UiO er eit breiddeuniversitet

Universitetet i Oslo er eit breiddeuniversitet. Det vedtok eit fleirtal på åtte av dei 11 medlemane i Kollegiet under møtet 26. februar.

Kollegierepresentantane Harald Ulrik Sverdrup (biletet) og Kristian Mollestad fekk fleirtal i Kollegiet for eit framlegg om å understreka UiOs rolle som eit breiddeuniversitet.
Foto: Ståle Skogstad

Forslaget kom opp i samband med budsjettframlegget for 2003. I det opprinnelege utkastet til universitetsdirektør Tor Saglie stod det nemnt at UiO var landets største utdanningsinstitusjon og har dei leiande forskingsmiljøa på ei rekkje område. Dette meinte kollegierepresentantane Ulrik Sverdrup og Kristian Mollestad var litt for tynt for å uttrykkja den viktige rolla UiO spelar innan forsking og undervisning i Noreg.

Dei kom difor med framlegg til eit tillegg etter første setning i kapittel 2 i budsjettframlegget til universitetsdirektøren som klart understreka UiOs rolle som eit breiddeuniversitet. Der heiter det "UiO er også landets mest typiske breddeuniversitet med et variert, bredt og sammensatt fagtilbud og forskningsmiljø. Dette representerer en stor styrke og ressurs som det har tatt lang tid å bygge opp og som UiO ønsker å føre videre".

Vidare understrekar framlegget at budsjettet for 2003 og framtidige budsjett må også gi fag- og forskingsmiljøa som utgjer UiOs grunnfjell, breidda, høvet til vekst og utvikling. Men framlegget går også inn for å satsa særskilt sterkt på einskilde forskingsmiljø. "Samtidig ønsker UiO å styrke særskilt noen gode forskningsmiljøer ved å gi dem så gode rammebetingelser som mulig."

Det blir også understreka svært sterkt at med den satsinga på utdanning og forsking som er varsla frå regjeringa, så reknar dei med at UiO kan få tildelt ressursar til å oppfylla begge desse måla.

Framlegget blei endeleg vedtatt med stemmene til desse åtte personane; prorektor Anne-Brit Kolstø, Kristian Gundersen, Gunnar Handal, Gunnar Nicolaysen, Harriet Bjerrum Nielsen, Camilla Serck-Hanssen, Kristian Mollestad og Ulrik Sverdrup. Studentrepresentantane Anette Birkeland og Kristian Jess, ekstern representant Paul Chaffey og rektor Arild Underdal stemte imot framlegget. UiOs budsjettframlegg for 2003 blei også vedtatt med dei endringane som kom fram på møtet.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. mars 2002 12:46 - Sist endra 10. des. 2008 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere