InterMedia og kommunikasjonsplattform for UiO i Kollegiet

Vidareføring av InterMedia, lagnaden til Kunnskapskanalen, strategisk plan for fleksibel læring og ei eiga kommunikasjonsplattform for UiO. Dette er blant sakene som skal opp i kollegiemøte tysdag 5. november klokka 0900.

Universitetsdirektøren går inn for at InterMedia blir vidareført som eit tverrfakultært senter med fokus på tverrfagleg forsking, nettverksverksemd og koordinering av tverrfakultært forskingssamarbeid ved UiO, og overfor eksterne aktørar. Det er ein føresetnad at fleire miljø enn i dag blir trekte med. I framlegget til vedtak heiter det vidare at forskingsverksemda må fokuserast og spissast med utgangspunkt i dei innspela som er komne fram i høyringsrunden, og i notatet frå universitetsdirektøren.

Kunnskapskanalen

Spørsmålet om løyving av 0.6 mill for ei stilling som førsteamanuensis (gruppeleiar) for "nye medium" skal vurderast i samband med budsjetthandsaminga i desember 2002. Senteret må vurdera ytterlegare styrking av gruppa. -

Spørsmålet om finansiering av inntil fire stillingar som teknikarar/produsentar (1,6 mill) skal også vurderast i samband med budsjetthandsaminga. Det skal også utgreiast om universitetet skal vidareføra arbeidet med Kunnskapskanalen, og kvar denne eventuelt skal plasserast.

Det blir dessutan understreka at InterMedia også i framtida skal driva utdanning på Ph.D.-nivå, men at senteret også bør gi tilbod på lågare nivå om undervisning innan felt som ligg nær forskinga til senteret. Universitetsdirektøren innstiller dessutan på at det skal utarbeidast ein avtale om samarbeid mellom USITs medialab og InterMedia lab. I denne vurderinga må det også trekkjast inn eit samarbeid med systemarbeidsgruppa sin lab ved MN-fakultetet. Senteret skal vidareførast med administrativ tilknyting til UV-fakultetet, heiter det i framlegget til vedtak.

Merkevarebygging

Kollegiet skal også handsama framlegget til kommunikasjonsstrategi for Universitetet i Oslo i perioden 2002-2005. Framlegget til tiltaksplan for 2003 blir tatt til etterretning som grunnlag for iverksetjing av Kommunikasjonsplattforma og kommunikasjonsstrategien. Eit av framlegga i kommunikasjonsplattforma er ei sterkare merkevarebygging av hovudverksemdsområda til Universitetet i Oslo, som UiO- forsking, UiO-studier og studentliv og UiO-publikum.

Fleksibel læring

Når det gjeld den strategiske planen for fleksibel læring ved UiO for 2003-2007 går framlegget ut på at Kollegiet sluttar seg til det forslaget som ligg føre. Det går ut på at Kollegiet sluttar seg til den foreslåtte organiseringsmodellen der ein fagleg teamleiar får i oppgåve å vera fagleg pådrivar på feltet, og å koordinera sentrale ressursar og kompetanse på området fleksibel læring gjennom etablering av arbeidsteam.

Teama er sette saman på tvers av eksisterande einingar med relevant kompetanse, med dei prioriteringane som er komne fram i notatet frå universitetsdirektøren. Det skal utarbeidast årlege handlingsplanar for fleksibel læring. Det blir sett av stimuleringsmidlar på rundt 2.5 mill. kr. til utvikling av fleksible læringsformer for 2003. For å oppretthalda det eksisterande aktivitetsnivået innan sentrale støttetenester i fleksibel læring, blir det løyvd til saman 2.6 mill kr til USIT (DML-gruppa) og SFA (UNIVETT) i 2003.

Åremålsstilling og St. Petersburg

Kollegiet skal også vedta ei fast prosedyre for tilsetting i åremålsstilling for dekanar og styrarar ved UiO. Dessutan skal Kollegiet handsama innstillinga om å lata professor Lillian Helle halda fram i jobben som styrar for Det norske universitetssenteret i St. Petersburg fram til 1. august 2005.

Årsplan for 2003

Også årsplanen til UiO for 2003 skal vedtakast på dette kollegiemøtet. Der blir det blant anna foreslått å gi universitetsdirektøren fullmakt til å disponera inntil ti millionar kroner av universitetet sin sentrale reserve for 2003. Elles så går innstillinga ut på at Kollegiet skal vedta framlegget frå universitetsdirektøren til samla inntektsbudsjett for 2003. Det endelege framlegget til UiO-budsjett for 2003 blir handsama i kollegiemøtet 3. desember.
I framlegget til årsplan går det fram at forskingssenteret ARENA vil få ei løyving på 1 million kroner for neste år, som blir trappa opp til 2 millionar kroner frå 2004. Til saman har universitetsdirektøren sett av 18 millionar kroner til å fylgja opp spesielle forskingsstrategiske vurderingar i 2003. Frå denne potten får dei tre sentra for framifrå forsking (SFF) to millionar kroner kvar. Det same får dei fire andre SFF-finalistane frå UiO. EMBIO/BIO er innstilt med ei løyving på 1,5 millionar kroner øyremerkt til proteomikk og bioinformatikk. Forskingssatsinga funksjonelle materialar og fornybar energi(FUNMAT)får 500 000 kroner av desse pengane. Det tverrfakultære området kompetanse og konvergerande medium er sett opp med ei løyving på 1 million kroner for neste år med ei opptrapping til 2 millionar kroner frå 2004.
Eksterne kandidatar til Kollegiet
Etter den nye universitetslova skal det sitja fire eksterne representantar i Kollegiet. Sidan det allereie sit to eksterne kandidatar i Kollegiet frå før, skal det veljast to nye for perioden 1.1. 2003 til 3|.7. 2005.. Innstillinga frå Kollegiet skal så sendast vidare til Utdannings- og forskingsdepartementet, som gjer endeleg vedtak i saka.

Kollegiet har fått inn to alternative framlegg frå komiteen som har plukka ut kandidatar:
Alternativ 1 er foreslått av medlemane Knut Kaasen, Inger Helene Madshus og Ingvild Nyquist Borgeraas: Dei har sett opp fylgjande namn på lista si:
- Boel Flodgren
- Inger Hagen
- Marianne Lie
- Erik Must
- Erik Myklebust
- Mette Newth
- Jan S. Nilsson
- Eirik Næss-Ulseth

Alternativ 2 kjem frå utvalsmedlem Thomas Sandvik. Han foreslår Ingjald Ørbeck Sørheim i staden for Egil Myklebust. Det er det einaste som skil lista hans frå alternativ 1. Dermed blir hans namneforslag sjåande slik ut:
- Boel Flodgren
- Inger Hagen
- Marianne Lie
- Erik Must
- Mette Newth
- Jan S. Nilsson
- Eirik Næss-Ulseth
- Ingjald Ørbeck Sørheim

Under eventuelt kjem kollegierepresentant Kristian Gundersen til å at opp orienteringa frå Institutt frå sosiologi og samfunnsgeografi der det gjekk fram at "Det synes å være enighet om at laudprosenten bør være høy". Gundersen vil be om ei forklaring på bakgrunnen for denne orienteringa som førte til eit presseoppslag som han meiner har vore til skade for UiO. Han vil også ha svar på om leiinga vil balansera den institusjonelle inngripinga dersom strykprosentar og gjennomstrøyminga i eit fag er dårleg med ein kontroll med nivået på dei faglege krava som blir stilte. I motsett fall fryktar han at eit krav om gjennomstrøyming kan føra til ei uakseptabel kvalitetssenking hos kandidatane og ein inflasjon i sensur.

Du kan lesa heile saklista til kollegiemøtet om du klikkar deg inn på Internettlenka nedanfor:

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 31. okt. 2002 12:10 - Sist endra 10. des. 2008 15:15

Logg inn for å kommentere