Skal granska forskingsjukset

- Me kjem til å granska medforfattarane, men me vil også ha synspunkt på rolla til forskingstidsskrifta i samband med forskingsskandalen på Radiumhospitalet. Det sa mannen som skal leia granskinga, professor Anders Ekbom frå Karolinska Institutet, på ein pressekonferanse torsdag 19. januar. Rikshospitalet-Radiumhospitalet og UiO har no oppnemnt ein uavhengig granskingskommisjon i samband med denne saka. Kommisjonen skal vera ferdig med rapporten sin 1. april 2006.

SJEFSGRANSKAR: Epidemiologiprofessor Anders Ekbom (i midten) skal leia granskinga av forskingsskandalen på Radiumhospitalet. T.v. dekan Stein A. Evensen og t.h. strategidirektør Stein Vaaler.
Foto: Martin Toft

- Eg ser det som ei stor ære at det er eg som er peika ut til å leia denne kommisjonen, sjølv om eg ikkje har røynsle i å gjera det frå tidlegare. Legitimiteten vår ligg i at me også er aktive forskarar, sa epidemiologiprofessor Anders Ekbom på ein godt besøkt pressekonferanse på Rikshospitalet torsdag 19. januar. Han viser til at det har vore tilfelle av mindre forskingsfusk i Sverige, men ikkje så alvorlege som denne saka frå Radiumhospitalet.
- Det er grunnen til at eg har tapt uskulda og kanskje ikkje blei så overraska då dette forskingsfusket blei kjent. Samtidig er eg svært glad for at det ikkje skjedde i Sverige. Det var berre tilfeldig at det var Noreg som var åstaden for denne skandalen denne gongen. Det kunne også ha skjedd i Sverige eller i Danmark, sa han.

Skal finna omfanget av regelbrota

Formålet med granskinga er å finna fram til og gå gjennom alle faktiske forhold i samband med kreftforskar Jon Sudbøs forskingsartikkel i tidsskriftet The Lancet 15. oktober 2005. Kommisjonen skal også vurdera anna forsking og andre forhold som kommisjonen vurderer har tilknyting til denne saka, går det fram av ei felles pressemelding frå Rikshospitalet-Radiumhospitalet og Universitetet i Oslo.

I mandatet til kommisjonen høyrer det dessutan med, at den skal bringa på det reine omfanget av brot på standardar for vitskapleg forsking og andre kritikkverdige forhold. Den skal finna ut om det er spesielle forhold som har påverka det som er gjort i denne saka, både eigeninteressa til forskarane og om det har vore spesielle eksterne interesser, rammer, vilkår og bindingar for det som er gjort. I tillegg skal kommisjonen kartleggja dei skadelege fylgjene for forskinga og ikkje minst kva skadeverknader dette har hatt på pasientbehandlinga.

Vil kartleggja dei negative verknadane

Kommisjonen skal også vurdera og klarleggja dei negative verknadene saka har ført til for den vitskaplege forskinga ved Rikshospitalet-Radiumhospitalet og relevante forskingsområde ved UiO . Også reglar og rutinar for kontroll og kvalitetssikring ved desse forskingsinstitusjonane skal vurderast av kommisjonen, som får mandat til å granska om dei er blitt fylgde. Den kan koma med synspunkt på om dei bør endrast og koma med framlegg til slike endringar. Den ferdige rapporten til kommisjonen skal vera klar innan 1. april i år.

Dekan Stein A. Evensen ved Det medisinske fakultetet meinte kommisjonen hadde ei formidabel oppgåve.

- Den må no hjelpa til med å rydda opp i all uvissa og alt tap av truverde som den medisinske forskinga har lidd så langt. Fakultetet vil syta for at kommisjonen får så gode arbeidsforhold som mogleg. Den største skadeverknaden for den medisinske forskinga er truleg at truverdet til dei gode og oversiktelege databasane med pasientregister og helseopplysningar over mest alle nordmenn, no har fått seg ein knekk. Det er dei me alltid trekkjer fram som vårt store fortrinn på internasjonale konferansar, sa Evensen.

- Medforfattarane må også granskast

Både strategidirektør Stein Vaaler ved Rikshospitalet og dekan Stein A. Evensen lovde at rolla til medforfattarane også skulle undersøkjast av kommisjonen.

- Ja, det ligg også i mandatet. Kreftforskaren har gått med på å gi oss alt grunnlagsmaterialet for at me skal få tilgang til kva rolle andre også har spelt, understreka Vaaler.

- Medforfattarane må også granskast. Det finst ingen veg utanom det, men me har så langt ikkje grunnlag for å seia at andre er involverte i denne saka. Fleire av medforfattarane har heilt klart ikkje reagert på heilt klare feil, men det er skilnad på det og rein juks. Kravet til medforfattarskap bør skjerpast både på det medisinske fakultetet og på resten av universitetet, slo Evensen fast. Både Ekbom, Evensen og Vaaler var overtydde om at også dei amerikanske forskarane som var medforfattarar på den omtalte artikkelen, vil levera ut alle relevante opplysningar når det amerikanske kreftinstituttet ber dei om det.

- Ingen av dei vil seia nei til det, understreka Ekbom.

Ektemaken til Jon Sudbø er også ein av medforfattarane av artikkelen. Strategidirektør Vaaler hadde ingen informasjon som skulle seia at dei andre medforfattarane visste noko om jukset.

- Det går likevel ikkje an å omfamna feiaren utan å bli svart av det, meinte Evensen.

Ser på rolla til forskingsstidsskrifta

I løpet av kort tid er det avdekka to forskingsskandalar i samband med artiklar som er publiserte i prestisjetunge forskingstidsskrift som Science og The Lancet. Først i Science med skandalen rundt stamcelleforskaren Hwang San-Suuk frå Sør-Korea og deretter i The Lancet, der kreftforskaren Jon Sudbø altså hadde fabrikkert alle vitskaplege data i artikkelen han publiserte. På spørsmål frå Uniforum, stadfestar Anders Ekbom at granskingskommisjonen også vil sjå på rolla til forskingsstidsskrifta.

- Me har nok ikkje så stor påverknadskraft at me klarer å endra rutinane til tidsskrift som Nature, Science og The Lancet, men me kjem til å presentera synspunkta våre på rolla dei spelar i samband med publisering av forskingsresultat. Sidan me også får tilgang til all korrespondanse mellom medforfattarane og The Lancet, kan me finna ut om fagfellevurderinga har vore god nok i dette tilfellet, sa Ekbom.

Desse personane er medlemar i granskingskommisjonen:
Professor Anders Ekbom, Karolinska Institutet (leiar)
Spesialrådgjevar Gro E.M.Helgesen, Noregs forskingsråd
Seniorforskar Aage Tverdal, Nasjonalt folkehelseinstitutt
Professor Dag Thelle, Universitetet i Oslo
Ein jurist peika ut av UiO
Ein representant frå National Cancer Institute (NCI), USA
Ein representant frå NTNU i Trondheim
Emneord: Etikk, Forskning, Medisin Av Martin Toft
Publisert 18. jan. 2006 17:34 - Sist endra 10. des. 2008 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere