SV vil tilby dobbel bachelor

SV-fakultetet vil utgreia nærare om dei skal lata framtidige studentar kunne ta ein dobbel bachelor gjennom å lata 70- 80 av dei 180 studiepoenga på bachelorgraden vera valfrie. Til samanlikning vil 40 av dei 180 studiepoenga vera valfrie ved HF-fakultetet.

Satsing på kulldanning og dobbel bachelor skal få studentar til å søkja seg til SV-fakultetet, håpar prodekan Gunn Elisabeth Birkelelund.
Foto: Martin Toft

- Denne modellen vil oppfylla ynsket vårt om å gi studentane ein stor grad av fleksibilitet og valfridom, seier prodekan Gunn Elisabeth Birkelund til Uniforum.

Dei studentane som vil søkja seg inn på SV-fakultetet frå hausten 2003, kan truleg få velja mellom fylgjande tverrfaglege studieprogram: utvikling/miljø/nord-sør, kultur og kommunikasjon, internasjonale forhold/politisk økonomi, Europa-studiar og offentleg administrasjon.

Fakultetsstyret gjekk 28. februar inn for å greia ut desse studieprogramma nærmare. I tillegg har fakultetstyret vedtatt å satsa på faglege/disiplinære studieprogram på både bachelor- og masternivå innan psykologi, statsvitskap, sosiologi, samfunnsgeografi, sosialantropologi og økonomi. Dessutan ynskjer fakultetet å setja i gang arbeidet med å etablera eit eitt år langt masterkurs i organisering og leiing og eit to årig masterkurs i teknologi og innovasjon. Fakultetet vil også delta i eit tverrfagleg masterprogram i fred og konflikthandtering.

Kulldanning

Ved SV-fakultetet ynsker dei også å sveisa studentane saman frå første semester

- Difor skal me driva med kulldanning ved at alle studentane på eit studieprogram fylgjer dei same modulane gjennom det første året. Deretter kan studentane velja fritt kva modular dei ynsker å leggja til dette studieprogrammet. På denne måten har me lete oss inspirera litt av profesjonsutdanningar som medisin og psykologi samtidig som me har prøvd å få til ein balanse mellom vekttalsproduksjon og fridom, forklarar Birkelund. Ho vedgår at fakultetet er nøydd til å tenkja i vekttal.

SVs dilemma

- SV-fakultetet er svært avhengig av ein høg vekttalsproduksjon fordi me har ei svært lita basisløyving. Dilemmaet vårt er at fakultetet ikkje kan auka oppfylginga av studentane utan auka inntekter. Det kan me få gjennom å auka talet på oppnådde vekttal. Men sidan utgangspunktet allereie er eit høgt studenttal, avgrensar dette sjansane for å få ein ytterlegare auke.

- Det er sjølvsagt ynskeleg at studentane oppnår fleire vekttal enn dei gjer i dag. Dette trur me også er realistisk å få til, men det føreset ei tettare oppfylging av studentar på lågare grad enn dagens opplegg. Og for å få til dette, må undervisninga på lågare grad få meir ressursar enn i dag.

- Det kan føra til at fakultetet må redusera ressursbruken på høgare grad for å auka den på lågare grad. Viss me då ikkje skulle vera så heldige at me fekk kompensert misforholdet mellom talet på studentar og lærarar gjennom tilleggsløyvingar, konstaterer Birkelund.

Ho viser til at Økonomi- og planavdelinga ved UiO har rekna ut at med den nye budsjettmodellen vil SV-fakultetet få 53 prosent av løyvingane som ein fylgje av vekttalsproduksjonen.

- I praksis vil dette seia at vekttalsproduksjonen ved SV må dekka store delar av andre utgifter som ikkje har noko å gjera med undervisninga. Ved til dømes MN-fakultetet kan undervisningstilbodet subsidierast av ei fast basisløyving. Dette fører til at SV-fakultetet må halda kostnadane på studietilbodet på eit lågt nivå. Finansieringssystemet trugar med andre ord intensjonen til reforma om å auka oppfylginga av ressursinnsatsen på studietilboda, konstaterer ho.

- Samtidig viser statistikken at fakultetet har hatt ein nedgang i vekttalsproduksjonen den siste tida. Dermed vil ein budsjettmodell der ein stor del av løyvinga er avhengig av vekttalsproduksjon, falla uheldig ut for SV-fakultetet, slår Birkelund fast.

Også i framtida skal fakultetet tilby profesjonsstudium i psykologi og i økonomi cand. oecon (3+2 år).
Studieprogramma blir endeleg vedtekne i fakultetsstyret 23. mai.

Tverrfaglege studieprogram ved SV-fakultetet

Utvikling/miljø/nord-sør
Kultur og kommunikasjon
Internasjonale forhold/politisk økonomi
Europastudiar
Offentleg administrasjon

Emneord: Undervisning Av Martin Toft
Publisert 6. mars 2002 09:48 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere