Vil ha nasjonalt granskingsutval for forskingsfusk

Det skal opprettast eit nasjonalt utval som skal granska påstandar om forskingsfusk uansett fagområde. Det foreslår regjeringa i dag, og den vil i tillegg lovfesta dei eksisterande komiteane for forskingsetikk . - Eg har tillit til norsk forsking, men samtidig kan me ikkje sjå bort frå at det skjer ureieleg forsking, seier kunnskapsminister Øystein Djupedal.

ANSVARET: - Ansvaret for å førebyggja forskingsfusk må liggja hos forskingsinstitusjonane og dei nasjonale forskingsetiske komiteane, sa Øystein Djupedal.
Foto: Ola Sæther

Forslaga frå regjeringa blir lagde fram i ein odelstingsproposisjon som skal handsamast av Stortinget før sommarferien. Lova som blir vedtatt skal gjelda all forsking, anten den er privat eller offentleg.

Det største nyhendet er altså forslaget om å oppretta eit eige granskingsutval som skal undersøkja påstandar om forskingsfusk. Det offisielle namnet til utvalet blir "Nasjonalt utval for gransking av ureieleg forsking". Utvalet vil også få mandat til å granska påstandar om forskingsfusk utført av ein forskar som har eit tilsetjingsforhold til ein norsk institusjon eller forsking med ei vesentleg finansiering frå ein norsk bidragsytar.

Leiaren for utvalet skal ha dommarrøynsle, og utvalet skal utnemnast av Kunnskapsdepartementet. Lova skal presisera nærmara kva anna kompetanse medlemane av utvalet skal ha, går det fram av lovframlegget (Ot.prp. nr 58, 2005-2006).

- Naturleg med internasjonal ekspertise

- Granskingskommisjonen som blei sett ned etter avsløringa av forskingsfusket til Jon Sudbø blir leidd av den svenske forskaren Anders Ekbom. Vil de ta med folk frå forskingsmiljø utanfor Noreg i eit slikt granskingsutval for å unngå habilitetsproblem?

- Eg synest det både er viktig og naturleg å ha med internasjonal ekspertise i eit slikt utval. Meir kan eg ikkje seia, fordi det til sjuande og sist vil vera handsaminga av lovforslaget i Stortinget som vil avgjera det spørsmålet, sa kunnskapsminister Øystein Djupedal på ein pressekonferanse etter statsråd fredag 7. april.

- Dette er ei lov som er retta mot uærlege forskarar og granskingsutvalet er heller ingen domstol. Difor kan utvalet heller ikkje setja i verk sanksjonar i tilfelle ein forskar blir gripen i fusk. Då blir det opp til arbeidsgjevaren eller finansieringskjeldene å finna ut kva fylgjer dette skal få for forskaren, understreka Djupedal.

Tar imot tips frå alle

Granskingsutvalet vil kunna ta imot og handsama påstandar om forskingsfusk frå alle, også om tipsa er anonyme.

- Ja, det vil utvalet kunna gjera, slo statsråden fast. Han understreka samtidig at han var godt nøgd med Rikshospitalets/Radiumhospitalets handsaming av Sudbø-saka.

- Den konkrete saka viser også at det er behov for å ha eit slik utval. Det nasjonale granskingsutvalet vil i framtida kunne bistå forskingsinstitusjonane når det er mistanke om at nokon har drive med fusk i forskinga. Små saker skal som før handsamast i dei regionale forskingsetiske komiteane, medan dei store sakene skal handsamast av det nasjonale granskingsutvalet, presiserte Djupedal.

Lovfestar eksisterande komitear

I dag finst det nasjonale komitear som er rådgjevande organ innanfor forskingsetikk, men i tillegg finst det regionale komitear som vurderer saker som involverer forsøk på menneske. Når desse no blir lovfesta, vil det vera i samsvar med den internasjonale utviklinga, blir det understreka i lovframlegget.

Og alle dei komiteane og utvala som lova gjeld for, skal vera fagleg sjølvstendige og statlege organ som skal fylgja forvaltingslova og offentleglova. Men det eksisterer ikkje noko nasjonalt system som handsamar saker om uetisk og tvilsam forsking. Det var ei utgreiing frå Noregs forskingsråd som først foreslo eit eige nasjonalt granskingsutval for forskingsfusk.

Definerer ureieleg forsking

I paragraf 5 i lovframlegget blir det dessutan foreslått ein definisjon av kva som er ureieleg forsking. Det omfattar forfalsking, fabrikkering, plagiering og andre alvorlege brot med god vitskapleg praksis, som er gjort med vilje eller grovt uaktsamt i planlegging, gjennomføring eller rapportering av forsking.

- Ansvaret for å førebyggja forskingsfusk må liggja hos forskingsinstitusjonane og dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Det blir også viktig å syta for at alle forskarar får innføring i forskingsetikk som ein del av grunnutdanninga, sa Djupedal på pressekonferansen fredag 7. april.

Der blei det også kjent at Underdal-utvalet, som skal vurdera om den individuelle akademiske fridomen skal lovfestast, skal leggja fram synet sitt innan 1. oktober 2006.

Emneord: Etikk, Forskning, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. apr. 2006 16:20 - Sist endra 10. des. 2008 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere