Mannen som fekk Pinochet til å skjelva

- Det var ikkje noko nederlag for meg at Augusto Pinochet ikkje blei utlevert til Spania, men sendt tilbake til Chile etter arrestasjonen i London. Etterforskinga mot han held jo fram både i Spania og i Chile.

- Det går ikkje an å forsvara eksistensen av terroristorganisasjonar i eit demokrati, slår den spanske høgsterettsdomaren Balthasar Garzón fast.
Foto: Ståle Skogstad

Det seier den spanske høgsterettsdomaren Balthasar Garzón i eit intervju han gav til Uniforum, Dagsavisen og det spanske nyhendebyrået EFE , då han besøkte Institutt for menneskerettar ved UiO før helga.

I Noreg er Garzon mest kjent som hovudmannen bak arrestasjonen av Chiles tidlegare diktator i London i oktober 1998. Det var han som sende britiske styresmakter kravet om utlevering av Augusto Pinochet til Spania, straks han fekk vita at han skulle til medisinsk behandling i den britiske hovudstaden.

Etter masse juridiske og politiske vurderingar enda utleveringskravet til slutt med at han blei sendt tilbake til Chile over eitt år etter fordi den britiske regjeringa meinte han var for sjuk til å gå gjennom ei rettssak.

Ikkje nederlag

Garzón ser slett ikkje dette som noko nederlag.
- Det var svært viktig at me gjorde det me gjorde, og det var viktig å knesetja prinsippet om at ingen eks-diktator eller tidlegare statsleiar kan få straffefridom for brot på menneskerettane som denne personen var ansvarleg for medan han hadde makta. Symbolsk var denne saka også viktig fordi den fall saman med 50-årsjubileet for FNs menneskerettserklæring, seier Garzón, som føretrekkjer å overlata vurderinga av sin eigen innsats i denne saka til folket og samfunnet.

Hos politiske flyktningar og menneskerettsaktivistar i Chile, Latin-Amerika, USA og i Europa er han blitt ein stor helt for innsatsen sin for å få stilt Pinochet for retten.

- For ein høgsterettsdomar går det sjølvsagt ikkje an å lata vera å etterforska ei sak fordi det kan henda at den kan enda med eit nederlag. Uansett er det ei plikt for høgsterettsdomaren å setja i gang etterforsking så sant det er grunnlag for det, slår Garzón fast.

Pinochet vs. Milosevic

- Serbia blei jo tidlegare styrt av diktatoren Slobodan Milosevic som no står for retten for brot på menneskerettane i det tidlegare Jugoslavia. Kvifor var det mogleg å bringa han for retten, men ikkje Pinochet?

- Svaret på det er jo enkelt. Straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia fanst allereie då Milosevic blei arrestert og utlevert til denne domstolen. Nokon slik domstol blei ikkje oppretta i Chile og heller ikkje i Argentina etter at diktatorane måtte gi frå seg makta i desse landa.

- Når Den internasjonale straffedomstolen i Roma blir oppretta, så vil det vera mogleg å bringa alle tilsvarande saker inn for den. I dag vanskeleggjer forskjellig lovgjeving i forskjellige land etterforskinga av slike tilfelle. Medan Belgia har lovreglar som vil gjera det mogleg å starta etterforsking av regjerande statssjefar, kan Spania berre gjera det overfor avgåtte statsleiarar fordi alle som sit med makta, vil ha politisk immunitet. Difor ynskjer eg ei utviding av den internasjonale strafferetten, understrekar den spanske høgsterettsdomaren.

Førebels har 60 land ratifisert eller godkjent Den internasjonale straffedomstolen, og det vil berre vera personar som har stått bak eit folkemord eller andre brot på menneskerettane i eit av desse landa som kan stillast for domstolen.

- Men det er ikkje til hinder for at alle dei andre kan dømast i heimlandet sitt anten det er Argentina, Chile eller Indonesia, påpeikar Garzón.

Skuffa over USA

Han er svært vonbroten over at USA enno ikkje har ratifisert Den internasjonale straffedomstolen.

- Om amerikanarane hadde gjort det, vil dei hatt ein reiskap for å døma dei ansvarlege bak terroristnettverket Al Quaida, som stod bak terroraksjonane mot World Trade Center i New York og Pentagon. Då hadde det ikkje vore naudsynt å internera dei på militærbasen Guantanamo medan dei ventar på at sakene deira skal koma opp for ein militærdomstol som slett ikkje vil leggja vekt på juridiske omgrep som bevisføring, legal framskaffing av bevis og prinsippet om å lata tvilen koma tiltalte til gode. På den måten er amerikanarane i ferd med å øydeleggja dei demokratiske verdiane dei seier dei forsvarer i kampen mot terrorismen, meiner Garzón.

- I Spania har me allereie vist at det er fullt mogleg å stilla internasjonale terroristar for ein sivil rett. Det gjorde me då ein syrisk forretningsmann blei dømt for å ha finansiert våpenkjøpa til terroristane som kapra cruiseskipet Achille Lauro, og drap ein amerikansk jøde i 1992. Både i Spania, Tyskland, Belgia, Storbritannia og i Italia har politiet arrestert personar med tilknyting til Osama bin Ladens terrornettverk. Dei kjem alle til å bli framstilte og dømde i ein sivil domstol, understreka Garzón i foredraget han heldt for menneskerettsekspertar og representantar for norske hjelpeorganisasjonar.

ETA og demokratiet

- I Spania gav du i mai 1998 ordre om å stengja den baskiske avisa Egin og forby Samanslutninga av baskiske organisasjonar (KAS). Grunngjevinga var at dei har tilknyting til den væpna baskiske organisasjonen ETA. Ser du på ETA som eit trugsmål mot det spanske demokratiet?

- Dette er organisasjonar som tilhøyrer terroristnettverket til ETA. Dei saboterer den frie retten til næringsverksemd. Etter mi oppfatning er det ikkje berre personen som trykkjer på avtrekkjaren som er ein terrorist, men heile strukturen til organisasjonen som denne personen tilhøyrer. I eit demokrati vil det vera mogleg for folk med forskjellig politisk oppfatning å delta i val for å kunna erobra makta på fredeleg vis. Difor går det ikkje an å forsvara eksistensen av terroristorganisasjonar i eit demokrati, slår Garzón fast.

Emneord: Sentrene, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 9. apr. 2002 13:31 - Sist endra 10. des. 2008 15:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere