- Den globale oppvarminga kan stansast

- Det vil i gjennomsnitt kosta kvart land fire prosent av brutto nasjonalprodukt frå 2007 til 2050 å setja i verk tiltak som kan stabilisera den globale oppvarminga. Det vil vera ein liten pris å betala, for frå 2051 vil denne investeringa byrja å løna seg igjen. Det sa leiaren for FNs klimapanel, Rajendra.K. Pauchari på ein konferanse på UiO i førre veke.

VÅRT ANSVAR: - Det er vårt ansvar å sikra i tide at også framtidige generasjonar får gode nok levevilkår på jorda, sa leiar for FNs klimapanel, Rajendra K. Pauchari.
Foto: Martin Toft

Indaren Rajendra K. Pauchari slo an ein optimistisk tone på vegner av klimaet på jorda, då han talte i samband med den formelle oppstarten av CIENS Forskingssenter for miljø og samfunn.

- Kven av oss ville for fire år sidan ha spådd at USAs president George W. Bush ville ha kalla amerikanarane for oljeavhengige, og ha sett i gang tiltak for å utvikla alternative energikjelder? spurde han.

- Ny modell for økonomisk vekst

Pauchari åtvara også mot at den økonomiske veksten til utviklingsland som til dømes, India, berre skal målast etter den økonomiske modellen til industrilanda. - Me må endra denne modellen og utvikla ein annan modell for økonomisk vekst, meinte han, og understreka også at heller ikkje han var nøgd med innsatsen India har gjort for å redusera forureinande utslepp frå industrien.

- Det er vårt ansvar å sikra i tide at også framtidige generasjonar får gode nok levevilkår på jorda. Det hastar og difor må me setja i gang med det no, konstaterte han og viste til nye ferske tal som FNs klimapanel hadde fått på bordet.

Mot varmare tider

- 1990-talet var det varmaste tiåret og 1998 det varmaste året i heile det 20. hundreåret. Ingen isbre blei større i det 20. hundreåret. Derimot har isen i Arktis minka med mellom 10 og 15 prosent, medan istjukna nokre stader er blitt redusert med 40 prosent. Sidan 1960 har også områda som blir dekte med snø, gått tilbake med 10 prosent. Korallreva er også i ferd med å bli øydelagde på grunn av klimaendringar. I Himalaya er isbreane i ferd med å bli mindre. Desse teikna gir oss eit lite glimt av det som kan skje i framtida, presiserte han før han viste til dei siste temperaturstatistikkane.

- Viss me held fram med å sleppa ut like mykje CO² som i dag, vil gjennomsnittstemperaturen på jorda auka med mellom 1,4 og 5,8 grader Celsius frå 1990 til 2100. Det vil føra til svært store endringar på jorda. Då vil det ikkje vera det auka havnivået eg er mest uroa over. Derimot vil det føra til fleire orkanar og fleire stormar. For dersom havnivået hadde vore 30 cm høgare under tsunamien i Sør-Asia i desember 2004, ville katastrofen ha blitt endå større. Det er difor viktig at dei politiske leiarane ser lenger enn berre til mest mogleg økonomisk vekst når dei stakar ut framtidas politikk, meinte han.

- Menneskelege aktivitetar har ansvaret

Han viste til at både tal og andre indikasjonar som FNs klimapanel (IPCC, Intergovernmental Panel on Climate Change) hadde fått inn, var ganske klare.

- Det kjem inn ei aukande mengd prov på at det er menneskelege aktivitetar som har ansvaret for klimaendringa. Den største endringa har skjedd i løpet av dei siste 50 åra. Eg vil gjerne visa til funna til Lester Brown, som er kjend som initiativtakar for rapporten "State of the World". Han har funne ut at klimaendringa allereie har påverka landbruket i Kina. Der er avlingane i ferd med å minka i høve til tidlegare. Det kan også føra til problem for vassforsyning og vasskvaliteten, konstaterte han.

Pauchari var også oppteken av å visa kor mange fagfellevurderingar kvar artikkel dei publiserer går gjennom, før funna i artikkelen blir publiserte i rapportane til FNs klimapanel. Men han understreka at det dei hadde kome fram til var prognosar og ikkje spådomar.

Optimistisk

Likevel ynskte han å sjå optimistisk på framtida.
- Oljeselskapet BP er i ferd med å utvikla biobrensel, vindkraft og solenergi. Det er også mange land som har utvikla metanol som drivstoff for bilar. Og i nokre landsbyar i India har kvinnene tatt i bruk solenergi som drivkraft i staden for muskelkraft i heimeindustrien, fortalde han.

Emneord: Forskning, Miljøforskning Av Martin Toft
Publisert 13. mars 2006 13:51 - Sist endret 10. des. 2008 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere