Då staten oppdaga bøndene i Peru

- Indianarbøndene i Andesfjella i Peru organiserte sjølvforsvarsgrupper mot geriljagruppa Lysande Sti og medverka til at staten klarte å nedkjempa geriljaen. Det gav dei legitimitet til å krevja at staten skulle finansiera bygging av helsesenter, skular, vegar og bruer på landsbygda, fortel Jemima García-Godos ved Senter for utvikling og miljø. Ho har skrive ei doktoravhandling i samfunnsgeografi om alliansen mellom stat og bønder i Peru.

ALLIANSE: Jemima García-Godos har skrive ei doktoravhandling om alliansen mellom stat og indianarbønder i Peru under krigen mot geriljagruppa Lysande Sti.
Foto: Ola Sæther

Frå 1980 til 1993 var det krig mellom den peruanske staten og den maoistiske geriljagruppa Lysande Sti i Peru. Truleg mista 69 000 personar livet i denne interne konflikten som gjekk føre seg både i byane og på landsbygda. Det var først då Alberto Fujimori blei president på byrjinga av 1990-talet, staten fekk overtaket og til slutt klarte å nedkjempa geriljaen rundt 1992/93. Forskar Jemima García-Godos, som sjølv kjem frå Peru, slår fast i doktoravhandlinga si at ein av grunnane til at staten lykkast med dette, var alliansen som staten inngjekk med indianske bønder i Andesfjella.

- Dei indianske bøndene hadde organisert sjølvforsvarsgrupper for å verna landsbyane sine mot åtak frå geriljarørsla Lysande Sti. Dermed fann dei militære ut at i staden for å mistenkeleggjera bøndene, var det naudsynt å inngå ein allianse med folket på landsbygda for at dei skulle vinna denne krigen. På heile 1980-talet hadde dei nemleg kjempa mot geriljaen utan særleg framgang.

- Dei inngjekk difor ein allianse med bøndene mot geriljagruppa og samtidig blei det organisert liknande sjølvforsvarsgrupper for bønder andre stader i landet. Nokre stader blei det gjort med tvang, medan andre stader var det frivillig. Det var ei viktig årsak til at dei til slutt klarte å vinna over Lysande Sti, fortel García-Godos.

Fekk statleg støtte

Ho viser til at denne sigrande alliansen førte til at desse indianarbøndene fekk ein ny status overfor staten.

- Denne kampen gav dei ein juridisk legitimitet overfor staten som dei ikkje hadde hatt tidlegare. Difor kunne dei koma med krav som dei ikkje hadde fått gjennomslag for før. Og desse krava fekk dei tilslutning for hos president Alberto Fujimori. Difor blei det sett i gang små utviklingsprosjekt i desse landsbyane som kom alle innbyggjarane til gode. Det blei bygd helsesenter, skular, vegar og bruer. På den måten blei interessene til bondesamfunnet styrkte, sjølv om staten kravde lydnad og politisk støtte tilbake, fortel ho. Men det førte også til andre positive tiltak for desse bøndene.

Bøndene fekk ei ny rolle

- Dei fekk statleg hjelp til å få internflyktningar til å venda tilbake til landsbyane sine. Dessutan blei det oppretta ein eigen offentleg etat, som hadde som si einaste oppgåve å driva med oppattbygging og utvikling av dei valdsherja områda, seier García-Godos og viser til korleis dette også førte til ei endring av talemåten til politikarar og byråkratar i Peru.

- Den nye talemåten eller diskursen framhevar rolla til bøndene som forsvararar av rettsstaten og pliktene staten har overfor sine nye allierte. Som ei fylgje av alliansen mellom bønder og stat oppstod ordpara oppattbygging og utvikling i staden for ordpara fattigdom og krig, som var det mest vanlege tidlegare. Men krava som bøndene stilte til staten som takk for hjelpa, var heilt legitime krav som alle byborgarar hadde stilt til staten utan at det skulle vera noko takk for innsatsen. På den måten blei det danna ein ny diskurs om integrering av bøndene i det peruanske samfunnet, fortel ho.

Forsoning

I dag blir det snakka meir om forsoning mellom dei ulike samfunnsgruppene i Peru, men det inneber ikkje forsoning med medlemar av geriljagruppa Lysande Sti.

- Nei, men også her har bøndene på ein måte gått føre som eit godt døme sidan dei har tilgitt og inkludert tidlegare sympartisørar av Lysande Sti i landsbyane sine, så sant dei har kome med eit vitnemål om det dei har vore med på, fortel ho. Rundt rekna 6000 personar var organiserte i Lysande Sti under den interne konflikten. I dag er mange av dei i fengsel, medan mange andre blei drepne under krigen.

- Det var minst like mange lærarar og studentar med i den geriljagruppa som bønder, understrekar García-Godos. For eit par år sidan offenleggjorde Sannings- og forsoningskommisjonen i Peru rapporten sin om menneskerettsbrot som blei gjorde av alle partane under den interne konflikten i Peru.

- Det var så vidt bøndene fekk den rosen dei fortente for den innsatsen dei hadde gjort i kampen mot geriljagruppa Lysande Sti. Men Sanningskommisjonen går inn for økonomisk erstatning til heile samfunn og ikkje til kvar einskild person. Difor blir det sett i gang tiltak for offera og starta felles utviklingsprosjekt i dei hardast råka områda i Peru, fortel ho.

- På tide med kvinneleg president

Dagens president Alejandro Toledo har møtt mykje kritikk for den økonomiske politikken sin.

- I 2003 var det mange som sa at det var mykje betre i Peru under Alberto Fujimori, som også hadde ein sterk posisjon blant bøndene. Men i dag viser det seg at spesielt mellomklassen har nytt godt av den økonomiske politikken til Toledo, som har gjort landet til eit av dei mest økonomisk stabile i Latin-Amerika, sjølv om heller ikkje han har klart å utrydda fattigdomen, konstaterer ho.

- Denne våren er det presidentval i Peru med 19 kandidatar. Kven trur du kjem til å få bøndene sine stemmer?

- Det er det vanskeleg å spå noko om, for alle kandidatane snakkar berre om økonomi og lite om forholda til bøndene. Dessutan er det vanskeleg å finna ut korleis dei vil fylgja opp rapporten til Sanningskommisjonen. Personleg håpar eg ei kvinne vinn. Det er på tide med ein kvinneleg president i Peru, seier ho.

Fakta om Peru:
Republikk i Sør-Amerika
Hovudstad: Lima
President: Alejandro Toledo
Flatevidde: 1 285 216 kvadratkilometer
Folketal: 27,9 millionar
Etniske grupper: Indianarar (45 (%), mestisar (37 %) europearar (15 %), afroperuanarar, japanarar og kinesarar (3 %)
Språk: spansk (offisielt), quechua (offisielt) og aymara.
Religion: romerskkatolsk (81 %)
Fakta om Lysande Sti (Sendero Luminoso):
- maoistisk geriljagruppe stifta av universitetsprofessoren Abimael Guzman på 1970-talet
- førte krig mot den peruanske regjeringa frå 1980 til dei blei nedkjempa i 1992/93
- krigen førte til rundt 69 000 drepne på dei 13 åra den varte.
Emneord: Forskning, Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 8. mars 2006 13:23 - Sist endra 10. des. 2008 14:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere