Vitskapsakademiet ekskluderer ikkje gresk juntaminister

Det Norske Vitskapsakademiet reiser ikkje eksklusjonssak mot den tidlegare greske juntaministeren Johannes Triantaphyllópoulos. Det har styret for Vitskapsakademiet bestemt på grunnlag av ei innstilling frå menneskerettskomiteen til akademiet. Komiteen konkluderer med at det var mangel på politisk dømmekraft som gjorde at han sa ja til vervet som justisminister.

AKADEMIET: Vitskapsakademiet vil ikkje reisa eksklusjonssak mot den greske professoren Johannes Triantaphyllópoulos, sjølv om han var justisminister i den greske militærregjeringa i 1968.
Foto: Martin Toft

Det var i juni 2000 at det blei kjent at mannen som var justisminister i den greske militærregjeringa i 1968, professor i rettshistorie ved Universitetet i Athen, Johannes Triantaphyllópoulos, ikkje berre hadde fått tildelt Den kongelege norske fortenestordenen, men også var blitt medlem i Det Norske Vitskapsakademiet og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.

Bakgrunnen for denne æra var at han hadde selt ei boksamling på 15 000 bind til Det norske instituttet i Athen. Denne "bokgåva" var eit av argumenta for at han blei tildelt den kongelege ordenen og fekk medlemskap i dei to norske vitskapsakademia. Ein av dei greske professorane som hadde deltatt i avgjera om å suspendera han i tre år frå stillinga som professor i rettshistorie ved Universitetet i Athen, Manolis Papathomópoulos, kritiserte i mai i år Vitskapsakademiet og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim for at han framleis var utanlandsk medlem i dei to vitskapsakademia.

Eksklusjonssak

Seinare mottok Vitskapsakademiet eit ope brev frå styraren for Det norske instituttet i Athen, Synnøve des Bouvrie, der ho ba om ei forklaring på at Triantaphyllópoulos nærmast blei reinvaska i ei offisiell utsegn frå Akademiet i Uniforum i mai.

- Dette blei tatt svært alvorleg av styret for Vitskapsakademiet, seier preses Lars Walløe i ein kommentar til Uniforum.

- Difor overlet styret saka til menneskerettskomiteen til Akademiet som skulle gå gjennom Triantaphyllópoulos´ fortid som justisminister i den greske militærregjeringa i 1968. Styret gav komiteen i mandat å sjå på tidlegare tilfelle av eksklusjon av medlemar og dra ein konklusjon på grunnlag av det dei fann ut om fortida til Triantaphyllópoulos, fortel Walløe.

Menneskerettskomiteen, som er sett saman av professorane Lucy Smith, Francis Sejersted, Dagfinn Føllesdal og Arne Haaland, byrja arbeidet med innstillinga si på forsommaren og kom fram til ein endeleg konklusjon 16. oktober.

Juntafortida ikkje nemnt

Då hadde komiteen også gått gjennom framlegget om å velja inn Triantaphyllópoulos i Vitskapsakademiet. Det kom frå UiO-professorane Knut Kleve, Egil Kraggerud og Hugo Montgomery i 1996. I dette forslaget blir det ikkje nemnt noko om at Triantaphyllópoulos frå 20. juni til 6. juli 1968 var justisminister i den greske militærjuntaen, påpeikar komiteen. Derimot blei det vist til Triantaphyllópoulos´ bidrag til rettshistoria, særleg til romarrett og antikk gresk rett. Det blei dessutan trekt fram at han var til stor hjelp i samband med etableringa av Det norske instituttet i Athen.

Det faktum at han hadde lete instituttet overta boksamlinga si på om lag 15 000 bind for ei rimeleg betaling, var også ein del av grunngjevinga for framlegget om å velja han inn som utanlandsk medlem i Vitskapsakademiet.

Skinn av legitimitet

Komiteen er einig med des Bouvrie og Papathomópoulos i at grunnen til at juntaen ynskte Triantaphyllópoulos som medlem av regjeringa truleg var ynsket om å gi regimet eit skinn av legitimitet. Under gjennomgangen av den politiske fortida til den greske professoren har menneske-rettskomiteen funne ut at han tok imot vervet som justisminister med fylgjande grunngjeving:

"Ved å akseptere stillingen som justisminister er min prinsipielle hensikt at de juridiske lover vedrørende folkeretten overholdes, en hensikt som jeg akter å praktisere med uavhengighet og besluttsomhet."

Seksten dagar seinare går han altså av som justisminister fordi han rauk uklar med dåverande statsminister Georgios Papadópoulos.

"... og jeg var for å gjenopprette stillingene for de juridiske tjenestemennene, som var blitt avskjediget uten beskyldninger og uten sjanse til å forsvare seg. (...) Den andre årsaken var min totale uenighet når det gjaldt 1968-konstitusjonen, som jeg nektet å underskrive", heiter det i forklaringa som Triantaphyllópoulos gav til disiplinærtribunalet som suspenderte han for tre år frå stillinga som professor i rettshistorie ved Universitetet i Athen.

Komiteen viser også til fleire døme på korleis den tidlegare greske justisministeren har demonstrert at han på ingen måte delte synspunkta til den greske militærjuntaen.

Tok inn igjen NS-medlemar i 1954

Det blir også vist til korleis Vitskapsakademiet i 1954 tok inn igjen som medlemar tre av dei fem som blei ekskluderte etter krigen fordi dei hadde vore medlemar i Nasjonal Samling. Komiteen presiserer at den fullt ut deler Synnøve des Bouvries harme og sorg over det som skjedde i Hellas under åra med militærjuntaen. Den er også einig i at desse overgrepa aldri må gløymast. "Men mens overgrepene aldri må glemmes, bør overgriperne kunne tas til nåde etter at de har sonet sin straff. Likesom Akademiet ni år etter krigen tok til nåde medlemmer som hadde vært landssvikere og senere har valgt inn minst ett medlem som var blitt dømt for landssvik, bør også utlendinger som har sonet sin dom kunne tas til nåde. Hvor lenge man bør vente, og hvilke krav man bør stille, avhenger av ugjerningens art. Tilfellet Triantaphyllópoulos er så spesielt at vi er tilbøyelige til å se på det som et utslag av manglende politisk dømmekraft," konkluderer komiteen, som difor tilrår styret å lata Triantaphyllópoulos bli ståande som utanlandsk medlem og ikkje gjera noko meir med denne saka.

- Denne konklusjonen slutta eit samrøystes styre seg til, og eg vil gjerne understreka at styremedlem Øivind Andersen, som var styrar for Det norske instituttet i Athen det året Triantaphyllópoulos blei vald inn som medlem, gjekk ut av møtet under handsaminga av denne saka, seier preses Lars Walløe til Uniforum.

Overraska

Styrar for Det norske instituttet i Athen, Synnøve des Bouvrie, er overraska over at Vitskapsakademiet sette i gang ei utgreiing om ei mogleg eksklusjonssak mot Triantaphyllópoulos.

- Eg har nemleg aldri kravt at han blei ekskludert. Brevet mitt blei skrive fordi eg var ueinig i den forma for reinvasking og forteiing som kom fram i ein Uniforum-artikkel på vegner av Vitskapsakademiet i mai i år, påpeikar des Bouvrie.

- Det positive er at menneskerettskomiteen ser det kritikkverdige i at Triantaphyllópoulos tok imot denne ministerposten. Det at komiteen tar inn hans eigne forsvarsargument under disiplinærsaka der han tar tatt avstand frå ein del av det den greske militærjuntaen gjorde, forandrar ikkje på det.

- Når det gjeld vurderinga av han i dag synest eg at den er mindre opp til oss nordmenn. Så difor synest eg dei burde tatt omsyn til synspunkta til Papathomopoulos som var medlem av disiplinærtribunalet og representerte dei legitime greske styresmaktene etter gjeninnføringa av demokratiet i 1974. Komiteen har heller ikkje tatt med det faktum at Slottet har sagt seg lei for at Den kongelege norske fortenestordenen blei tildelt Triantaphyllópoulos då han var i Noreg i 1993. Eg forstår heller ikkje kvifor bakgrunnen for boksalet til Det norske instituttet i Athen ikkje er tatt med i vurderinga til komiteen. Det var nemleg hovudgrunnen til at han blei vald inn i Vitskapsakademiet. Det var hans måte å oppnå stor heider i Noreg på, seier des Bouvrie.

Greve ueinig i konklusjonen

Den norske domaren ved Menneskerettsdomstolen i Strasbourg, Hanne Sophie Greve, har tidlegare kritisert Vitskapsakademiet for å ha Triantaphyllópoulos som medlem.

- Det er Vitskapsakademiet som sjølv må avgjera sine medlemsspørsmål. Det interessante for meg er at Vitskapsakademiets menneskerettskomité no grundig har handsama denne medlemskapen på grunnlag av føreliggjande fakta og utan kjapt å tilbakevisa problema som den reiser. Det helsar eg velkomen for det var naudsynt, seier Greve til Uniforum. Ho sluttar seg likevel ikkje heilt til konklusjonen.
- Personleg deler eg ikkje vurderinga av at "Tilfellet Triantaphyllópoulos er så spesielt at vi er tilbøyelige til å se på det som et utslag av manglende politisk dømmekraft," konstaterer ho.

Emneord: Sentrene, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 7. nov. 2002 10:48 - Sist endra 10. des. 2008 16:14

Logg inn for å kommentere