Ole Petter Ottersen leier biosatsinga ved UiO

Medisinprofessor Ole Petter Ottersen skal leia den tverrfakultære satsinga på bioteknologi ved Universitetet i Oslo. Kollegiet tilsette han denne veka som fagleg leiar av EMBIO eller UiOs satsing innan molekylærbiologi, bioteknologi og bioinformatikk. Tilsetjinga gjeld for fire år.

Ole Petter Ottersen er tilsett som fagleg leiar for EMBIO.
Foto: Martin Toft

Ottersen er i dag forskingsdekan ved Det medisinske fakultetet. Han leia også utvalet som såg på UiO som forskingsinstitusjon under arbeidet med sjølvevalueringa for universitetet. Ottersen er professor ved Instiuttgruppe for medisinske basalfag og har publisert over 270 artiklar i internasjonale tidsskrifter og bøker og han har vore redaktør for fire internasjonale bokutgjevingar.

Arbeida hans er ofte sitert og i fylgje Institute of Scientific Information (ISI) er Ottersen nummer to på lista over dei mest siterte forskarane i Noreg. Han er nyleg valt som europeisk redaktør for Neuroscience, tidsskriftet for the International Brain Research Organization.

Emneord: Forskning Av Martin Toft
Publisert 12. apr. 2002 13:16 - Sist endra 10. des. 2008 15:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere