Forsvaret lærer kultur på UiO

30 offiserar frå det norske forsvaret skal frå januar 2003 setja seg på skulebenken for å læra om kultur og konfliktar ved Institutt for kulturstudiar ved UiO. - Forsvaret må no forlata det gamle fiendebiletet, og difor må offiserane læra seg å tenkja på ein ny måte, seier instituttstyrar Knut Aukrust.

Instituttstyrar Knut Aukrust og prosjektleiar Dorte Skulstad ved Institutt for kulturstudiar.
Foto: Martin Toft

- Etter at det gamle fiendebiletet fall ser verda heilt annleis ut. Det har ført til at fienden ikkje lenger er så lett å definera for Forsvaret. Det er grunnen til at forsvaret ynskjer at Institutt for kulturstudiar skal undervisa offiserane i religion og etnisitet, fortel instituttstyrar Knut Aukrust og Dorte Skulstad som leiar Prosjekt Kultur og Kompetanse ved instituttet.

Vil ikkje dumma seg ut

- Forsvaret har endeleg innsett at den gamle svart-kvitt-tenkinga må bort. Dei politiske styresmaktene har også pålagd Forsvaret å endra seg og samarbeida med dei sivile utdanningsinstitusjonane. Ein av grunnane til det er at mange offiserar må slutta før dei fyller 45 år. Med eit slikt kompetansegjevande kurs, vil dei også kunne brukast som arbeidstakarar i det sivile samfunnet når den militære karrieren deira er over, fortel Skulstad.

- Forsvaret ynskjer heller ikkje at dei norske offiserane skal dumma seg ut når dei er i utlandet. Sidan meir og meir av den militære karrierevegen går via eit lengre utanlandsopphald, er det viktig at dei har sett seg inn i både kultur og religion i det aktuelle området, legg Aukrust til. Bakgrunnen for etter- og vidareutdanningsavtalen med Forsvaret var dialogkonferansen som universitetets etterutdanningsseksjon (UNIVETT) skipa til i fjor. Der var også Forsvaret representert.

- Dei tok kontakt med oss, og i dialog med dei har me funne ut kva behov dei har, og slik har me kome fram til eit opplegg som passar for kursdeltakarane frå Forsvaret, seier Aukrust. Kurset vil gi til saman 30 studiepoeng (10 vekttal) og vera sett saman av tre hovudmodular med tema som kultur og politikk, kulturmøte og religionsforståing, religion og konflikt, etiske problemstillingar, folkerett og menneskerettar og fredsbevarande operasjonar.

Skaffar instituttet pengar

- Instituttet har tilbydd Forsvaret ein pris på 10 000 kroner for kvar kursdeltakar for kvart kurs på 10 studiepoeng, men prisen blir halvert for kursdeltakarar som tar eksamen. Offiserane og soldatane skal ha samlingar i UiOs lokale på Blindern, men det vil også vera mogleg å ta delar av kurset som fjernstudent gjennom e-læringsprogrammet Classfronter, fortel Dorte Skulstad.

Både ho og Knut Aukrust er stolt over avtalen med Forsvaret, men også over ein liknande avtale med Reklamebransjeforeininga som har kjøpt eit etter- og vidareutdanningskurs i kulturforståing og samarbeid med HR-Norge om utvikling av eit kurs i merkevarebygging (Unik og ettertraktet) hos Institutt for kulturstudiar. Og nyleg fekk dei enda ein god grunn til å gleda seg. Instituttet har fått ein million kroner frå Utdannings- og forskingsdepartementets pengesekk for gjennomføring av Kompetansereforma for å utvikla etter- og vidareutdanningstilbodet.

- Dette viser at me tar på alvor Arild Underdals oppfordring til grunneiningane om å skaffa seg eksterne inntekter. Samtidig viser dette at Universitetet i Oslo absolutt har grunn til å stola på eigne krefter, seier Knut Aukrust.

- Kan ikkje dette koma til å gå utover undervisninga av dei andre studentane ved instituttet?

- Me vil bruka lærarar som har tid til overs. Dessutan vil me nytta oss av stipendiatar som på den måten kan få undervisningskompetanse, og slik styrkja posisjonen sin på arbeidsmarknaden etterpå. Sjølvsagt vil me invitera lærarar både frå SV-fakultetet og Det juridiske fakultetet til å undervisa på dette kurset. Men først og fremst trur me dette vil vera til fordel for den vanlege studenten. Studietilbodet blir på mange måtar utvida. Arbeidslivet vil også få augene opp for kva humanistar faktisk kan, og at dei kan brukast til mange forskjellige oppgåver. Dessutan trur me av kvaliteten på undervisninga i det store og det heile blir skjerpa, seier Skulstad og Aukrust.

Førebu offiserar før utanlandsopphald

Også ved Forsvarets skulesenter på Akershus festning er dei godt nøgde med vidareutdanningsavtalen med Institutt for kulturstudiar, opplyser informasjonsansvarleg Bård Edvartsen og koordinator for samarbeidsavtalen med UiO, førstekonsulent Sissel Linnerud til Uniforum.

- Etter at dei politiske styresmaktene har pålagt Forsvaret å kjøpa sivil utdanning framfor å tilby den same utdanninga ved dei militære skulane, var det heilt naturleg for oss å oppretta eit samarbeid med Universitetet i Oslo sidan mesteparten av den høgare militære utdanninga også går føre seg her i Oslo-området, fortel Edvartsen.

- Dette er eit skreddarsydd kulturstudium for Forsvaret som går rett inn i arbeidet med omstillinga frå eit invasjonsforsvar til eit allianseforsvar med stor vekt på internasjonalt samarbeid. Kurset kan gjera personellet vårt enda betre førebudd på kulturen i det landet dei blir sende til, anten det er på Balkan, i Midtausten, i Afghanistan eller i Afrika, seier Linnerud.

Dei er dessutan opptekne av at kurset skal stimulera til auka akademisk kompetanse både for militært og sivilt personell i Forsvaret.

- Eit anna hovudmål er å etablera eit nært og systematisk samarbeid mellom UiO og Forsvarets skulesenter. Og så legg me ikkje skjul på at samarbeidet med UiO også kan gi oss høve til å marknadsføra utdanningsmiljøa våre overfor universitetssamfunnet. To av forskarane ved Institutt for forsvarsstudiar har professor II-stilling ved UiO, minner Edvartsen oss om.

Emneord: Fakultetene, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 6. juni 2002 09:31 - Sist endra 10. des. 2008 15:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere