Få møtte rektoratet

Rundt 20 personar møtte opp då rektoratet for første gong inviterte til eit uformelt møte i Klubben i Georg Sverdrups hus torsdag 2. februar. Kvalitetsreforma og lojalitet overfor overordna var to av sakene som blei tatt opp.

REKTORATET MØTTE FOLKET: Prorektor Haakon Breien Benestad, viserektor Inga Bostad og rektor Geir Ellingsrud blei ynskte velkomne av Fanny Duckert.
Foto: Martin Toft

Både rektor Geir Ellingsrud, prorektor Haakon Breien Benestad og viserektor Inga Bostad stilte opp på det første uformelle møtet mellom rektoratet og dei UiO-tilsette i Fakultetsklubben torsdag 2. februar. Dei aller fleste av dei frammøtte var vitskaplege tilsette, medan det var få andre tilsette.

Rektor Geir Ellingsrud blei ynskt velkomen av ein gamal kjenning frå rektorvalkampen, tidlegare rektorkandidat Fanny Duckert. Denne gong stilte ho opp i rolla som leiar for klubbstyret. Ellingsrud og Benestad kom først inn på tilbakemeldingane dei hadde fått frå dei tilsette under besøksrunden til institutta.

- Inntrykket vårt er at Kvalitetsreforma er eit viktig tema både på HF og på SV-fakultetet. Folk har nok forgapt seg i talet på kurs og studieprogram, noko som har gitt dei vitskaplege tilsette for lita tid til forsking, hadde Ellingsrud observert. - Det var faktisk lite snakk om mangel på pengar, bortsett frå ved to institutt, la Benestad til.

- Vil laga ny finansieringsmodell

Instituttleiar Jorunn Bjørgum ved Institutt for arkeologi, konservering og historiske studium (IAKH) ville gjerne vita kva rektoratet ville gjera med finansieringsordninga på UiO.

- Me er i gang med arbeidet med å laga ein ny finansieringsmodell. Det vil bli sett ned eit utval som skal arbeida med dette spørsmålet, og saka kjem opp i neste møte i Universitetsstyret 28. februar. Eitt av mandata til utvalet blir å sjå på om det vil bli mogleg å få til større samanheng mellom dei oppgåvene ein har og dei pengane ein får. Utvalet skal finna ut kor stort problem det er for forskingsmiljøa på UiO at mesteparten av den eksterne finansieringa ikkje er fullfinansiert og difor kostar gjennomføringa av prosjekta meir enn det pengane dei får, dekkar, fortalde Ellingsrud, som såg føre seg ei ordning med ei fast grunnløyving.

- Men dei endringane som utvalet vil foreslå, vil me ikkje få inn i universitetsbudsjettet før i 2008, la han til.

Ytringsfridom vs. lojalitet

Dessutan blei det spurt om tilsette som er usamde med avgjerder deira overordna hadde tatt, skulle ta til motmæle eller teia stilt og vera lojale mot leiinga. På det siste spørsmålet svarte Geir Ellingsrud at det eksisterer ytringsfridom på universitetet, men samtidig er det også viktig med lojalitet.

Viserektor Inga Bostad er ansvarleg for undervisning og likestilling, og kunne lova at den lokale evalueringa av Kvalitetsreforma no er i gang.

- Det kjem også til å bli arrangert eit eige vekeseminar om studiereforma, slo ho fast. Den diskusjonen skal koplast til den nasjonale evalueringa som Rokkansenteret på Universitetet i Bergen har fått i oppdrag å gjennomføra. Det neste utformelle møtet med rektoratet blir torsdag 2. mars kl. 15. Møta er opne for alle UiO-tilsette.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2006 10:48 - Sist endra 10. des. 2008 14:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere