Startar eineståande masterprogram i høgare utdanning

Det utdanningsvitskaplege fakultetet startar hausten 2002 verdas mest omfattande masterprogram i høgare utdanning. Programmet som har fått namnet Master of Philosophy in Higher Education, er eit samarbeid mellom sju europeiske universitet, men alle studentane skal gå ved Universitetet i Oslo.

Peter Maassen og Therese Marie Uppstrøm har ansvaret for det nye mastergradskurset
Foto: Martin Toft

- Det er svært verdifullt at desse samarbeidsuniversiteta har fått etablert eit mastergradskurs i høgare utdanning der alle kan bidra med sine spesialfelt innan økonomi, jus, statsvitskap, administrasjon, sosiologi og pedagogikk, seier prosjektleiar Peter Maassen som til vanleg er professor i politisk analyse ved Universitetet i Twente.

Mastergradskurset skal gå over to år med til saman 40 studieplassar. 5 av desse plassane er reservert for norske studentar, 15 for studentar frå andre europeiske land og 20 for studentar frå resten av verda. All undervisning på dette kurset skal gå føre seg ved Universitetet i Oslo.

Hedda-alliansen

- Den opprinnelege ideen var å lata studentane opphalda seg rundt omkring på dei forskjellige samarbeidsuniversiteta, men av praktiske årsaker var ikkje det mogleg. Dei vil likevel få høve til å vera ved eit anna universitet når dei held på med det avsluttande arbeidet på mastergradskurset på det fjerde semesteret, fortel Maassen.

Mastergradskurset er eit resultat av Hedda-alliansen som er eit samarbeid mellom universiteta i Aveiro (Portugal), Burgundy/Dijon (Frankrike) Kassel (Tyskland), Lancaster (Storbritannia), Tampere (Finland) og Twente (Nederland). Men også Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) deltar i både i Hedda-alliansen og i dette mastergradsprogrammet.

Liberalisering av utdanningssektoren

- Det er ikkje minst aktuelt for alle som ynskjer å studera kva utfordringar utdanningssektoren står overfor etter at Verdas handelsorganisasjon (WTO) har fått eit framlegg frå fire land om å liberalisera utdanningssektoren. Difor vil kurset også høva bra for utdanningsbyråkratar både i UFD og for andre som arbeider i utdanningssektoren. Men dei må nok betala for kurset, i motsetning til dei vanlege studentane som får gratis undervisning, understrekar Maassen. Nokre av modulane på kurset blir også ein del av doktorgradsprogrammet for studentane i høgare utdanning ved Tamperes universitet.

- Det er blant andre modulen i metodar og statistikk som skal inn som ein del av deira doktorgradsprogram. Me håpar også at dei beste studentane på dette kurset går vidare på eit av doktorgradsprogramma til eitt av samarbeidsuniversiteta, seier han.

Han ber alle studentar som ynskjer å vita meir om kurset, om å ta kontakt med førstekonsulent Therese Marie Uppstrøm på e-post: t.m.uppstrom@uv.uio.no
Søknadsfristen er 1. april for ikkje-europeiske studentar og 15. april for europeiske studentar.

Emneord: Internasjonalisering, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 6. mars 2002 11:29 - Sist endra 10. des. 2008 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere