UiO: Dekan braut ikkje habilitetsreglane, men fylgde ikkje regelverket for innkjøp

Dekan Pål Barkvoll braut regelverket for innkjøp, då han gav eit britisk selskap oppdraget med å utvikla eit nytt forskingsadministrativt system for Det odontologiske fakultetet. Men han har ikkje brote habilitetsreglane. Det er konklusjonen i ein rapport som har gått gjennom eit varsel mot dekanen.

GODT: – Det er godt for meg å vita at det ikkje har vore brot på habilitetsreglane eller andre reglar i forvaltningslova, seier dekan Pål Barkvoll  ved Det odontologiske fakultetet etter at konklusjonen i ein rapport som har gått gjennomm eit varsel mot han, no er klar.

Foto: Ola Sæther

Det er Avdeling for personalstøtte  ved Universitetet i Oslo som har gått igjennom eit varsel frå ein forskar ved Det odontologiske fakultetet mot dekan Pål Barkvoll hausten 2017. I varselet blir dekanen skulda for å ha brote habilitetsreglane i forvaltningslova frå 2009 til og med 2017. I varselet kjem det fram påstandar om avvvik og regelbrot knytt til utviklinga av eit nytt forskingsadministrativt system og til drifta av det elektroniske pasientjournalsystemet Salud ved fakultetet. 

Dette er bakgrunnen for varselet mot OD-dekan Pål Barkvoll:

Pål Barkvoll hadde i perioden juni 2009 til desember 2010 posisjonen som direktør i selskapet UHN SL. (University Health Network Software Ltd.), ifylgje varslaren. I denne perioden blir fleire kontraktar underteikna mellom selskapet og Det odontologiske fakultet.

Varslaren sende hausten 2017 inn eit varsel der han også stiller spørsmål ved om kontraktane mellom selskapa Finch leier, og fakultetet ble inngått i samsvar med gjeldande reglar for innkjøp, og peikar på at kontraktane blei inngått utan tilbodsrundar.

Det same gjeld dei første avtalane mellom Two-Ten Health Ltd og fakultetet om levering av det elektroniske pasientjournalsystemet Salud.

Varslaren meiner også at det er grunn til å stilla spørsmål ved Ian Finchs rolle. I 2008 skreiv Finch under kontraktar som direktør i Two-Ten Health Limited, sjølv om han, ifylgje varslaren aldri har vore offisielt registrert som CEO (chief executive officer)  i dette selskapet.

Både Pål Barkvoll og Ian Finch har avvist skuldingane frå varslaren og Barkvoll peikar på at han sjølv var styremedlem i selskapet, og aldri direktør.

Konklusjonen i granskingsrapporten er at Pål Barkvoll ikkje har brote habiltetsreglane eller andre reglar i forvalningslova, men derimot ved ei misforståing ikkje har fylgd regelverket for innkjøp.

 

Eit sentralt  punkt i varselet er relasjonen mellom professor Pål Barkvoll og forretningsmannen og datakonsulenten Ian Finch og dei to selskapa hans, University Health Network Software Limited og Ian Finch & Associates Limited.  

Kontakten mellom noverande dekan Pål Barkvoll og Ian Finch, begynte den gongen sistnemnde var tilsett i det britiske selskpet Two-Ten Health, som leverer Salud, det elektroniske pasientjournalsystemet ved fakultetet.  Etter at han slutta der, fekk Finch i oppdrag å leia arbeidet med å utvikla eit nytt forskingsadministrativt system for Det odontologiske fakultetet. I ein kort periode var professor Pål Barkvoll også styremedlem i selskapet University Health Network på vegner av fleire samarbeidande universitet, samtidig som han var instituttleiar ved Institutt for klinisk odontologi.

• Les meir i Uniforum:

Odontologiforsker beskylder dekanen for lovbrudd

Britisk datakonsulent: – Det fantes ikke noe alternativ til University Health Network

Ingen brot på reglane i forvaltningslova

No er altså konklusjonen av granskinga av desse påstandane klar. Bortsett frå at dekanen har brote innkjøprsreglane, er det ikkje påvist regelbrot på andre område. Det opplyser personaldirektør Irene Sandlie til Uniforum.

– I denne saka har det vore reist fleire spørsmål om brot på regelverket. Me har konkludert med at det ikkje ligg føre brot på habilitetsreglane eller andre reglar i forvaltningslova, skriv ho i ein epost til Uniforum. 

Fylgde ikkje innkjøpsreglane

Men i rapporten går det også fram at reglane ikkje er blitt fylgde når det gjeld offentleg innkjøp.

 – Vidare er vår konklusjon at «anskaffelsesreglene» ikkje er fylgde ved innkjøp frå selskapet Ian Finch & Associates Ltd., truleg som fylgje av ei misforståing.  Me har ikke tatt stilling til kven som var ansvarleg for dette. For øvrig har me ikkje funne noko regelbrot i denne saka, understrekar Irene Sandlie.

Ho ynskjer ikkje å gå inn på korleis dekan Pål Barkvoll og varslarene skal tolka innhaldet i konklusjonen.

– Varslarane og dekanen vil vera dei næraste til å gi tilbakemelding på korleis dei sjølve tolkar konklusjonen.

– Er det mogleg for OD-dekanen å konkludera med at ikkje noko kritikkverdig har skjedd?

– Konklusjonen er at det ikkje ligg føre brot på forvaltningslova og at «anskaffelsesreglene» ikkje er fylgde ved innkjøp frå selskapet Ian Finch & Associates Ltd. Dekanen er kjent med konklusjonane. 

– Er det mogleg for varslaren å føla at vedkomande har fått medhald i kritikken mot OD-dekanen?

– Varslarane er nærmastt til å svara på dette, men sett frå vår ståstad ligg det ikkje føre noko brot på regelverket i forvaltningslova. Det er kun peika på at «anskaffelsesregelverket» ikkje er fylgt ved innkjøp frå dette selskapet.

– Kva blir konsekvensen av denne konklusjonen?

– Det er peika på i rapporten at «anskaffelsesreglane»  bør fylgjast ved framtidige «anskaffelser», og at innkjøpsfagleg kompetanse bør bistå med dette.

– Vil Avdeling for personalstøtte fylgja opp innhaldet i denne rapporten med å setja i verk tiltak ved OD?

– Dekanen er orientert om vurderingane og konklusjonane i rapporten. Utover dette ser me ikkje behov for tiltak, svarer personaldirektør Irene Sandlie på spørsmålet frå Uniforum.

– Godt for meg å vita

Dekan Pål Barkvoll ved Det odtontologiske fakultetet er nøgd med konklusjonen i rapporten.

– Det er godt for meg å vita at det ikkje har vore brot på habilitetsreglane eller andre reglar i forvaltningslova, seier Pål Barkvoll til Uniforum.

– Alle tilsvara eg kjem med i denne saka er dokumenterte. Difor er det også lagt ved tilbakemeldingar frå ØPA (Økonomi- og planavdelinga) og Innkjøpsseksjonen om at dette var greit. Dette var råda me fekk frå sentralt hald for ti år sidan, understrekar han overfor Uniforum. 

Pål Barkvoll refererer også direkte frå rapporten, som Uniforum enno ikkje har fått tilgang til. Der går det fram at Barkvoll har sendt over eit dokument som skal vera utarbeidt av den tidlegare Økonomi -og planavdelinga (ØPA) i oktober 2010.

I dokumentet går avdelinga mellom anna gjennom dei innkjøpa som vart gjennomførte  frå Ian Finch & Associates Limited til då.  I dokumentet vert det gitt uttrykk for at konsulenttenestene frå Ian Finch & Associates  ville gå langt over  500 000 norske kroner, - men etter samråd med Innkjøpsseksjonen ved UiO blei protokolltypen 100 000- 500 000 valt, fordi den,  ifylgje dei, passa best for dette spesielle formålet.  Innkjøpsseksjonen har vidare sagt at betalinga, dersom det skulle bli aktuelt, også kan overstiga beløpsgrensa på 1.6 milllionar med denne innkjøpsprotokollen.

– Me handla i god tru

Barkvoll har dessutan opplyst at kontrollorganet ved ØPA på det aktuelle tidspunktet  ikkje fann noko kritikkverdig ved innkjøpa.

– I samråd med innkjøp fann me ut av dette var den rette måten å gjera det på. Det har vore ei rekkje personar involverte i dette, men eg tar ansvaret for det. Men me handla i god tru med dei råda me fekk. Me handla i god tru, gjentar han.

Barkvoll siterer også granskingsrapporten der det står fylgjande:

 «Innkjøpene synes å være basert på misforståelse om at protokollen ga det nødvendige rettslige grunnlaget for disse innkjøpene, noe som igjen er basert på en relativt misvisende uttalelse fra den daværende økonomi og planavdelingen ved UiO. Slik denne uttalelsen var formulert, har (AP) Avdeling for personalstøtte forståelse for at misforståelsen kunne oppstå», står det i konklusjonen i rapporten.

– Har heller ikkje tent pengar på dette

Dekan Pål Barkvoll vil helst ikkje omtala varselet han har fått mot seg, men han vedgår at han har lært noko.

– Eg vil nødig omtala varselet frå tilsette mot meg. Eg forstår at det kan vera komplisert for dei som ikkje er IT-ekspertar, og at dei lett kan ta feil. Elles kunne eg ha håpa på betre kommunikasjon med dei det gjeld, vedgår han.

– Med konklusjonen i denne rapporten, trur du at du no får arbeidsro?

– Eg har aldri vore stressa eller hatt dårleg samvit på grunn av dette. Og eg har heller ikkje tent pengar på dette. 

– Vil de setja i verk tiltak for at regelverket om innkjøp skal bli fylgt ved OD i tida framover?

– Me har full tiltru til at innkjøpsavdelinga i dag vil gi oss gode råd.Og me reknar med at me vil søkja om bistand når me treng det. Dei er gode på det. Også under innkjøpet av Salud i 2015 bistod dei oss, og me er svært nøgde med bistanden frå dei.

– Trur du at denne saka er ferdig no?

– Eg ser meg som ferdig med denne saka no. Eg har mange interessante saker å jobba med.

Og så kjem han med eit hjartesukk til slutt:

 – Eg ser at det ikkje er noko konkurranse i popularitet å vera øvste  leiar ved eit fakultet.  

Uniforum har også vore i kontakt med ein av varslarane. Men den personen ynskjer ikkje å kommentera konklusjonen i granskingsrapporten. 

 

Emneord: Odontologi, Arbeidsforhold. Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 29. mars 2019 11:43 - Sist endra 29. mars 2019 11:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere