Unge forskarar håpar ei klimavennleg verd er mogleg

Fire unge doktorstudentar fekk æra av å vera først ute på UiOs minifestival «Ein ny start» i dag. På ein debatt i Klimahuset gav dei alle uttrykk for håp om at ei ny og berekraftig verd kan vera mogleg.

Ei kvinne sit ved eit bord der det er plassert vasskaraffel og glas og krus

GÅR UNDER: – Vindkrafta kan føra til at den sørsamiske reindrifta går under, frykta doktorstipendiat Susanne Normann ved SUM.

Foto: Ola Gamst Sæther

Minifestivalen starta med ein debatt om teknologi me har og som kan driva verda framover i ei grøn lei, men kvifor det likevel er så vanskeleg å ta den i bruk. Dei fire unge doktorgradssstudentane frå UiO Christian Palacios Haugestad, Susanne Normann, Christina Nadeau og Halvor Høen Hval fekk i oppdrag frå debatttleiar Torkjell Leira å gi oss svaret på det. 

– Kan kommunisera klimakrisa betre

Christian Palacios Haugestad er doktorstipendiat på Psykologisk institutt ved UiO. Han skreiv ei masteroppgåve om skulestreik for klima.

– Eg begynte på psykologi nettopp fordi eg var interesserte i klimaløysingar. No forskar eg på korleis kjensler kan engasjera folk i klimakrisa. Denne kunnskapen kan me bruka til å kommunisera klimakrisa betre, meinte han.  

Christina Nadeau er stipendiat ved Senter for biogeokjemi i Antropocen, UiO, og ser på vippepunkt i natur, klima og samfunn.

– Eg er opptatt av klimaendringar og korleis menneska passar inn. På UiO forskar eg på korleis ein kan passa på å få dei naturlege tinga til å passa inn i samfunnet, fortalde ho. 

Utviklar framtidas batteriteknologi

Halvor Høen Hval er stipendiat på Kjemisk institutt ved UiO og forskar på framtidas batteri. 

– Eg drog først til Danmark og forska på nanoteknologi. Eg har hatt som drivkraft å jobba med fornybar teknologi. Og så fekk eg doktorgradsstipend for å jobba med batteri, slik at alle etter kvart kan varma opp kaffien på nattas vind, smilte han. 

– Elbilar er også i vinden, og no jobbar eg med å utvikla materiale som kan erstatta dagens batteriteknologi, fortalde han.

– Har sett på inngrep mot urfolk

Den siste deltakaren i debatten Susanne Normann er stipendiat ved Senter for utvikling og miljø på  UiO, og er forskar II ved Nordlandsforskning.

– Eg var først på psykologi og fekk etter kvart doktorgradsstipend på SUM der eg arbeider med klimapsykologi. Men eg har også bak meg fleire opphald i Mellom-Amerika, og eg har sett på korleis inngrep som aluminiumsindustri har påverka urfolket i Brasil og korleis vindkraft har påverka reindrifta til urfolk i Noreg, samar i Trøndelag og i Nordland, fortalde ho.

– Gir ikkje dei vaksne skulda 

Så fekk Christian Palacios Haugestad ordet for å forklara meir om skulestreikar for klima.

 

MEISTRINGSTRU: – Det er viktig å undersøkja om klimaangst kan føra til handling, men handling føreset meistringstru, nemleg ei kjensle  av at det ein gjer har noko å seia., sa stipendiat Christian Palacios Haugestad ved Psykologisk institutt. (Foto Ola Gamst Sæther)

– Dei skulestreikande ser ikkje på klimakrisa som noko som vedgår den enkelte, men noko som alle må vera opptekne av og finna løysingar på saman. Dei gir heller ikkje dei vaksne skulda for klimakrisa, slo han fast.

Han viste også til at for deltakarane i skulestreikane er det viktig å vera saman om noko.

– Dei ser at det dei gjer nyttar og at klimadebatten dermed kjem høgare opp på agendaen, hadde han funne ut. 

– Det er viktig å undersøkja om klimaangst kan føra til handling, men handling føreset meistringstru, nemleg ei kjensle  av at det ein gjer har noko å seia. Så det kan vera viktig å kjenna på denne uroa, men det er viktigare å kjenna at det ein gjer har noko å seia, slo han fast.  

– No er me på  vippepunktet

For Christina Nadeau var det viktig å få fram at klimaendringane allereie er i gang og at utsleppa gjer klimaet ustabilt.

 

MÅ BEGYNNA I DAG: – Alle snakkar om kutt i utsleppa om 20 år. Me må begynna i dag, meinte doktorstipendiat Christina Nadeau ved Senter for biogeokjemi i Antropocen på Institutt for biovitskap ved UiO. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– No er me på vippepunktet. Alt som me kjenner i dag vil endra seg.  Vippepunktet fører til at me må gå frå eit punkt A til eit punkt B. Det vil seia at me skiftar til eit miljø som er betre for oss. Derfor må me finna vegen til punkt B, meinte ho. 

Christina Nadeau er klar over at for mange ville dette sjå ut som heilt umogleg å få til. 

– Det sa dei då Noreg innførte Røykelova også. Då var mange imot, men ein månad etter innføringa var alle for. Det viste at den fungerte, trekte ho fram.

– Me må bruka batteria om igjen

Halvor Høen Hval viste til korleis fornybar energi dominerte i Noreg i dag på grunn av vasskrafta.

– I resten av verda har solenergi blitt billegare og billegare og fører til at det grøne skiftet skjer. Grunnen er at kundane sparar pengar på det, var svaret hans på det. Og han drog også fram utviklinga av elbilane.

– Utviklinga av litiumbatteri gjorde at elbilane blei svært konkurransedyktige. Snart blir batteria også endå mindre, varsla han. Likevel åtvara han mot å tru at batteriutviklinga ville gå rett til himmels.

– Me må vera meir medvitne på dei batteria me brukar og bruka dei om igjen. Det blir nytta sjeldne mineralar  som kobolt i dei. Derfor må me bruka resirkulerte batteri, meinte han.

– Vindkrafta kan føra til at reindrift går under

 Susanne Normann åtvara mot å vera oss sjølve nærmast og ikkje tenkja på fylgjene for folk andre stader i  verda.

– Kven ber børa for det grøne skiftet? Vil me berre tenkja på oss sjølve og ikkje vera opptekne av dei som kan mista livsgrunnlaget sitt, spurte ho. Så viste ho til sørsamane i Fosen som står i fare for å mista reinbeita sine på grunn av utbygginga av Nord-Europas største vindmøllepark og derfor har gått til sak mot norske styresmakter.

– Høgsterett avsluttar behandlinga av den saka i dag. Media er ikkje opptatt av den  saka, og det er heller ikkje debatt om den. Vindkrafta kan føra til at den sørsamiske reindrifta går under, frykta ho.  Men Susanne Normann såg samtidig at verdssamfunnet lyttar meir til urfolka i dag enn tidlegare.

– I dag vert det anerkjent at dei lever tett på ressursane og at ein del av kunnskapen deira er relevante for å løysa klimautfordringane. 

– Skjegget i oljefatet

Også Halvor Høen Hval peika på  ein del optimistiske teikn.

 – Me kan ikkje bruka litium i batteria til evig tid. Men det er faktisk også mogleg å bruka natrium som finst i havet og som altså er tilgjengeleg for alle land med kyst. Effekten er ikkje så god, men dei fungerer, garanterte han.

– Me må vera meir medvitne på dei batteria me brukar og bruka dei om igjen, var oppfordringa frå doktorsitpendiat Halvor Høen Hval frå Kjemisk institutt ved UiO. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

 

Hval hadde også ein bodskap til Noregs framtidige statsminister.

– Eg oppfordrar deg til til å tenkja lenger enn til din eigen nasetipp og ikkje sitja igjen med skjegget i oljefatet. 

Også Christian Palacios Haugstad kom med eit godt råd til den framtidige statsministeren.

 – Det er viktig ikkje å gå i feil retning. Dessutan må de snakka om elefanten i Nordsjøen.

– Må begynna i dag

Og Christina Nadeau meinte det ikkje var noko tid å mista.

– Alle snakkar om kutt i utsleppa om 20 år. Me må begynna i dag.For det er lett å halda seg til eit system som fungerer for menneska i dag, men me må endra det,meinte ho.

Susanne Normann var heilt sikker på at Universitetet i Oslo og rektor Svein Stølen også kunne gjera ein innsats. – Dei må bruka den akademiske fridomen innanfor det grøne skiftet. Og framtidas statsminister må syta for at målet om å verna arbeidsplassane våre ikkje går utover andre samfunn, var bodskapen hennar.

OPNA FESTIVAL: UiO-rektor Svein Stølen opna minifestivalen på Klimahuset i dag tidleg. I bakgrunnen paneldeltakarane i debatten "Grønn Morgen, Norge.". (Foto: Ola Gamst Sæther) 

 

 

 

Emneord: Klima. Miljøpolitikk Av Martin Toft
Publisert 31. aug. 2021 16:10 - Sist endra 1. sep. 2021 16:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere