- Dette er det mest alvorlege åtaket på forskingsfridomen sidan Ryssdalutvalet kom med forslaga sine, meiner nyvald leiar Bjørn Øgaard i Forskarforbundet ved UiO.
Arbeidsretten frifann altså samrøystes Kunnskapsdepartementet for å ha brote særavtalen for vitskaplege tilsette då saka var oppe til doms fredag 17. mars. Det vil seia at Arbeidsretten gir Kunnskapsdepartementet full rett til å delegera fordelinga av forskingstid til institusjonane.
Individuell eller institusjonell rett
I særavtalen frå 1992 ligg det også eit referat frå eit møte om arbeidsfordeling mellom tenestemannsorganisasjonane og representantar for det dåverande Kyrkje,- utdannings- og forskingsdepartementet frå 18. september 1992.
I dette referatet går det fram at den fordelinga av den individuelle arbeidstida for vitskaplege tilsette på universitet og vitskaplege høgskular bør vera slik at halvparten går til forsking og den andre halvparten til undervisning.
Når det gjeld dei statlege høgskulane, skulle 75 prosent av den samla arbeidstida brukast til undervisning og resten av tida til forsking. Arbeidsretten har altså ikkje tolka dette som ein individuell rett, men sett på dette som eit mål for heile verksemda til universiteta og dei vitskaplege høgskulane.
- Åtak på forskingsfridomen
- Dette er eit klårt åtak på forskingsfridomen sidan retten til å forska kan bli administrert bort. Konsekvensen kan bli at det blir endå mindre attraktivt å bli forskarar ved eit profesjonsfakultet som odontologi fordi det blir for mykje undervisning i høve til forsking, fortel Forskarforbundets lokallagsleiar, Bjørn Øgaard som til dagleg er professor ved Det odontologiske fakultetet.
Han forstår ikkje korleis regjeringa på denne måten kan nå målet om å lata investeringar i forsking og utvikling utgjera 3 prosent av brutto nasjonalproduktet i 2010.
- Skal regjeringa klara det, kan den ikkje lata institusjonane få rett til å skjera ned på forskingstida til fordel for undervisningstida for forskarane. Då må regjeringa tvert imot auka forskingstida vår, understrekar han.
Kan seia opp særavtalen
Fylgjen av dommen kan bli at heile særavtalen blir sagt opp av Forskarforbundet.
- Då vil forskarane koma inn under dei vanlege reglane i Tenestemannslova og få arbeidstid mellom 8 og 16 med fri kvar helg og ha rett til overtidsbetaling for alt arbeid utanom dette. Det kan truleg bli dyrare for staten enn å lata oss få ha dagens særavtale med vår tolking av den, meiner Øgaard, hovudtillitsvald Live R. Skrindo og dei tillitsvalde Kristian Mollestad og Aud-Jorunn Sandal.
Forskarforbundet har frist fram til mai med å finna ut korleis dei vil reagera på dommen i Arbeidsretten.
- Kunnskapsdepartementet var truleg ute etter å ta denne retten frå dei vitskaplege tilsette på universiteta og dei vitskaplege høgskulane fordi det ville bli for dyrt for dei når endå fleire statlege høgskular går over til å bli universitet, understrekar Skrindo og Mollestad.
Tru på det nye rektoratet
Dei har likevel håp om at det ikkje vil skje så altfor drastiske ting ved UiO enno.
- Nei, me har tru på det nye rektoratet som i valprogrammet sitt markerte seg for ein individuell forskingsrett og forskingsplikt. Difor er me ganske sikre på at det i alle fall i ein kortare periode vil vera mogleg for oss å få vidareført dagens ordning i ein lokal avtale. Men me er skeptiske til at dette kan føra til ein ulik praksis frå universitet til universitet, slår Øgaard og Sandal fast.
Vil auka løna til forskarane
Også i dei lokale lønsforhandlingane vil Forskarforbundet i
år slå eit slag for det vitskaplege personalet.
- Det mest akutte er nok profesjonsfakulteta som har alvorleg
rekrutteringssvikt. Der konkurrerer ein ikkje lenger berre
med privat verksemd, men også med det offentlege. Ei
stipendiatløn på 300 000 kroner er småpengar mot det til
dømes tannlegar kan tena andre stader. Det same gjeld for jus
og medisin, konstaterer Øgaard.
Både desse forskarane, førstekonsulentane og dei tilsette på Universitetsbiblioteket vil vera dei prioriterte gruppene for Forskarforbundet.
- Kravet vårt er at høg utdanning skal gi høg løn. Difor vil me kjempa for desse gruppene, understrekar dei.
Logg inn for å kommentere