnsauke som desse tre har fått. Difor nølte ikkje NTL med å
foreslå at ein professor med godt internasjonalt ry på Det
matematisk-naturvitskaplege fakultetet skulle få eit opprykk
på fire i staden for to lønnstrinn. Men dette er ein
professor som verkeleg har prestert noko ekstraordinært,
meiner ho. Ho er ikkje einig i at jussprofessorar skal tena
betre enn andre professorar på UiO.
- Dei bidrar ikkje til målet i strategisk plan om at UiO skal bli eit forskingsuniversitet. Eg synest difor det er ein heilt forfeila lønnspolitikk å lata dekanane åleine bestemma kven som får lønnsauke. Det hadde vore betre med eit sentralt lønnsutval på arbeidsgjevarsida for å unngå kameraderi. Difor er det meiningslaust å gi desse tre jussprofessorane ein så høg lokal lønnsauke, seier ho til Uniforum.
Jussdekan forsvarer lønnshopp
Dekan Jon T. Johnsen har likevel ingen problem med å forsvara denne lønnsauken.
- Målet for lønnspolitikken til Det juridiske fakultetet er å få jussprofessorane opp på same nivå som andre toppjuristar i offentlig sektor. Over fleire år har det bygd seg opp eit stort etterslep her, som har hemma utviklinga av fakultetet i stor grad, seier Johnsen. Han viser til at justisministeren har sett seg nøydd til å ta initiativ til eit krafttak for juridisk forsking for å ta igjen det forsømte. I tillegg understrekar han at Forskingsmeldinga seier klart ifrå om at institusjonane ikkje utnyttar lønnsregulativet godt nok når det gjeld lønna til dei som driv med medisinsk og juridisk forsking.
- Lønnspolitikken til fakultetet er lagt opp i samsvar med desse signala. Når det gjeld professorlønningane i juss, er målsetjinga å få gjennomsnittsnivået justert opp til nivået for lagdommarar - ei målsetjing som ikkje er spesielt ambisiøs om ein samanliknar kvalifikasjonskrava for dei to juristgruppene, synest Johnsen, som ikkje ynskjer å kommentera lønnsauken til dei tre jussprofessorane særskilt.
- Opprykk bør gi lønnsauke
Men på generelt grunnlag kjem han med dette
synspunktet:
- Fakultetet meiner at kvalifikasjon til professor gjennom
opprykk representerer ein innsats som bør gi lønnsutteljing,
slik også greidd doktorgrad gjer, og at det er uheldig med
store lønnsskilnader mellom dei som blir professorar gjennom
tilsetjing og dei som blir det ved opprykk. Fakultetet har
difor sett det som positivt at det no blir fastsett eigne
prosedyrar for lønnsjustering av opprykksprofessorar.
På det same møtet fekk fire professorar frå tre andre fakultetet heva lønna til lønnstrinn 79, 78 og 75. Berre ein av dei fekk auka lønna med ti lønnstrinn.
Logg inn for å kommentere