Det første synlege resultatet av Kvalitetsreforma er
innhaldet i studietilbodskatalogen til UiO. Den skal vera
ferdig før jul og skal informera moglege studentar om dei nye
studieprogramma ved UiO frå hausten 2003. Difor må namna på
alle dei nye studieprogramma vera klare 15. november.
Førstekonsulent Bente Ringlund har det siste året arbeidd i
sekretariatet til styringsgruppa for Kvalitetsreforma ved
UiO.
- Den største utfordringa har vore å få utvikla tanken om tverrfagleg samarbeid inn i studieprogramma. Til no har det ikkje vore vanleg å tenkja samarbeid på den måten, seier ho. Fleire vitskapleg tilsette har fått mange aha-opplevingar i løpet av dette arbeidet.
- Nokon av dei har oppdaga og fått nye samarbeidspartnarar på heimefakultetet sitt, og andre har byrja å arbeida saman med forskarar på andre fakultet, fortel ho. Kritikken mot Kvalitetsreforma frå førsteamanuensis Tore Rem ved Institutt for britiske og amerikanske studiar og fleire av hans kollegaer, har Ringlund og dei andre i sekretariatet også lagt merke til.
- Utgangspunktet vårt har vore at det finst ting ved dagens studieordning som kan betrast, og det har me prøvd å gjera. Men vegen er lang, og den vil heilt sikkert ikkje vera perfekt hausten 2003 heller, slår Ringlund fast. Likevel meiner ho at det har vore heilt naudsynt å ta tak i dei problemstillingane som UiO ikkje har klart å løysa innanfor dagens universitetssystem.
- Ikkje minst gjeld dette spørsmål som tverrfagleg samarbeid, studiekvalitet og det store fråfallet av førstesemesterstudentar. Klarer me å få fleire av førstesemesterstudentane til å bli her, vil dei halda fram til dei er ferdige med ein universitetsgrad. Difor er det svært viktig korleis dei blir mottekne første gong dei set beina sine på universitetet, understrekar Ringlund.
- Ein av intensjonane bak reforma er jo at kvar student skal få betre oppfylging. På enkelte fag vil det vera for få lærarar til at dette kan bli mogleg. Kva vil de gjera med det?
- Det er fakulteta som avgjer det på grunnlag av dei prioriteringane dei vil gjera etter at fordelinga av universitetsbudsjettet er endeleg vedtatt.
Akkurat no er sekretariatet for styringsgruppa til Kvalitetsreforma ved UiO både opptatt av utforminga av nye masterprogram og å få til overgangsordningar for dei studentane som byrja under gamal ordning og vil avslutta studiet sitt etter at Kvalitetsreforma er innført.
- Dei aller siste studentane som er sikre på å få tildelt cand.mag.-graden, er dei som vil avslutta dette studiet våren 2003. Frå hausten 2003 vil dei aller fleste få tildelt graden bachelor. Og hovudfagsgradane cand.polit., cand.scient. og cand.philol. kjem til å bli tildelte fram til 2007.
Bachelor- og mastergrad:
Bachelor: - lågare grad, normert studietid er tre
år.
Master: - høgare grad, normert studietid er to år
utover bachelor.
Alle som hausten 2003 oppfyller krava til bachelorgraden,
blir Bachelor. For studentar som allereie har starta
utdanninga si, blir det etablert overgangsordningar frå gamal
til ny gradsstruktur.
Unntak:
Medisin, psykologi og teologi får behalda sine seksårige
gradar (cand.med., cand.psychol. og cand.theol.).
Profesjonsstudiet i jus blir femårig, og skal gi graden
master. UiO får ein overgangsperiode fram til 2007 for å
innføra den nye gradsstrukturen.
Alle noverande femårige studium (odontologi, farmasi,
informatikk) skal gi graden master. Det er opp til UiO sjølv
å bestemma om det skal være høve til å dela opp studiet i
3+2, eller om det skal vera femårige integrerte løp.
Terminologiliste
Studiepoeng: - mål på studiebelasting normert til at 60
studiepoeng tilsvarar arbeidsinnsats for eitt studieår.
