- Lettare å kommunisera personalpolitikken

-Det blir lettare å kommunisera personalpolitikken når det eksisterer eit felles dokument enn når den er forankra i fleire ulike dokument. Det seier organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen etter at eit samrøystes universitetsstyre stemde for eit framlegg til personalpolitikk tysdag 21. mars.

MÅ BRUKAST: - Både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar må bruka innhaldet i det personalpolitiske dokumentet, oppfordrar organisasjons- og personaldirektør Elisabeth Halsen.
Foto: Ståle Skogstad

- Det viktige er at me har fått løfta fram og tydeleggjort verdigrunnlaget for personalpolitikken. Målet er å få dei tilsette til å identifisera seg med UiO, og at me framstår som ein unik og attraktiv arbeidsplass, seier Elisabeth Halsen til Uniforum.

I eitt av punkta i verdigrunnlaget for personalpolitikken ved UiO, heiter det at fagleg sjølvstende, integritet og intellektuell fridom er grunnverdiar i UiOs virke og at det skal reflekterast i personalpolitikken. I dokumentet går det vidare fram at UiO skal bli ein attraktiv arbeidsplass gjennom tilbod om meiningsfulle oppgåver, individuelle høve til å utvikla seg, godt arbeidsmiljø og ein institusjonskultur prega av høgt fagleg og sosialt engasjement.

- Me har lagt vekt på å få ei balansert framstilling av tilhøvet mellom arbeidstakarinteresser og UiOs mål og behov. Dessutan skal personalpolitikken vera ei felles plattform som alle personaladministrative tiltak ved heile universitetet skal forankrast i. Me håpar også at dokumentet blir drøfta i leiarforum og at innhaldet i dokumentet blir formidla vidare til alle andre tilsette, understrekar Halsen.

- Men det er vel ikkje nok for at alle skal få vita om det?

- Nei, me vil sjølvsagt produsera ein informasjonsfoldar samtidig som me vil leggja ut informasjon om personalpolitikken på UiOs nettsider, lovar ho.

Og i arbeidet med å sy saman ein personalpolitikk har UiO-leiinga samarbeidd med fagforeiningane NTL, Forskarforbundet, Parat og Akademikerne.

- For oss var det viktig å få vedtatt det personalpolitiske dokumentet før me skal starta drøftingane om lønspolitikken til UiO. Difor har arbeidsprosessen i samband med utmeislinga av ein felles personalpolitikk vore svært positiv for alle partar, synest Halsen.

I dei personalpolitiske føringane blir det lista opp mål for både rekruttering, personaloppfylging og kompetanseutvikling og for medverknad i drift og utvikling av UiO.

- Det er viktig at måla i personalpolitikken også blir styrte etter i den daglege drifta av UiO. Både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar må bruka innhaldet i det personalpolitiske dokumentet, er oppfordringa ho kjem med.

Emneord: Universitetspolitikk, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 28. mars 2006 15:33 - Sist endra 10. des. 2008 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere