Kronprins Haakon er optimistisk: – Saman kan me bringa verda tilbake på sporet

– Det er ingen grunn til at folk skal døy av svolt, ingen god grunn til at barn ikkje skal gå på skulen, og det er ingen god grunn til at ikkje økosystemet vårt skulle vera sunt. Saman kan me bringa verda tilbake på sporet. Det sa kronprins Haakon då han opna berekraftskonferansen til SUM på UiO i formiddag.

Portrett av kronprins Haakon

VIKTIGE: – Perspektiva frå både det globale sør og frå ungdommen, ikkje minst frå urfolksgrupper og marginaliserte grupper er svært viktige når det gjeld korleis me skal leva frå 2030 og endå lenger inn i framtida, sa kronprins Haakon under SUMs seminar om FNs 17 mål for berekraftig utvikling. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var Professorboligen i sentrum som var arenaen for den årlege konferansen om FNs 17 mål for berekraftig utvikling (SDG), arrangert av Senter for utvikling og miljø i samarbeid med NORAD. Hovudgjest var kronprins Haakon, medan rektor Svein Stølen ynskte konferansen velkomen til Universitetet i Oslo. Han gav honnør til ordstyrar professor Dan Banik og Senter for utvikling og miljø som hadde tatt initiativet til denne konferansen.

– Dette er ein fin måte for forskarar og politikarar og andre samfunnsaktørar å koma saman på tvers av fag og for å gjera dialog lettare gjennom partnarskap på tvers av kulturar. Verda blir mindre og mindre, noko både pandemien, klimakrisa og flyktningkrisa er døme på. Dette får fylgjer for folk i alle verdshjørne, understreka Stølen.

– Det styrkjer meg i trua på internasjonalt samarbeid

Han meinte at det var viktig å anerkjenna at for å få løyst desse problema, må det gjerast i samarbeid med andre i andre land.

– I den internasjonale universitetsorganisasjonen får me inntrykk av utfordringar i samfunnet og på universitet i land som Bosnia, Tunisia, Mexico, Etiopia og Somalia. Det styrkjer meg i trua på internasjonalt samarbeid. Me treng som eit rikt land, å vera med på å byggja opp lokal kapasitet over heile verda, trekte han fram.

UiO-rektoren var heilt sikker på at det er tydeleg at det trengst meir og ikkje mindre internasjonalt samarbeid.

– Derfor er eg overtydd om at det må prioriterast å byggja opp sterke forskingsinstitusjonar i det globale sør. UiO har eit utstrekt samarbeid med andre europeiske universitet. Og i morgon vil eg dra til Sør-Afrika på eit møte som The Guild, organisasjonen for forskingsintensive universitet i Europa, skal ha med 17 afrikanske universitet og 13 europeiske universitet. Temaet blir korleis me skal støtta opp om framifrå forsking innanfor helse, kunstig intelligens og energi. No håpar eg at me saman kan tråkka opp ein sti som vil gi oss ei meir berekraftig og rettferdig verd, avslutta Svein Stølen.

PANEL: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (t.v.), forskar Tumaini Malenga frå The African Institute for Development Policy i Malawi og Latin-Amerika-ekspert og SUM-professor Benedicte Bull deltok i panelet under konferansen. Ordstyrar var SUM-professor Dan Banik. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

 

– Behov for vitskapen

Kronprins Haakon valde også å vera optimist når det gjeld utviklinga i verda.

– Det er viktig å få fram at det er mogleg å skapa forandringar, og at det ikkje er noko som er utanfor rekkjevidda for det folk kan klara, understreka kronprins Haakon.

I mai var han på ein lengre ekspedisjon til Grønland. Og i talen sin tok han opp inntrykk han sat igjen med etter den turen.

– Eg vil ta dykk tilbake til den morgonen me var inne i eit lite telt på nokre få kvadratmeter, som me hadde sett opp ein stad midt på den store isbeltet på Grønland.

Eg vakna opp ganske rusten etter å ha sove på den madrassen me hadde tatt med oss. Når me opnar opp teltduken, så ser me dette enormt svære landskapet. Dei einaste andre gongene eg har hatt den same kjensla av enorm storleik, er når eg har vore ute på havet. Du ser snø og is over alt i 360 grader. Det var sol, men temperaturen var på 20 minusgrader og det var vind. Samtidig veit eg at under føtene mine og sledane våre er det 3000 meter eller 3 kilometer med is. Det er då me forstår at me treng vitskapen, for me veit at måten me lever på, påverkar isen fordi den er i ferd med å smelta nettopp på grunn av levemåten vår. Men for å forstå det, medan me står på toppen av denne isen, då har me behov for vitskapen som kan fortelja oss det, konstaterte han.

Samtidig skildra han korleis alt heng saman med alt på jorda.

– Dette viser også klart korleis heile verda heng saman. Isen smelta medan me stod på den, noko som førte til at havet ville stiga litt utanfor Fiji-øyane på den andre sida av jorda. Om du er interessert i utvikling, så er det meining i å dra til Arktis for å sjå kva som hender der, og sjå korleis det heng saman med ting som skjer andre stader på jorda, poengterte kronprins Haakon.

– Både klimaendringar og konfliktar er hovudgrunnane

Også han var opptatt av at utviklingsmåla ikkje lenger er like lette å oppfylla.

– Krig, svolt og klimaendringar fyller nyhendesendingane akkurat no. Rapporten om FNs berekraftsmål og rapporten om klimaendringane viser at ting ikkje går heilt så bra som me hadde håpa. Og FN fortel oss at ambisjonen om å nå måla for berekraftig utvikling innan 2030 er i stor fare på grunn av verdsomfattande, samansette kriser. Både klimaendringar og konfliktar er hovudgrunnane. Det går utover både helse, utdanning, miljø, fred og tryggleik, sa kronprinsen. Han meinte det no vil krevja intensiv handling globalt for å koma på sporet igjen.  

– FNs mål for berekraftig utvikling i 2030 har hatt ein positiv effekt i mange delar av verda og har gjort oss medvitne om behovet for forandring, sjølv om mange land ikkje har oppfylt lovnadane sine. Det er altså ingen samanheng mellom ord og handling, hadde han notert seg.  

Ville ha inn perspektiv frå ungdommen og urfolksgrupper

Kronprins Haakon kom også inn på moglege løysingar.

– Eg trur me må løysa dette gjennom å sjå på både lokale og globale perspektiv. Eg ser det som svært viktig å leggja vekt på bruken av ulike og inkluderande former for kunnskap. Desse perspektiva frå både det globale sør og frå ungdommen, ikkje minst frå urfolksgrupper og marginaliserte grupper, er svært viktige når det gjeld korleis me skal leva frå 2030 og endå lenger inn i framtida, la han vekt på.  

For han var det viktig å kunna jobba saman for å nå FNs mål for ei berekraftig utvikling.

– Demokrati er ikkje perfekt, men det er det beste metoden me har, for å nå våre felles mål. Me har behov for å arbeida saman utan å leggja nokon bak oss. Kunnskap kan både vera ein reiskap for det gode og eit tilbakesteg. Det som me må leggja vekt på, er kor viktig det er med kritisk tenking og å driva forsking på tvers av fag for å løysa våre felles utfordringar på ulike nivå. Dette SDG-initiativet er akkurat eit slikt forum me treng for å bringa forskarar saman med politikarar og andre samfunnsaktørar, slo han fast.

– Saman kan me bringa verda tilbake på sporet

 Til slutt kom kronprins Haakon med eit positivt syn på framtida.

– Det finst mange gode døme på at folk har klart å snu ei negativ utvikling. Det er ingen grunn til at folk skal døy av svolt, ingen god grunn til at barn ikkje skal gå på skulen, og det er ingen god grunn til at ikkje økosystemet vårt skulle vera sunt. Saman kan me bringa verda tilbake på sporet. Ein del av den jobben blir gjort her i dag, var han overtydd om. Og dei orda fekk han applaus for.

– Me veit at det verkar

Etterpå var det utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) sin tur til å innta talarstolen.

Ho appellerte i talen sin til alle forskarane i salen og peika på at det alltid var nokre som stilte spørsmål om utviklingshjelp og bistand fungerer slik det skal.

– Me veit at det verkar, men me treng forskarar som kan stadfesta det. No er hovudoppgåva mi å få budsjettet mitt tilbake igjen, slo ho fast.

– Oppgåva mi er også å passa på at budsjettet er innanfor ein prosent-målet, la ho til.

Tvinnereim viste til at ho som lokalpolitikar i Viken også hadde bruk for FNs mål for berekraftig utvikling.

– Dei gjorde at me blei nøydde til å jobba på tvers av etatar for å få til endringar, og me kunne riva ned dei siloane folk hadde jobba i tidlegare fortalde ho.

Malawi har hatt ei god utvikling

I ein paneldebatt etterpå deltok også forskar Tumaini Malenga frå The African Institute for Development Policy i Malawi. Ho peika på korleis klimaet hadde øydelagt infrastrukturen i landet.

– Etter ein kraftig storm blei heile infrastrukturen til kraftnettet vårt øydelagt. Frå ein dag til den neste var alle innbyggjarane utan straum. Ein venn av meg har sagt at Malawi må testa ut hydrogen som energikjelde. Han veit det blir dyrt, men han vil be EU vera med på å finansiera det, sa ho.

Samtidig trekte ho fram at Malawi er eit land som har hatt ei god utvikling.

– Talet på spedbarn som døyr har gått kraftig ned, medan den gjennomsnittlege levealderen har gått opp.

– Vil finna opp menneskevennlege maskinar

Møteleiar Dan Banik peika også på at malaria enno ikkje var nedkjempa verken i Malawi eller i andre afrikanske land. Han ville gjerne vita kva Tumaini Malenga meinte var grunnen til det.

-Det handlar om veremåten til folk. Dei jobbar i område der dei får malaria. Derfor seier eg at oppfinning av menneskevennlege maskiner vil vera ei bra løysing på å hindra spreiing av malaria, sa ho.

– Eg er optimist

Latin-Amerika-ekspert og professor Benedicte Bull frå SUM på UiO fekk i oppgåve å vurdera kva effekt valet av Lula da Silva som ny president i Brasil ville ha å seia for regnskogen i Amazonas.

– Eg er optimist når det gjeld to ting. Det eine er regnskogen i Amazonas og gjenetableringa av institusjonane og partnarskapen med Noreg og andre aktørar for å vera i stand til å ta tak i og slå ned på illegal utnytting av regnskogen, sa ho.

Ho minna om at det har vore ei avskoging på 70 prosent i dei åra Jair Bolsonaro har vore president.

– Den andre store saka for Lula var å ha nulltoleranse overfor svolt. Det var også slagordet hans under den første valkampen hans, då han kom til makta i 2002. Så han må gjera noko med fattigdomen i dei aller fattigaste delane av Brasil. Og eg er optimist, for han har gode alliansepartnarar både i og utanfor landet, sa Benedicte Bull.

TAKKA: Kronprins Haakon takkar forskar Tumaini Malenga frå Malawi, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim og SUM-professor Benedicte Bull etter at paneldebatten er over.  (Foto: Ola Gamst Sæther) 

• Les meir om SUM og verdas framtid i Uniforum: 

Kanskje blir det likevel ikke noe "bærekraftssenter" på Nedre Blindern

SUM vil bygges ut til Oslo Bærekraftsenter, Hessen vil heller bygge det opp fra scratch

Unge forskarar håpar ei klimavennleg verd er mogleg

Vitenskapsakademiene i Europa kommer med 16 grep for å redde jorden

UiO anbefales om ikke å gå inn i  prosjekter som ikke er bærekraftige

Bier og humler skal reddast for å redda oss

Sveinung Rotevatn: Menneskeleg påverknad er årsaka til klimaendringane

FNs klimapanel advarer mot dramatiske klimaendringer

KRONIKK: Regjeringens klimamelding til Stortinget skjønnmaler Norges klimapolitiske situasjon

KRONIKK: Store vegetasjonsbranner følger av klimaendringene

The Lancet-rapport: Tiltaka mot pandemien og klimaendringane må hengja saman

Emneord: SUM, FN, Afrika, Latin-Amerika, Asia Av Martin Toft
Publisert 31. okt. 2022 19:06 - Sist endra 1. nov. 2022 10:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere