Idéhistorie på nett

No skal det bli mogleg å studera idéhistorie ved UiO sjølv om du bur i utkant-Noreg. Føresetnaden er at du er kopla til Internett og sender inn søknaden i løpet av denne månaden.

Det opplyser førsteamanuensis i idéhistorie, Per Strømholm ved Institutt for kulturstudiar (IKS).

- Håpet vårt er at folk som har lyst til å ta vidare akademiske studiar, men som ikkje har høve til å gjera det på campus, nyttar seg av dette tilbodet. Både idéhistorie og dei andre faga på instituttet er det stor interesse for, så me er ikkje redde for at det ikkje skal melda seg nok nettstudentar, seier Strømholm. Faget idéhistorie har også nett-tradisjonar som dei tilsette er interesserte i å halda i hevd.

- Jo, me var det første faget som kunne tilby nettsider om idéhistorie, det såkalla ARIADNE-prosjektet allereie i 1991-92. Fordelen med å vera så tidleg ute, var at me fekk økonomisk og teknisk støtte frå UNIVETT og USIT, fortel Strømholm.

Denne gongen skal det nettbaserte undervisningstilbodet finansierast ved at studentane betalar 10 000 kroner for ein studiemodul på 20 studiepoeng, og får refundert halvparten av desse utgiftene etter at dei har tatt endeleg eksamen. Neste vår tilbyr faget idéhistorie eit oppfylgingskurs på 10 studiepoeng for dei som ynskjer å halda fram eit semester til.

IDÉHISTORIE TIL FOLKET: - Alle som ynskjer det, kan no studera idéhistorie på UiO via nettet, seier førsteamanuensis i idéhistorie, Per Strømholm. (FOTO: Martin Toft)

Emneord: Idehistorie Av Martin Toft
Publisert 4. sep. 2002 13:05 - Sist endret 10. des. 2008 15:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere