Fekk ungdomar til å eta meir frukt

Ernæringsforskarar klarte å få skuleelevar i tre land til å eta 18 prosent meir frukt og grønsaker etter å ha innført eit eige undervisningsopplegg for elevane og delt ut informasjon til foreldra. Parallelt prøvde dei å auka tilbodet av frukt på skulen. Det fortel professor Johannes Brug frå Erasmus-universitetet i Rotterdam i Nederland og Mona Bjelland ved Avdeling for ernæringsvitskap, UiO, som har administrert prosjektet.

GAV FRUKTER: - Skuleelevar åt 18 prosent meir frukt enn dei gjorde då prosjektet starta opp, fortel professor Johannes Brug frå Erasmus-universitetet i Nederland og Mona Bjelland frå UiO.

Foto: Ola Sæther

1600 elevar frå 11 til 13 år frå dei tre landa Noreg, Nederland og Spania deltok i undersøkinga som starta hausten 2003 og blei avslutta i juni 2005.

Forskingsprosjektet gjekk ut på å finna ut korleis dei kunne betra folkehelsa gjennom å få europeiske skuleelevar til å eta meir frukt og grønsaker. Det blei finansiert av EUs femte rammeprogram, og professor Knut Inge Klepp ved Avdeling for ernæringsvitskap har vore prosjektkoordinator, medan Mona Bjelland har vore prosjektleiar. Først kartla forskarane inntaket av frukt og grønsaker blant 14 000 skuleelevar i dei ni landa Austerrike, Belgia, Danmark, Island, Nederland, Noreg, Portugal, Sverige og Spania.

- Middelhavsdietten på veg ut

- Til dette arbeidet utvikla me eit eige spørjeskjema til elevane på tolv ulike språk, der me ville vita grunnen til at dei ikkje åt meir frukt og kva som måtte til for at dei skulle eta meir av både frukt og grønsaker, seier Brug. Resultatet var annleis enn det dei hadde tenkt seg.

- Me fann ut at det stod aller best til blant skuleelevane i Austerrike og Portugal. Men Sverige låg ikkje langt bak, truleg fordi dei alltid inkluderer ei grønsak i den daglege gratis lunsjen. Samtidig stod det dårlegast til på Island, medan skuleelevar i Spania også gjorde det uventa dårleg.

- Det kan vera eit teikn på at den berømte middelhavsdietten er på veg ut, til fordel for meir vestlege kosthaldsvanar med hamburgarar og brus. Heller ikkje Nederland kom særleg bra ut. Grunnen kan vera at alle elevar der drar heim for å eta lunsj. Når det gjeld Noreg, så låg inntaket av frukt og grønt sånn midt på treet, fortel Brug og Bjelland.

Ingen elevar åt nok frukt

Likevel var det ingen av elleveåringane i desse landa som hadde eit dagleg inntak av frukt og grønt på 400 gram, slik Verdas helseorganisasjon (WHO) tilrår. I dei landa som kom best ut, altså Austerrike og Portugal, åt elleveåringane rundt 250 gram med frukt og grønsaker dagleg.

I alle landa var skuleelevane positive til å eta frukt og grønsaker, og jenter var meir positive enn gutar. Men alle var meir positive til frukt enn til grønsaker. Dei aller fleste skuleelevane rapporterte at det var lettare å få tak i frukt og grønsaker heime enn på skulen.

Etter den første kartlegginga brukte ernæringsforskarane skuleelevar i dei tre landa Noreg, Nederland og Spania for å finna ut korleis dei kunne få dei til å eta meir frukt og grønsaker. I Noreg deltok 18 grunnskular i Buskerud i undersøkinga.

- Auka fruktinntaket med 18 prosent

- Då sette me i gang arbeidet med å finna ut kva som skulle til for å få desse skuleelevane til å eta meir frukt og grønsaker. Dessutan ville me finna ut om det ville vera lettare å eta meir grønt om det var meir tilgjengeleg på skulen, fortel Bjelland og Brug.

Basert på desse kvalitative studiane, fleire pilotprosjekt og studiar av relevant litteratur, utvikla ernæringsforskarane eit omfattande program for å få elevane til å eta meir frukt og grønsaker.

- Resultatet blei altså at skuleelevane i Nederland, Noreg og Spania åt 18 prosent meir frukt og grønsaker enn det dei gjorde då prosjektet starta opp. I Spania var det arbeidet med å få foreldra til å senda frukt og grønsaker med barna når dei skulle på skulen som gjorde utslaget. I Noreg og Nederland var det det auka fokuset på eit betre frukttilbod i skulen som kan ha vore grunnen. I dei spanske forsøksskulane innførte dei også ein eigen fruktpause for at barna skulle få høve til å eta opp den medbrakte frukta eller grønsakene sine. Dermed kunne lunsjpausen vera som før, fortel Brug.

- Colaautomatane må bort frå skulen

- Det er også viktig at alle brus- og colaautomatar og automatar som inneheld andre søtsaker forsvinn frå skuleområdet. Når barna får tilbod om frukt og grønt og får vita kvifor det er viktig at dei et det, så gjer dei det. Det viser også andre skulefruktprosjekt i Noreg, meiner Bjelland. Begge ser svært positivt på det tverrnasjonale forskingssamarbeidet.

- Det har ført til at me har klart å utvikla eit spørjeskjema for ni land på tolv forskjellige språk som også andre ernæringsforskarar kan bruka i framtida. Prosjektet har fødd åtte nye doktoravhandlingar, og altså funne fram til ein metode som kan føra til at den europeiske folkehelsa blir betre fordi unge vil eta meir frukt og grønsaker, konstaterer Bjelland og Brug.

Emneord: Medisin, Forskning, Internasjonalisering, Forskning om ungdom Av Martin Toft
Publisert 23. mars 2006 15:07 - Sist endra 28. jan. 2013 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere