Skal vedta ny personalpolitikk for UiO

Fagleg sjølvstende, integritet og intellektuell fridom er grunnverdiar i UiOs virke og det skal reflekterast i personalpolitikken. Dette er eitt av punkta i verdigrunnlaget for personalpolitikken ved UiO. Forslaget til personalpolitikk er blitt til i samarbeid mellom UiO og fagforeiningane NTL, Forskarforbundet, Parat og Akademikerne. Universitetsstyret skal ta endeleg stilling til forslaget på møtet sitt tysdag 21. mars på Voksenåsen kultur- og konferansehotell.

NY PERSONALPOLITIKK: Organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen har leidd arbeidet med å greia ut ein ny personalpolitikk for UiO.
Foto: Ståle Skogstad

I forslaget til personalpolitikk går det også fram at Universitetet i Oslo skal vera ein attraktiv arbeidsplass gjennom tilbod om meiningsfulle oppgåver, individuelle høve til å utvikla seg, godt arbeidsmiljø og ein institusjonskultur prega av høgt fagleg og sosialt engasjement.

Det blir sterkt understreka at UiOs personalpolitikk skal bidra til å innfri dei faglege måla til verksemda. Dessutan skal personalpolitikken vera ei felles plattform som alle personaladministrative tiltak ved heile universitetet skal forankrast i. Både leiarar og medarbeidarar ved UiO er forplikta til å fylgja opp dei haldningane og måla som er nedfelt i personalpolitikken, går det fram av framlegget. I dei personalpolitiske føringane blir det lista opp mål for både rekruttering, personaloppfylging og kompetanseutvikling og for medverknad i drift og utvikling av UiO.

- Avgrensar ytringsfridomen, meiner NTL

Berre på eit punkt er partane som har lagt fram forslaget, ueinige. Det gjeld punktet under personalpolitikk og kompetanseutvikling der det heiter at "Kollegial samhandling skal ha en etisk forsvarlig standard, som ikke tolererer atferd eller utsagn som er krenkende eller forsettlig skader tilliten til andre uten rettmessig grunn." Her har Tenestemannslaget ved UiO tatt dissens og bede om ein protokolltilførsel fordi organisasjonen sine to representantar meiner dette punktet avgrensar ytringsfridomen. Styrehandsaminga av personalpolitikken vil gå føre seg for opne dører.

Diskuterer forskingsformidling

Bak stengde dører skal Universitetsstyret gå gjennom eit diskusjonsnotat om forskingsformidling. Styremedlemane blir bedne om å diskutera korleis UiO kan ta eit tyngre institusjonelt ansvar for formidling. Dei skal også drøfta om det skal utviklast eigne program for formidling. Styret skal også koma med innspel til korleis det kan vera mogleg å betra tilgangen til UiOs kunnskapskjelder både for journalistar, lærarar og andre interesserte. Forskingsformidlingskurs og formidlingsarrangement er andre tema som heilt sikkert blir nemnde i diskusjonen.

Val eller tilsetjing

Ei anna sak som kanskje vil vekkja meir debatt i styret, er forslaget om å endra paragraf 1-3 i Reglement for tilsetjing og val av leiarar ved fakultet og institutt. I forslaget går det fram at "Dekan/prodekan og instituttleder/stedfortreder for instituttleder velges, dersom ikke Universitetsstyret selv - etter tilråding frå fakultet/instituttstyret/instituttrådet bestemmer at det skal foretas tilsetting."

IT-forvaltar

Forslaget frå universitetsdirektør Hanne Harlem om å oppretta ei ny stilling som IT-forvaltar som rapporterer direkte til universitetsdirektøren, skal også handsamast på styremøtet. I forslaget går det fram at USITs oppdragsverksemd skal rapportera særskilt, men framleis vera ein integrert del av verksemda til USIT. Elles foreslår universitetsdirektøren at styret skal vedta at hovudprinsippa i ansvars- og oppgåvedelinga mellom lokal og sentral IT skal oppretthaldast som før.

Styret skal også ta stilling til eit forslag om korleis UiO skal posisjonera seg og auka talet på prosjekt som er finansierte av NUFU-programmet og Norads stipendprogram 2007-2011.

Universitetsstyret skal ikkje tilsetja nokon ny kommunikasjonsdirektør i denne omgang. Grunnen er at tilsetjingsprosessen ikkje er komen langt nok. Men det blir for lenge å venta med dette til neste styremøte i mai. Difor vil styret bli orientert om kor langt dette arbeidet er kome, og universitetsdirektør Hanne Harlem ber styret om at tilsetjinga anten blir gjort som ei sirkulasjonssak eller ved eit telefonmøte med styremedlemane, så snart innstillinga er klar. I fylgje saksdokumentet var det 19 søkjarar til stillinga. Fire eksterne søkjarar blei kalla inn til intervju i førre veke. Namna på dei fire er enno ikkje offentleggjorde.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. mars 2006 13:45 - Sist endret 10. des. 2008 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere