1000 skatteekspertar til Oslo

1000 skatteekspertar frå heile verda kjem til Oslo i august for mellom anna å drøfta problemet med at selskap klarer å omgå skatteplikta. - Det er første gong skatteekspertane sin årlege verdskongress blir arrangert i Oslo, seier leiar for den norske avdelinga av International Fiscal Association, jusprofessor Frederik Zimmer.

Jusprofessor Frederik Zimmer ynskjer 1000 skatteekspertar velkomen til Oslo.
Foto: Ståle Skogstad

Frederik Zimmer er også med i arrangementskomiteen og har skrive generalrapporten om omgåingar i skatteretten. Rapporten byggjer på nasjonalrapportar frå 27 land over heile verda.

Norsk Hydro

- Ei fersk norsk sak kan vera eit døme på korleis problema kan koma opp. I 1990 selde Norsk Hydro eit tapsbringande Hydroselskap i Canada til eit dansk dotterselskap. Tapet på over ein milliard kroner krevde morselskapet i Noreg frådrag for ved likninga i Noreg. Saka kom til slutt opp i Høgsterett som skulle avgjera om dette var ei omgåing av skattereglane. Fleirtalet i Høgsterett meinte det ikkje var det, medan mindretalet på to var ueinig i dette, fortel Zimmer. Han forklarar også korleis land i til dømes Sør-Europa og Latin-Amerika legg meir vekt på form enn på økonomisk realitet i skatteretten, medan det i USA og Noreg er annleis.

- Ein annan påfallande ting er at haldninga til desse spørsmåla er heilt forskjellig i Sverige og Noreg. I Sverige tenkjer skatteetaten meir i form, medan den norske Skatteetaten legg meir vekt på økonomiske realitetar. Årsaka til at det er slik er ikkje lett å finna, men det stemmer jo med den vanlege oppfatninga om at svenskane er meir formelle enn oss. I tillegg til omgåingar i skatteretten skal kongressen diskutera åtte andre aktuelle emne. Skatteetaten i Noreg kjem til å støtta kongressen ved at dei låner ut arbeidskraft.

Støtte frå Skatteetaten

- Sidan Skatteetaten ikkje har høve til å sponsa kongressen med pengar, gjer dei det på den måten. Deltakarane på kongressen vil vera advokatar, folk frå skatteadministrasjonen, altså mest juristar, men også ein del økonomar og revisorar. Dette er folk som elles har motstridande interesser i skattespørsmål, men under denne kongressen samlar me oss altså for å drøfta tema som me alle interesserer oss for, fortel Zimmer. Og setet for kongressen blir Radisson-SAS Plaza Hotel.

Emneord: Jus, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 18. juni 2002 11:47 - Sist endra 10. des. 2008 14:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere