Svarar Pål Barkvoll: Uniforums oppgåve å peika på at det fanst ein annan leverandør

Pål Barkvoll skuldar Uniforum for å ha skrive artiklar som grensar til tekstreklame for Opus Dental og direktøren Lasse Moe. Ein slik påstand tar me sterk avstand frå. Uniforums oppgåve har vore å peika på at det fanst ein annan leverandør, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft

Portrett av Uniforum-redaktør Martin Toft

STERK AVSTAND: Uniforum-redaktør Martin Toft tar sterk avstand frå OD-dekan Pål Barkvolls påstand om at Unforum har skrive artiklar som grensar til tekstreklame for selskapet Opus Dental. 

Foto: Ola Sæther

Uniforum har i vår hatt fleire artiklar om Det odontologiske fakultetet og innkjøpet av det elektroniske pasientjournalsystemet Salud og den forskingsadministrative tilleggsmodulen University Health Network.

I alle artiklane har fleire partar i sakene kome til og fortalt sine versjonar, mellom dei odontologidekan Pål Barkvoll, personaldirektør Irene Sandlie og den tidlegare direktøren for selskapet Two-Ten Health, Ian Finch.. Han hadde også ei sentral rolle i University Health Network. Også direktøren for det konkurrerande selskapet Opus Dental, Lasse Moe, er blitt intervjua i avisa.

Uniforum har dessutan presentert varslarrapporten om innkjøpet av den forskingsadministrative tilleggsmodulen University Health Network frå selskapet Ian Finch & Associates Ltd, og konklusjonen som seier at dekan Pål Barkvoll braut innkjøpsreglane, men var i god tru då han lyste ut eit tilbod som var over grensa på 500 000 kroner med feil protokolltype.

Onsdag 29. mai kritiserer Det odonologiske fakultetets dekan Pål Barkvoll ein del av innhaldet i artiklane.

Pål Barkvoll skuldar Uniforum for å ha skrive artiklar som grensar til tekstreklame for Opus Dental og direktøren Lasse Moe. Ein slik påstand tar me sterk avstand frå. Uniforums oppgåve har vore å peika på at det fanst ein annan leverandør, som blir brukt av dei odontologiske fakulteta ved andre norske universitet og av Karolinska Institutet i Sverige.

Pål Barkvoll forsikrar om at han aldri har tent ei krone verken på innkjøpet av Salud eller tilleggsmodulen University Health Network. Uniforum har heller aldri skrive at dekan Pål Barkvoll personleg har tent på desse verktøya.

Når det gjeld pasientjournalsystemet Salud, er det rett at systemet blei vald medan Barkvoll var instituttleiar og ikkje dekan. Men då ny kontrakt med Two-Ten Health blei inngått i 2014 utan tilbodsrunde, hadde Barkvoll fått denne posisjonen. Han legg vekt på at ei intensjonserklæring om innkjøpet blei publisert både i den norske katalogen Doffin og i EUs katalog TED. Men spørsmålet Uniforum stiller er kvifor denne kontrakten ikkje blei lagt ut på ordinært tilbod?

Ei intensjonserklæring kan nyttast dersom leverandøren er i ein monopolsituasjon, eller slik personaldirektør Irene Sandli uttrykkjer det i eit intervju med Uniforum, «dersom ein oppfattar at leverandøren er i ein monopolsituasjon». Det har ikkje lykkast Uniforum å finna nokon blant dei som brukar Salud som arbeidsverktøy, verken blant instruktørtannlegane eller blant dei vitskaplege tilsette på Institutt for klinisk odontologi, som deler denne oppfatninga om monopolsituasjon. To instruktørtannlegar seier til Uniforum at dei brukar pasientjournalsystemet til konkurrenten Opus Dental.

Uniforums nyhendebrev til lesarane våre den 24. mai har overskrifta «Anklager OD-dekanen for løgn». Det er eit sitat frå lesarbrevet  til Opus Dentals direktør Lasse Moe. Men Pål Barkvoll fekk lesa gjennom påstandane til Lasse Moe på førehand og nytta seg av retten til samtidig imøtegåing. Kommentarane hans var med som ein hale til innlegget frå Lasse Moe. I nyhendebrevet veka etter den 29. mai, brukte me  «OD-dekan slår tilbake» som del av tittelen i emnefeltet .Det viser at Uniforum også har gjort synspunkta til Pål Barkvoll synlege i denne saka.

Uniforum lovar å halda fram med å stille dei kritiske spørsmåla som må til for å få fram opplysningar som er korrekte og etterrettelege. Om journalistikken vår fører til at det blir betre, meir gjennomsiktige og meir rettferdige tilbodsrundar ved viktige innkjøp på UiO, har me gjort ein viktig jobb.

 • Les også innlegget til odontologidekan Pål Barkvoll: 

Upresist i Uniforum

Emneord: Odontologi, Arbeidsforhold, Innkjøp Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 5. juni 2019 00:32 - Sist endra 5. juni 2019 15:06

"Journalism is printing what someone else does not want printed: everything else is public relations.” ― George Orwell (1903-1950)

tgs@ntnu.no - 7. juni 2019 17:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere