FN-veteranar gjer oftare sjølvmord

Det er 40 prosent større risiko for at FN-veteranar tar livet av seg enn at andre norske menn i same alder gjer ende på seg. Dei som er mest truande til å gjera sjølvmord, er FN-veteranar som har opplevd å bli sende ufrivillig heim frå tenesta. Det viser funna Siri Thoresen presenterer i ei doktoravhandling frå Psykologisk institutt, UiO.

KAN HINDRAST: - Våpenkontroll og oppfylging av FN-og NATO-veteranar etter heimomst kan vera viktige førebyggingstiltak for å hindra sjølvmord blant dei, meiner forskar Siri Thoresen.
Foto: Ola Sæther

- Det er naudsynt å etablera sjølvmordsførebyggjande tiltak for desse soldatane når dei vender heim igjen, slår ho fast.

Under arbeidet med doktoravhandlinga gjorde Siri Thoresen ei undersøking av dødsfall blant alle dei 22 000 som hadde tenestegjort i FN- eller NATO-styrkane i tidsrommet frå 1978-1995. Det samanlikna ho med Statistisk sentralbyrås dødsårsaksregister.

Undersøkinga viste at dei døydde sjeldnare av sjukdomar, men at det altså var 40 prosent større risiko for sjølvmord blant desse veteranane samanlikna med andre norske menn i same alder i same tidsperiode. Ho fann ut at 73 personar hadde tatt livet av seg i den tidsperioden. 43 av sjølvmorda fann ho nærare data på. Formålet med forskingsarbeidet hennar var å finna ut både kor stor førekomsten av sjølvmord var og kva som var risikofaktorane for sjølvmord blant FN- og NATO-veteranar.

- Intervjua pårørande

- For å kartleggja kva som var årsakene til sjølvmorda, gjennomførte eg ei intervjuundersøking av nære pårørande til veteranar som hadde gjort sjølvmord. Samtidig brukte eg to samanlikningsgrupper: intervju med nære pårørande til veteranar som døydde i ulykker og ei spørjeskjemaundersøking blant FN-veteranar. Eg ynskte nemleg også å finna ut om det var fleire veteranar som døydde i ulykker samanlikna med andre menn som ein konsekvens av risikoåtferd, auka alkoholbruk og mangel på interesse for seg sjølve, fortel Siri Thorsen.

Ho viser til at dette har vore årsak til at fleire Golfkrigsveteranar i USA og Storbritannia har døydd i ulykker enn andre menn på same alder. Det kan vera eit teikn på posttraumatisk stress-symptom som kan knytast direkte til krigstenesta. Men det var ikkje hovudfunnet ho gjorde blant norske FN- og NATO-veteranar.

Ufrivillig heimsending kan utløysa sjølvmord

- Eg fann berre fleire tilfelle av sjølvmord og ikkje av ulykker som dødsårsak blant desse veteranane samanlikna med andre menn i same alder. Det tyder på at det er andre ting enn FN-tenesta som er årsaka til dette. Undersøkingane mine viste nemleg at det var alvorlege psykiske helseproblem, det å bu åleine og eit nyleg samlivsbrot som var viktige risikofaktorar for sjølvmord.

- Den einaste risikofaktoren som direkte kan knytast til tenesta for FN eller NATO er ufrivillig heimsending. Det kan føra til eit uynskt brot på fellesskapen med dei andre soldatane, samtidig som dei kjem i ein slags vanæresituasjon sidan dei må venda heim før dei har avslutta tenesta si. Det gir dei også ei slags nederlagskjensle overfor den nære familien i heimlandet. Difor kan dette bli ei traumatisk hending i seg sjølv og bidra til at dei tar livet av seg, understrekar Thoresen.

Undersøkinga har også avdekka at dei som tar livet av seg, ikkje gjer det den første tida etter at tenesta er slutt.
-
Veteranane hadde ein gjennomsnittsalder på 26 år då dei starta tenesta, og i gjennomsnitt var dei ute i to periodar, altså i seks månader. Dei som tok livet av seg hadde ein gjennomsnittsalder på 31 år. Det viser at fleirtalet av dei gjorde sjølvmord mange år etter at tenesta var over. Nokre få tok livet sitt like etter at tenesta var slutt, fortel ho. Dei fleste tok livet av seg med eit våpen eller med kolosforgifting.

Ho meiner difor det er enkle tiltak som må til for å hindra sjølvmord blant desse veteranane.

- Våpenkontroll viktig

- Våpenkontroll og oppfylging av veteranar etter heimkomst frå tenesta kan vera viktige førebyggingstiltak. Det er viktig å fanga opp veteranar som har psykiske vanskar og sjølvmordstankar, og så betra tilboda til dei.

- Dette kan gjerast til dømes ved å senda ut eit spørjeskjema til alle dimitterte soldatar og ved eit samarbeid mellom Forsvarets stressmeistringsteam og regionale helseinstitusjonar. Ein del av dødsulykkene blant dei dimitterte soldatane kan ha vore knytte til psykiske helseproblem, sjølvdestruktivitet eller ein mangel på interesse for å ta vare på seg sjølve, konstaterer ho.

- Det er viktig ikkje berre å vera merksam på risikoen for sjølvmord blant desse veteranane, men også på risikoen veteranar med psykiske problem har for å bli utsette for ulykker, meiner Siri Thoresen, som no arbeider som forskar ved Nasjonalt ressurssenter om vald og traumatisk stress.

Emneord: Psykologi, Forskning Av Martin Toft
Publisert 26. apr. 2006 14:45 - Sist endra 10. des. 2008 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere