Berre 14 personar møtte opp då valstyret ved UiO skipa til valmøte med dei tre kandidatane som kjempar om den eine plassen for dei teknisk-administrativt tilsette i det nye kollegiet.
Dei som kom fekk vita at alle tre var sterkt imot eit mogleg framlegg frå Utdannings- og forskingsdepartementet om å lata universiteta og høgskulane bli særlovselskap framfor statlege forvaltingsorgan som i dag. Alle var også opptekne av å passa på at programstyra for studieprogramma ikkje tok makta frå instituttstyra etter innføringa av Kvalitetsreforma. Ingen av dei gjekk heller inn for å leggja ned fakulteta og overføra meir makt til institutta.
Upopulært
Men i synet på valde eller tilsette instituttstyrarar kom det fram klare meiningsskilnader mellom dei tre kandidatane. Kristian Mollestad slo fast at dagens ordning ikkje var perfekt.
- Vervet som instituttstyrar går ofte på omgang mellom dei vitskapleg tilsette fordi det er upopulært. Det er slett ikkje sikkert at demokratiet i dette tilfellet fører til at den beste alltid blir valt som styrar, konstaterte han. Og han fekk støtte frå Hanne Skjølås Nygaard.
- Det er ikkje alltid like opplagt at ein flink fagperson vil bli ein flink leiar. Med tilsette instituttstyrarar vil det bli lettare å plukka ut den personen som har dei beste leiareigenskapane, konkluderte ho. Hanna Ekely var slett ikkje samd med dei to motkandidatane sine.
- Den tilsette leiaren skal likevel ha forskarkompetanse i høve til det fagmiljøet han eller ho skal leia. Difor trur eg at legitimiteten til vedkomande raskt vil forsvinna, spådde ho. Alle tre var opptekne av å representera alle dei teknisk-administrativt tilsette ved UiO om dei blei valde inn i det nye kollegiet. Difor lova alle tre også å halda eit eige forum med representantar for dei andre fagforeiningane før kvart møte i Kollegiet.
Mot markadstilpassing
Under innleiinga av møtet understreka Hanna Ekeli at det var viktig å kjempa mot forsøka på å driva marknadstilpassing av universitetet.
- Det skal ikkje vera slik at marknaden skal bestemma kva det skal forskast på og kva fagtilbod universitetet skal gi. Dersom det blir meir marknadstilpassing kan det i ytste konsekvens føra til oppseiingar ved UiO.
Kristian Mollestad var også oppteken av dei tilsette sine kår ved universitetet.
- Som kollegierepresentant foreslo eg å fornya omstillingsavtalen for dei tilsette. Diverre fekk eg ikkje fleirtal for det forslaget. Eg kan i alle fall lova at eg vil sitja i Kollegiet for å ta vare på dei tilsette sine interesser, sa han.
Kompetanseheving
Hanne Skjølås Nygaard lova å tryggja kvar einskild arbeidsplass om ho blei vald.
- Det må vera viktig for universitetet å satsa på kompetanseheving av dei tilsette. Me lever jo trass alt av å gi utdanning, så då må det også falla noko tilbake på dei tilsette. Det bør også opprettast fleire plassar i universitetet sine barnehagar, meinte ho. Fristen for å stemma er 26. november klokka 16.00.
Logg inn for å kommentere