Bachelor (lågare grad) - eit studium på 180 studiepoeng som
fyller krava for graden) bachelor. Master (høgare grad) - eit
studium på 300 studiepoeng som fyller krava til graden
mastergraden er anten sett saman av
- bachelorstudium på 180 studiepoeng og 120 studiepoeng
påbygging
eller
- eit samla studium på 300 studiepoeng
Ph.D. - doktorgrad på grunnlag av forskarutdanningsprogram
Dr.philos. - grad for kandidatar i doktorgrad som ikkje har fylgd eit forskarutdanningsprogram
Studieplan - plan for korleis studiet kan/skal gjennomførast for at det skal føra til eit bestemt læringsmål: dette gjeld oppbygging, innhald, krav som må oppfyllast for godkjent kompetanse.
Studieprogram - ei definert samansetjing av emne og emnegrupper som til dømes eit bachelor- eller eit masterstudium. Kan også vera eit kortare studium.
Studierett - rettar tilknytte eit studium som til dømes rett til organisert rettleiing, smågruppeundervisning, laboratoriekurs, oppgåveløysing; studieretten blir tildelt etter lærestaden sitt tilbod om og studenten si godtaking av studieplass.
Utdanningsplan - plan for utdanninga til studenten; forpliktande mellom lærestaden og studenten; skal innehalda reglar for begge partane sitt ansvar og kva forpliktingar studenten har overfor medstudentane sine.
Den nye karakterskalaen:
A - Framifrå
B- Svært god
C- God
D- Nokså god
E- Tilstrekkeleg
F- Ikkje bestått
Undervisningsformer og læringsmåtar:
Forelesingar
Case-undervisning
IKT i undervisningen
Mappevurdering
Problembasert læring
Gruppeundervisning
Lærarutdanning
1. - eit fem år langt integrert studieløp opp til
mastergrad
2. - praktisk-pedagogisk utdanning kan bli tatt i etterkant
av ein bachelorgrad eller mastergrad, slik at samla
utdanningslengde blir fire eller seks år
Studieprogram
Dette er studieprogramma som UiO vil tilby nye studentar frå hausten 2003:
1. Treårige bachelorprogram (namna kan bli
endra)
* Antikkens kultur og klassisk tradisjon
* Arkelogi, kunsthistorie og konservering
* Asiatiske og afrikanske studium
* Fysikk, astronomi, og meteorologi
* Biologi
* Matematikk, data og teknologi
* Demokrati og rettar i informasjonssamfunnet
* Digitale medium
* Elektronikk og datateknologi
* Ernæring
* Estetiske studium
* Europastudium (EU)
* Europeiske og amerikanske studium
* Filosofi
* Geofag og naturressursar
* Helseleiing
* Historie
* Informatikk
* Internasjonale studium
* IT, språk og tanke
. Kjemi
* Kriminologi
* Kultur- og idéstudium
* Kultur og kommunikasjon
* Kunnskapskultivering med informasjonsteknologi
* Kjønn, feminisme og likestilling
* Litteraturstudium
* Materialar og energi for framtida
* Medievitskap
* Molekylærbiologi og biologisk kjemi
* Musikkvitskap
* Natur og miljø
* Offentleg administrasjon
* Pedagogikk
* Psykologi
* Religionsstudium
* Samfunnsgeografi
* Samfunnsøkonomi
* Sosialantropologi
* Sosiologi
* Spesialpedagogikk
* Språk
* Statsvitskap
* Tannpleie
* Teiknspråk og tolking
* Teologi og kristendom
* Utviklingsstudium
* Vesteuropeiske mellomalderstudium
2. Femårige masterstudium og profesjonsstudium
* Farmasi
* Informatikk, mikroelektronikk
* Informatikk, systemutvikling og datakommunikasjon
* Informatikk, teknisk programvare
* Jus
* Lektor- og adjunktutdanning
* Medisin
* Odontologi
* Samfunnsøkonomi
3. Eittårige studieprogram på lågare grad
* Etnisitet og fleirkulturelle samfunn
* Matematikk med informatikk
* Psykologi
* Utvikling og miljø
Fullstendig informasjon om programma vil vera klare i januar 2003.
(Kjelder: Studieadministrasjonane ved dei norske universiteta, Utdannings- og forskingsdepartementet, Universitets- og høgskulerådet og Studiesidene til UiO.)
Logg inn for å kommentere