Den gløymde sjukdomen

- Då eg fekk diagnosen polio som 11-åring i 1951, sette distriktslegen opp eit stort skilt utanpå huset til foreldra mine med teksten: Dette huset er smittefarleg. I tre veker kunne dei verken gå på besøk eller motta besøk frå nokon. Det gjekk hardt ut over avskrivingskontoret til faren min.

- Eg kommuniserte med foreldra mine gjennom ein glasvegg, fortel Bjørn Lobben, som har skrive boka Polioens historie i Norge .
Foto: Ståle Skogstad

Det fortel kjemiingeniøren og polioramma Bjørn Lobben som har skrive boka Polioens historie i Norge. Sjølv var han ein av dei som blei ramma under den siste polioepidemien i Noreg i 1951.

- Etter ein sykkeltur på 11-årsdagen min, fekk eg symptom på influensa og blei sendt rett til sengs. Då eg skulle opp for å tissa tre dagar etter, ramla eg saman ved senga. Huslegen blei tilkall, og etter at han hadde testa reaksjonane mine med ein reflekshammar, blei eg sendt til Lasarettet ved Drammen sjukehus med diagnosen polio, fortel Bjørn Lobben. Foreldra kunne koma på besøk, men dei måtte kommunisera med han gjennom ein glasvegg. Problemet var at det låg ein annan gut frå Skjolden i Indre Sogn mellom Bjørn Lobben og glasveggen.

Skrik og tårer

- Dermed var det han som kommuniserte med foreldra mine, men på ein dialekt som dei ikkje skjønte noko av. Det var ingen god plass for ein elleveåring å vera på denne institusjonen. Fysioterapeutane kjørte eit hard treningsprogram med ledd og musklar som skulle mjukast opp. Naturlegvis blei det mykje skrik og mange tårer. Men læresetninga som alle fekk innprenta av personalet, var: Snill gutt! Flink pike! Ikke gråt! Opp og gå, dette klarer du! Husk, rullestol er nederlag!, minnest Lobben. Etter kvart så mista han også matlysta, og var nede i 26 kilo.

- Men så gav dei meg A&H-sprøyter og Cortison som skulle hjelpa mot å få fleire lamme ledd og musklar. Det hjelpte den ikkje mot, derimot gav den meg matlysta igjen slik at eg la på meg 60 kilo i løpet av eitt år. Eg blei smellfeit og raud i huda og som 12-åring vog eg 86 ½ kilo. Etter at dei hadde flytta meg til Sanitetsforeiningas bustad for etterbehandling av poliopasientar i Drammen, hugsar eg at eg klarte 12 kjøtkaker til middag ein dag. Seinare fekk eg vita at A&H-sprøytene som eg fekk, til saman inneheldt hypofysestoff som tilsvarte nivået til 5000 svin. Om det har vore grunnlag for å kalla meg for svin seinare i livet, skal vera usagt, ler Lobben.

Sjølv tok han seg utdanning som kjemiingeniør og har jobba både på malingfabrikkar i Noreg og Sverige og i eit legemiddelfirma.

Poliohistoria

I 1994 var han med på utføringa av den store polioundersøkinga i Noreg, og seinare blei han oppmoda av Margot Nissen-Lie i Landsforeningen mot Poliomylitt og medisinprofessor Øyvind Larsen ved Universitetet i Oslo til å skriva historia til poliosjukdomen i Noreg. Det tok han fleire år å samla stoff og skriva ned historia som har blitt til ei bok på over 400 sider gitt ut på Unipub forlag.

- Det aller første historiske tilfellet av polio kan sporast tilbake til arkeologiske funn av ei egyptisk kalksteinstavle frå det 18. dynasti (om lag 1403-1365 f. Kr.). Kalksteinstavla viser ein ung mann, truleg portvaktaren Rume ved eit tempel som er vigd til den syriske legegudinna Astarte ved tempelet i Memfis. Saman med kona si og sonen sin, blir det bore fram ei offergåve til gudinna.

- Teikninga av Ruma viser ein mann med eit forkorta og atrofisk bein med foten i ein typisk spissfot-stilling, karakteristisk på grunn av slapp lamming. Den danske legen Ove Hamburger konkluderer i 1911 med at dette mest sannsynleg er lamming etter polio i ung alder. Men det er også nemnt tilfelle i Samuels bok i Bibelen som enkelte meiner kan ha vore polio. Likevel er ingen av desse døma sikre prov på at polio har eksistert i 3500 år, understrekar Lobben.

Sør-Odal

I Noreg er det aller eldste tilfellet frå 1820, medan verdas første polioepidemi skjedde i Sør-Odal i 1868. Då blei åtte menn, seks kvinner og tolv barn ramma av sjukdomen. Fem av dei døydde.

- Den aller verste epidemien i Noreg skjedde i 1905. Då blei det påvist polio i 80 av 158 legedistrikt, og til saman blei det rapportert inn 952 tilfelle av polio. 84 personar døydde, 338 blei invalide, 155 blei kurerte medan 350 fekk polio utan at ledd og musklar blei lamma. I 1905 var det 75 tilfelle for kvar 100 000 innbyggjar, medan det under den siste epidemien i 1954 var 48 tilfelle for kvar 100 000 innbyggjar.

Betre hygiene gav polio

- Mange har lurt på kva som var årsaka til at sjukdomen oppstod, og merkeleg nok er svaret den betra hygienen. Den førte nemleg til at barna ikkje lenger fekk i seg dei stoffa i morsmjølka som tidlegare hadde gjort dei immune mot polioviruset. Det er også årsaka til at det i dag er polioepidemiar i Afrika og Asia, nettopp fordi hygienen er blitt betre der også, konstaterer Lobben.

I 1949 klarte amerikanarane J.F. Enders, F.C. Robbins og T. H. Weller å dyrka poliovirus i ein spesiell vevskultur som dei hadde forska fram. Dette førte til isolasjon av poliovirus og høve til å laga vaksine. Dei fekk alle tre Nobelbprisen i medisin i 1954. Den første vaksina mot polio blei framstilt av amerikanaren Jonas Salk i 1955. Til Noreg kom vaksinen 14. oktober 1956.

- Då klarte det norske helsevesenet i løpet av eit halvt år å vaksinera ein halv million barn mot denne sjukdomen. Den prestasjonen står det stor respekt av. Av og til har eg tenkt på kva som hadde skjedd om vaksinen var komen seks år før. Konklusjonen min er at det slett ikkje er sikkert at eg hadde levd noko betre liv enn eg hadde gjort om eg ikkje hadde fått den sjukdomen, seier Lobben.

Fakta om polio:

Poliomyelitt = betennelse i den grå margen i ryggen (polios = grå, myelos=marg, itis=betennelse)
1500 f. Kr: Biletet av portvaktaren Ruma med sannsynleg poliosjukdom
1820 e. Kr.: Første kjente tilfelle av barnelamming i Noreg
1868 : Noregs første nedskrivne polioepidemi i Sør-Odal
1905 : Verdas største polioepidemi så langt. 1031 tilfelle i Sverige
1911 : Ny polioepidemi i Noreg. Fleire hundre blir invalidiserte
1947 : Landsforeningen mot Poliomylitt blir stifta
1951 : Noregs største polioepidemi. Den varte i tre år
1955: USA produserer verdas første poliovaksine
1956 : Noreg set i gang eit stortstilt vaksinasjonsprogram mot polio
1991 : Landsforeininga for polioskadde blir stifta
1995: Noregs andre store polioundersøking utført av Landsforeninga for polioskadde. 1444 personar deltok

(Kjelder: Bjørn Lobben: Polioens historie i Norge, Unipub forlag og intervju med Bjørn Lobben)

Emneord: Medisin, Forskning Av Martin Toft
Publisert 29. apr. 2002 10:23 - Sist endra 10. des. 2008 14:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere