Det er informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal som har sendt eit brev til leiinga for fjernsynsselskapet der UiO gjer kjent at det ikkje kan gi økonomisk støtte til prosjektet.
I avslaget går det klart fram at universitetsdirektør Tor Saglie ikkje ser det som UiOs oppgåve å driva eit student-TV. I grunngjevinga for dette svaret blir det vist til at ei eventuell etablering av student-TV i svært stor grad vil vera avhengig av finansiering frå UiO, både for oppretting og drift. Oslo Student Televisjon AS søkte UiO ved Kollegiet om ei samla støtte på 2 millionar 50 tusen kroner.
I høve til dei ressursane som er naudsynte for å setja i verk tiltaka i den kommunikasjonsplanen som skal leggjast fram seinare i år, har Oslo Student Televisjon AS søkt eit beløp som er langt over ei kvar realistisk grense, står det i brevet frå informasjonsdirektøren.
Positive sider
Likevel ser han det som eit positivt initiativ.
- Målsetjinga for tiltaket har mange positive sider ved seg.
Men student-TV vil i første rekkje dekka studentane sitt
behov for å formidla studentkulturelle og studentsosiale
innslag, senda musikk, film, dokumentar og moro. Dette er i
og for seg legitime behov og bør vera sentrale programelement
i eit student-TV. Men det er ikkje Informasjonsavdelingas
oppgåve å støtta dette, seier Helge Kjøllesdal. Han ser
heller ikkje at dette kan passa inn i UiOs
marknadsføringstiltak.
- Innhaldet fell i liten grad saman med dei tiltaka universitetsleiinga ynskjer å prioritera i arbeidet med å rekruttera studentar og forskarar til UiO. Det har heller ingenting å gjera med oppbygginga av det generelle omdømmet til Universitetet i Oslo, meiner informasjonsdirektør Kjøllesdal.
Trist
Prosjektleiar Lucas H. Weldegebhebriel i Oslo Student
Televisjon AS seier i ein kommentar til Uniforum at det er
trist at UiO ikkje vil støtta student-TV når ein ser at
student-TV i Trondheim fekk støtte frå NTNU.
- Det er leit at UiO ikkje ser verdien av eit TV for og med
studentar når alle veit at dette er det viktigaste
kommunikasjonsmiddelet i dagens samfunn. Me seier oss lei for
at UiO ikkje kan støtta dette, når andre høgskular og
universitet gjer det. I alle fall så håpar me at siste ord
ikkje er sagt, og at det vil vera mogleg å koma tilbake til
spørsmålet om støtte seinare, seier Weldegebhebriel.
- No kjem Oslo Student Televisjon AS til å ta kontakt med andre lærestader i Oslo for å høyra om det kan vera interessant for andre å vera pådrivar for eit student-TV. I tillegg har me fått førespurnader frå næringslivet, og dei vil me gå gjennom på nytt og vurdera dei opp mot situasjonen slik den er no.
Gir ikkje opp
- Kjem avslaget frå UiO til å føra til at planane om eit student-TV blir lagt på is?
- Nei, me let oss ikkje knekka av eit avslag frå Universitet i Oslo. Det er eit lite framtidsretta syn som her blir presentert av universitetet. Likevel vil me framleis halda kontakt med UiO. Prosjektet har allereie fått støtte frå Studentparlamentet i Oslo og Studentersamfundet. Det er synd at ikkje UiO ser det som eit tiltak som kan skapa eit betre studentmiljø.
- Me kan visa til at Handelshøyskolen BI i Bærum allereie har student-TV. Og det er ingen tvil om at BI vil satsa sterkt på student-TV når heile BI-familien er samla i Nydalen. Høgskulen i Stavanger, University of Leeds, Aarhus Universitet og Gøteborgs universitet har også tatt student-TV til bruk i marknadsføringa av dei forskjellige faga sine på Internett. Det er trist at UiO ikkje tenkjer like framtidsretta som dei, påpeikar Weldegebhebriel.
Etter planen skal Oslo Student Televisjon AS vera på lufta frå september 2002.
Logg inn for å kommentere