Alle styrerepresentantane som tok ordet var godt nøgde med innhaldet i forslaget til ny personalpolitikk. Det einaste det blei litt diskusjon om var framlegget frå styrerepresentant Kristian Mollestad om å lata "Universitetsstyret ta forslaget til personalpolitikk for UiO datert 1. mars til etterretning." Han ville ikkje ha med formuleringa "Universitetsstyret sluttar seg til." Etter at framlegget berre fekk to røyster, blei det røysta over den opphavlege teksten som fekk tilslutnad frå eit samla styre.
I det vedtatte forslaget til personalpolitikk går det altså fram at Universitetet i Oslo skal vera ein attraktiv arbeidsplass gjennom tilbod om meiningsfulle oppgåver, individuelle høve til å utvikla seg, godt arbeidsmiljø og ein institusjonskultur prega av høgt fagleg og sosialt engasjement.
Det blir sterkt understreka at UiOs personalpolitikk skal
bidra til å innfri dei faglege måla til verksemda. Dessutan
skal personalpolitikken vera ei felles plattform som alle
personaladministrative tiltak ved heile universitetet skal
forankrast i. Både leiarar og medarbeidarar ved UiO er
forplikta til å fylgja opp dei haldningane og måla som er
nedfelt i personalpolitikken, går det fram. I dei
personalpolitiske føringane blir det lista opp mål for både
rekruttering, personaloppfylging og kompetanseutvikling og
for medverknad i drift og utvikling av UiO. Forslaget til
personalpolitikk er blitt til i samarbeid mellom UiO og
fagforeiningane NTL, Forskarforbundet, Parat og
Akademikerne.
- Avgrensar ytringsfridomen, meiner NTL
Berre på eit punkt var partane som hadde lagd fram forslaget, ueinige. Det gjeld punktet under personalpolitikk og kompetanseutvikling der det heiter at "Kollegial samhandling skal ha en etisk forsvarlig standard, som ikke tolererer atferd eller utsagn som er krenkende eller forsettlig skader tilliten til andre uten rettmessig grunn." Her har Tenestemannslaget ved UiO tatt dissens og bede om ein protokolltilførsel fordi organisasjonen sine to representantar meiner dette punktet avgrensar ytringsfridomen. Under styremøtet var det ingen som uttrykte at dei delte NTLs syn på dette punktet.
Val eller tilsetjing
Ei anna sak som vekte meir debatt i styret, var forslaget om å endra paragraf 1-3 i Reglement for tilsetjing og val av leiarar ved fakultet og institutt. I forslaget går det fram at "Dekan/prodekan og instituttleder/stedfortreder for instituttleder velges, dersom ikke Universitetsstyret selv - etter tilråding fra fakultet/instituttstyret/instituttrådet bestemmer at det skal foretas tilsetting."
Rektor Geir Ellingsrud gjorde det klart at framlegget blei lagt fram for å halda lovnaden frå rektorvalkampen i 2005.
- Når denne endringa er gjort, kjem me ikkje til å leggja fram fleire endringar i styringsreglementet til UiO, lova han. Den lovnaden gjorde at styremedlem Nils Damm Christophersen også kunne lova å stemma for framlegget. Ikkje overraskande kunne styrerepresentant Johanne Sundby lova det same. Derimot var ikkje dei eksterne representantane Egil Myklebust og Paul Chaffey like positive.
- Eg forstår at rektor Geir Ellingsrud synest det er viktig å halda vallovnaden sin. Men eg kan ikkje sjå at det er uttrykt noko behov for ei slik endring frå resten av universitetet. Eg er einig med dei som meiner at dette kan føra til at styret kan bli ein ny debattarena. Difor kjem eg til i å stemma imot, sa Chaffey.
- Det same kjem eg til å gjera, slo Egil Myklebust fast.
Også ekstern representant Boel Flodgren uttrykte sterk tvil over innhaldet i forslaget og meinte det kunne vera eit tilbakesteg i styringsmodellen for UiO. - Sidan eg gjerne vil vera ein støttespelar for rektor, kjem eg likevel til å stemma for forslaget, presiserte ho. Framlegget blei til slutt vedtatt mot røystene til Egil Myklebust og Paul Chaffey.
Skal tilsetja IT-forvaltar
Forslaget frå universitetsdirektør Hanne Harlem om å oppretta ei ny stilling som IT-forvaltar som rapporterer direkte til universitetsdirektøren, blei samrøystes vedtatt. I det endelege vedtaket går det dessutan fram at USITs oppdragsverksemd skal rapportera særskilt, men framleis vera ein integrert del av verksemda til USIT. Styret vedtok også at hovudprinsippa i ansvars- og oppgåvedelinga mellom lokal og sentral IT skal oppretthaldast som før.
Logg inn for å kommentere