- Gamle oppgåver må vika plass for nye

- Me må skaffa rom for nye oppgåver ved UiO ved å leggja ned andre. Dermed må me også krevja å få meir av det me yter frå staten enn det me får i dag, sa rektor Arild Underdal i talen sin under rektorinaugurasjonen i Universitetes Aula 8. februar.

REKTORKJEDET: Avgått rektor Kaare R. Norum legg rektorkjedet over skuldrane på UiOs nye rektor, Arild Underdal. (Foto: Raúl da Cunha)

- Det må bli gitt større plass til nyfikendriven forsking ved Universitetet i Oslo. Det seier eg ikkje berre fordi eg tenkjer på framtida til UiO, men fordi det er Noregs framtidige evne til nyskaping som står på spel. Difor må nyfikendriven forsking bli vurdert på sine eigne premiss og skilja seg frå det som det er politisk korrekt å forska på, understreka rektor Arild Underdal medan han festa eit skarpt blikk på utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet, som også var til stades i ein mest fullsett aula.

Kraftsenter

- Universitetet skal vera eit kraftsenter for ny innsats og innsikt der studentar og forskarar saman skal kunna utvikla nye sanningar og stilla spørsmål ved gamle sanningar. No må me samla kreftene til større innsats både innanfor bioteknologi og etikkforsking. Me må også satsa enda meir enn før på det tverrfaglege. Det blir grunnlaget for den jobben me skal utføra i denne rektorperioden, sa Underdal, som saman med prorektor Anne-Brit Kolstø skal leia Universitetet i Oslo fram til 31. desember 2004. Han kom inn på korleis dei kan lykkast med desse visjonane.

Supertankar

- Det set sjølvsagt krav til å heva heile organisasjonen ved UiO. Styre og leiarskap må visa evne til å tenkja kreativt og staka ut ein rett kurs. Mange utanfor universitetet lever framleis i den villfaringa at UiO er ein supertankar som det vil ta år å få snudd kursen til.

- Men no er det nettopp det som skjer, for heile universitetet er i ferd med på å leggja om alle studieopplegg som ein fylgje av Kvalitetsreforma. Det er mangfaldet som karakteriserer UiO best. For gjennom dei forskjellige faga og institutta har me ei spennvidde mot samfunnet som går frå fag med nærkontakt til næringslivet til fag som samarbeider med rettsvesenet og helsevesenet, oppsummerte Underdal, som difor var svært klar på kva som måtte vera den viktigaste saka for UiO.

Det allmennvitskaplege universitetet

- Me må ta vare på spennvidda i mangfaldet ved universitetet og hjelpa studentane og omverda til å orientera seg der. Slik kan me halda oppe Det allmennvitskaplege universitetet som er Universitetet i Oslo, sa UiO-rektoren som også kom med masse godord til forgjengaren sin Kaare R. Norum og prorektoren hans, Rolv Mikkel Blakar.

- Då Norum byrja rektorperioden sin lova han at han skulle bruka dei tre siste åra av yrkeslivet sitt til å gjera alt for å få Universitetet i Oslo ut i samfunnet. I dag ser me klart at han og Blakar har makta å halda denne lovnaden, konstaterte Underdal.

Gleder og sorger

Avgått rektor Kaare R. Norum la ikkje skjul på at han gjerne kunne ha tenkt seg å vera rektor lenger enn i tre år. Han var likevel godt nøgd med det han og prorektor Rolv Mikkel Blakar hadde oppnådd i løpet av denne tida.

- Det eg kanskje hugsar med mest glede, er demonstrasjonen for eit betre universitetsbudsjett som universitetsleiinga skipa til saman med forskarar og studentar hausten 2000. Den var nok med på å redda universitetsbudsjettet både for oss og dei tre andre universiteta i 2001, meinte Norum, som også viste til den nyoppretta formaliserte kontakten med Oslo kommune, som ei av dei sakene han ville ta æra for å ha oppnådd.

- Difor deltar alltid Oslos ordførar under velkomstseremonien for nye studentar på Universitetsplassen i august. Norum trekte også fram FUGE, Kaupang og opninga av det nye Rikshospitalet som gledelege hendingar i hans rektorperiode. Stoltenbergs manglande svar på eit tilbod frå UiO om å hjelpa til med råd og eksperthjelp i samband med Verdas helseorganisasjons tiltaksplan mot AIDS og andre epidemiar, var Norums største vonbrot. Til slutt kom han med ei blanding av eit hjartesukk og ei oppmoding til statsråd Kristin Clemet.

- Pengar til utdanning og forsking er ingen utgift, men ei investering. Deretter viste Universitetet i Oslo si takksemd overfor avgåtte rektor Kaare R. Norum ved å halda ein æresmiddag for han på Hotel Continental saman med rundt 170 inviterte gjester.

Emneord: Rektorvalget, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. feb. 2002 10:52 - Sist endra 10. des. 2008 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere