Han fekk tildelt ordenen av kansellist Thomas Gram under ein enkel samankomst i Klubben i Georg Sverdrups hus 19. juni.
I grunngjevinga for å gi denne ordenen til Steenfeldt-Foss blei det spesielt peika på innsatsen hans for å betra forholda ved dei psykiatriske institusjonane den tida han var tilsett som Statens overlege i psykiatri. Sidan han blei tilsett som administrerande overlege for Helsetenesta ved UiO i 1981 har studentane fått ei godt utbygd helseteneste som kan ta seg av både fysiske og psykiske lidingar, blei det peika på.
Samfunnsnyttig
Steenfeldt-Foss syntest sjølv det var hyggeleg å få tildelt
denne ordenen.
- Det er ei stor ære for meg at innsatsen min som lege blir
rekna som samfunnsnyttig. For meg har det viktigaste heile
tida vore å vera til teneste og nytte for kvar pasient, sa
Steenfeldt-Foss etter at kansellist Gram hadde hengt den
høgtravande ordenen på jakkeslaget hans. Også pensjonert
professor i psykiatri ved Gaustad psykiatriske sjukehus, Nils
Retterstøl understreka i sin tale kor høgt Steenfeldt-Foss
fortente denne æra.
Dei svake gruppene
- Som Statens overlege i psykiatri var du alltid representant for dei svake gruppene. Du var ein av som gjorde det du sa. På 1970-talet klarte du alltid å trylla fram midlar dei gongane me hadde behov for ekstra pengar på dei psykiatriske institusjonane. Difor blei mottoet vårt dei gongane me var i krise; Snakk med Otto! Samtidig har me alle hatt stort utbyte av dei gode internasjonale kontaktane dine frå studieåra ved Harvard University i USA. I tillegg har du vist eit stort engasjement i forskjellige prosjekt i det tidlegare Jugoslavia og i Baltikum, påpeika Retterstøl.
Logg inn for å kommentere