På Lilletorget i Oslo sentrum ligg lokala til Samordna Opptak. Dit kjem alle dei elektroniske søknadane og alle papirsøknadane til alle dei som søkjer seg inn på fellesopptaket til universitet og høgskular innan 18. april klokka 23. I fjor fekk dei inn over 96 000 søknader, og dei reknar med å få inn minst like mange søknader i år.
- Men talet på elektroniske søknader stig frå år til år. Medan dei i fjor utgjorde 92 prosent, vil dei i år utgjera rundt 95 prosent av alle søknadane. Og i 2000 utgjorde dei berre vel 17 prosent, fortel informasjonsrådgjevar Henrik Rødsæther.
Må ha norsk personnummer
- Me vil oppmoda alle som kan, om å senda inn søknaden sin via nettet, understrekar han. Det er berre søkjarar med norsk personnummer som kan senda søknad via nettet. Dei som ikkje har det, må senda søknaden i posten.
- Det er ei avgrensing som me er nøydde til å ha, for ikkje å risikera at mange millionar kinesarar som går ut av vidaregåande, også sender søknader til oss, fortel Rødsæther med eit smil. Søknadsprosedyren er ganske enkel.
- Søkjaren fyller ut søknaden sin elektronisk og sender den direkte til oss på Samordna Opptak. Då får søkjaren ei kvittering på e-post som stadfestar at han eller ho har søkt. Deretter sender me dei eit omslagsark i posten som fortel kva studium og kva lærestader søkjaren har søkt seg inn på. Så må søkjaren stadfesta dette og senda inn vitnemåla sine til oss i løpet av ti dagar. Dei siste omslagsarka sender me ut innan 1. juni,seier han.
Første oversikt klar 27. april
Det er altså rett etter påske det første sorteringsarbeidet byrjar.
- Då finn me ut kva lærestader og kva studium søkaren har som førsteprioritet, andreprioritet og tredjeprioritet. Og den 27. april klokka 12 vil me offentleggjera den første samla oversikten over søknadstal og over kva lærestader og kva studium flest søkjarar ynskjer å koma inn på, legg han til. Etter kvart som omslagsarka kjem inn blir søknadane sende vidare til lærestadene.
- Søknaden blir sendt til sakshandsamaren på den høgskulen eller det universitetet som har førsteprioritet hos søkjaren. Dersom søkjaren ikkje har nok poeng til å koma inn på det førsteprioriterte studiet, vil likevel den same personen handsama søknaden, trass i at ho eller han har ein annan lærestad som andreprioritet, forklarar Rødsæther.
Hovudopptak 20. juli
Og dei som går ut av den vidaregåande skulen i år, kan ettersenda vitnemålet sitt fram til 1. juli.
- Hovudopptaket skjer den 20. juli og då vil svaret liggja tilgjengeleg på nettsøknaden til søkjarane. Dei må senda oss ei endeleg stadfesting på om dei tar imot den tildelte studieplassen innan 26. juli. Dei som stiller seg på venteliste og får nytt tilbod på suppleringsopptaket 29. juli, mister automatisk den plassen dei blei tildelte under hovudopptaket, presiserer Rødsæther.
Restetorget siste sjanse
Og for dei som ikkje har klart å somla seg til å senda inn ein søknad før fristen går ut, så finst det likevel ein siste sjanse.
- Ja, frå 20. juli kan dei gå inn på Restetorget og finna ein oversikt over ledige studieplassar der det heller ikkje er fleire kvalifiserte søkjarar på venteliste. Og her gjeld prinsippet om at den som kjem først til mølla, får først malt. Det einaste vilkåret er at søkjaren er kvalifisert for studiet, understrekar Rødsæther.
- Men alle dei 96 000 søkjarane endar ikkje opp som studentar?
- Nei, til slutt vil me sitja igjen med mellom 47 000 og 48 000 søkjarar som alle får tildelt studieplass. Dei andre finn på andre ting, som å jobba, reisa eller dei søkjer seg inn på skular, t.d. Handelshøgskolen BI, som har sitt eige opptakssystem, fortel Henrik Rødsæther.
Logg inn for å kommentere