Fekk ein heil bydel ut på tur

1776 personar på Romsås fekk eit betre liv etter at helsetenesta, andre lokale krefter og forskarar klarte å få mange fleire til å gå på tur og delta i trim med musikk. Dermed er risikoen for at dei skal få diabetes 2 og utvikla overvekt blitt kraftig redusert. Det er eitt av funna Anne Karen Jenum har gjort under arbeidet med den medisinske doktoravhandlinga si.

HELSE I KVART STEG: -Trim gav folk på Romsås ei betre helse enn folk på Furuset, fortel forskar Anne Karen Jenum (t.v.) på tur langs Akerselva med kollega Sidsel Graf Iversen.

- Det viktigaste me klarte var å redusera talet på innbyggjarar som ikkje var fysisk aktive, ved å setja i gang enkle tiltak i ein heil bydel. Effekten av tiltaka har vore svært stor, fortel Anne Karen Jenum til Uniforum. I ei doktoravhandling i medisin frå Universitetet i Oslo har ho sett på kva effektar helseprosjektet Mosjon på Romsås har hatt frå det blei sett i gang i 2000 til det blei avslutta i 2003.

- I den første helseundersøkinga i 2000 deltok 2950 personar frå 30 til 67 år medan 1776 av dei deltok i den siste helseundersøkinga i 2003. I kontrollbydelen Furuset blei ingen tiltak sette i gang. Resultatet viste at i begge bydelane hadde gjennomsnittsvekta gått opp, men vektauken i Romsås var halvert i høve til kontrollbydelen Furuset. Fleire hadde slutta å røyka, medan blodtrykket, blodfeittstoffa og blodsukkernivået viste ei mykje betre utvikling på Romsås enn på Furuset, konstaterer Jenum.

Ville betra folkehelsa

Bakgrunnen for å setja i gang prosjektet var undersøkingar som viste at det var fleire tilfelle av diabetes 2, overvekt, høgt blodtrykk, høge verdiar av feittstoff i blodet og røyking i dei austlege bydelane i Oslo i høve til resten av byen. På Romsås blei det difor sett i verk ein partnarskap mellom den lokale helsetenesta, bydelsleiinga, andre lokale partnarar og forskarar for å utvikla tiltak som kunne endra nokre av vanane til innbyggjarane i bydelen.

- Ein eigen folkesti blei merka og lagt mellom burettslaga og andre trimløyper i nærmiljøet, og gangvegane blei betre strødde for å gjera det lettare for folk i bydelen å vera fysisk aktive. Trimtilbod som gå-grupper og trim til musikk blei også sette i gang. For å få dei med innvandrarbakgrunn til å trimma meir, samarbeidde me med norskopplæringa i bydelen, fortel Jenum. Ho tykte resultata av tiltaka var heilt unike.

- Det er ikkje lett å endra levevanar. Prosjektet lykkast med dette gjennom å bruka ein godt fundamentert teori som grunnlag for kva som forklarar åtferd og kva som endrar åtferd. Ein viktig grunn til at det gjekk så bra, var den gode kontakten me hadde med innbyggjarane i bydelen og at alle som deltok i prosjektet, blei inviterte til å delta. Det var ikkje noko som blei tvinga på dei utanfrå, understrekar ho. Eit godt døme på det er det faktum at av dei som deltok i undersøkinga i 2000, takka 1776 ja til å delta på nytt igjen i 2003, altså rundt 67 prosent.

Testa fysisk form

- To gonger i året kunne også alle dei som ville det, få testa forma gjennom å gå ei to kilometer lang trimløype. Me tok både tida og pulsen på dei og kunne fortelja dei om dei hadde ein form som var over, under eller på gjennomsnittet. I tillegg delte me ut informasjon om kor viktig det var med fysisk aktivitet. Alle desse tiltaka fungerte godt saman, akkurat som instrumenta i eit orkester. Samspelet mellom dei, medverka til at den fysiske aktiviteten auka hos innbyggjarane på Romsås. Det førte også til ein redusert fare for at innbyggjarane skulle få livsstilssjukdomar, forklarar ho.

- Kan ikkje dei positive helsegevinstane også skuldast kosthaldet?

- Nei, så langt tyder alt på at hovudgrunnen til at det er blitt ei betre utvikling av folkehelsa på Romsås i høve til Furuset, er tiltaka me sette i gang for å auka den fysiske aktiviteten blant innbyggjarane der, slår ho fast.

No håpar ho at ho kan forska vidare mellom anna på korleis det vil vera mogleg å få ned tilfella av diabetes 2 blant innvandrarane i denne bydelen.

- Det er nemleg langt fleire tilfelle av diabetes 2 i alle innvandrargrupper enn hos etniske nordmenn. For meg som forskar vil det vera interessant å finna ut meir om grunnen til at det er slik og finna fram til tiltak som kan endra utviklinga, også blant dei, seier Jenum, som nyleg har fått eit postdoktorstipend.

Emneord: Medisin, Forskning Av Martin Toft
Publisert 28. mars 2006 16:03 - Sist endra 10. des. 2008 14:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere